universitetet i bergen

Krav om at rektor Olsen i Bergen må gå av. Rektor sjølv seier nei

Forskerforbund-leiar Steinar Vagstad ved UiB meiner Dag Rune Olsen må trekke seg frå stillinga etter at han har fått ny rektorjobb i Tromsø. Men Olsen sjølv vil verta sittande.

Det ryddigaste er at Dag Rune Olsen trer av med ein gong, seier Steinar Vagstad i Forskerforbundet.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Onsdag vart det kjent at Dag Rune Olsen er tilsett som rektor ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT) frå 1.august. Per i dag er Olsen valt rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), fram til same dato.

Spørsmålet er kva som skjer no: Skal Olsen, som også er styreleiar ved Universitetet i Bergen og leiar i Universitetes- og høgskolerådet (UHR) framleis sitja i førarsetet ved UiB?

Ja, meiner rektor sjølv, Dag Rune Olsen.

Nei, meiner Forskerforbundet.

— Det einaste ryddige er at Olsen trer tilbake som rektor med ein einaste gong, seier lokallagsleiar Steinar Vagstad til Khrono torsdag føremiddag.

Olsen blir sitjande

Olsen sjølv vil ikkje trekkja seg.

— Eg byrjar ved UiT 1.august, og det er same tid som eg sluttar ved UiB. Men det vil vera viktig at eg ikkje stiller meg sjølv eller organisasjonen i situasjonar der det vil vera tvil om habiliteten min, seier Olsen.

Han seier at habilitet er noko ein leiar alltid pliktar å vurdera, men at denne saka kan krevja noko meir.

— I denne saka har eg forslag om at ein må sjå på nokre andre mekanismar for å sikra at ein ikkje kjem i interessekonflikter, seier Olsen.

— Det vil eg konsultera styret mitt om.

Han nemner det såkalla BOTT-samarbeidet, som er UiB, UiT, NTNU og Universitetet i Oslo (UiO) sitt samarbeid, i hovudsak om administrative tenester, som ei sak der han no vil kunne verta inhabil.

— Og dersom UiB og UiT har ulike syn på styringsmeldinga som kjem til våren, vil der kunne vera ei interessekonflikt.

Motsetnader

Fagforeingsleiar Steinar Vagstad er svært tydeleg andre vegen:

— UiB er ikkje ein liten arbeidsplass - det er ikkje ei pølsebu, men eit konsern med tusenvis av tilsette. No har toppleiaren fått jobb i ei konkurrerande verksemd.

Han viser til kva som hadde skjedd dersom det til dømes hadde vore ein bankleiar som gjekk til ein annan bank, og seier at det aldri hadde vore snakk om noko anna enn at ein trekte seg frå den stillinga ein kom frå.

— Ja, UiB og UiT har mange samanfallande interesser. Det kan to bankar òg seia at ein har. Men det som er interessant er sakene der det er motsetnader, seier Vagstad, og nemner kamp om forskingsmidlar, kamp om studentar og kamp om departementet sin gunst.

Uro då Olsen søkte NTNU

For vel eit år sidan stod Dag Rune Olsen på søkjarlistaNTNU-rektor Gunnar Bovim brått trekte seg. Det skapte uro. Olsen offentleggjorde kandidaturet sitt via Khrono, same dag som søknadsfristen gjekk ut.

Det førte til at dekanane sendte e-post til rektor dere dei uttrykte si overrasking og ba Olsen gjera greie for konsekvensane for Universitetet i Bergen framover.

— Det ville vore naturleg og ryddig at uavhengige juristar foretok ei juridisk vurdering av situasjonen fram til rektortilsettinga ved NTNU er klar, sa dekan Helge Dahle frå Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet den gongen.

Saka var òg oppe til handsaming i universitetsstyret etter at søknaden var kjent. Styret sendte saka til departementet og ba om vurdering på fire konkrete punkt: Ville Olsen vera habil til å fungera som leiar av styret, til å kunne delta i handsaming av enkelte styresaker, til å fungera som rektor mellom møta og styret og til å handsama saker mellom møta i styret.

Meiner han burde trekt seg i fjor

— Eg meiner Olsen burde trekt seg allereie då det vart kjent at han søkte stillinga ved NTNU, seier Vagstad.

Han peikar på at som rektor er Olsen involvert i mange uformelle saker og har mange uformelle møte. Og kven representerer ein då, om ein er knytt til to institusjonar?

— Eg lurer jo på om UiB er representert i Universitets- og høgskulerådet (UHR) det neste halvåret, eller om UiT har to representantar, seier Vagstad tørt i det Dag Rune Olsen i dag er leiar av det felles nettverket for universitet og høgskular i landet.

Dekan vil ikkje kommentera

— Me er veldig glade for at Dag Rune Olsen har fått denne jobben, og ønskjer han lukke til. Når det gjeld hans vidare rolle ved UiB, er det ei sak for styret, seier Helge Dahle no.

— Så har eg sjølvsagt mine tankar om kva som er klokt og ikkje klokt, men dei held eg for meg sjølv.

Rektor Dag Rune Olsen er på veg ut. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har siste arbeidsdag ved UiB 18.12. Prorektor Margareth Hagen ønskjer å verta ny rektor.

Prorektor kan overta

UiB skal velja rektor til våren, og to kandidatar har allereie meldt seg: Prorektor Margareth Hagen og viserektor for utdanning Oddrun Samdal. Olsen viser til valet, og seier det vil vera naturleg med ei utfasing av sitjande leiing når ny rektor er valt.

I pressemeldinga som vart sendt ut frå UiT onsdag, heiter det at Olsen vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å endra styringsmodellen ved UiT. Frå 1.august skal universitetet gå over frå valt rektor og styreleiar til tilsett rektor og ekstern styreleiar, og detaljane samt samansetjing av den nye universitetsleiinga skal verta avklart av styret komande år.

Dersom Olsen vel å trekkja seg før august, vil det vera prorektor som tek over. Men kven som vil verta ny prorektor, eller om det vil verta ny prorektor i det heile, er uklårt.

— I universitets- og høgskulelova heiter det at styret kan vedta at prorektor tek over dersom det er mindre enn eitt år att av rektor sin tilsetjingsperiode, seier Roald Hopsnes.

Han er førsteamanuensis i juss ved UiB.

Uklart rundt prorektor

Men det står ingenting om kven som eventuelt vil verta ny prorektor.

— Truleg vil ein få ein periode med berre viserektorar, seier Karl Harald Søvig.

Han er jussprofessor, sat i utvalet som jobba med ny Universitets- og høgskulelov, og i tillegg dekan ved Det juridiske fakultetet.

Då det vart kjent at Olsen hadde søkt stilling ved NTNU, sa Søvig at det ryddigaste var at Olsen gjekk av ved UiB om han fekk stillinga. No ønskjer ikkje Søvig å svara på om Olsen bør gå av sidan han har fått ny rektorjobb ved UiT.

— Eg seier gjerne noko om det, men det vil eg seia til rektor. Som dekan vil eg ikkje gå ut i Khrono og meina noko om dette, seier Søvig.

Skilje mellom offentleg og privat

Hopsnes seier at om Olsen bør gå eller ikkje, er eit meir politisk enn juridisk spørsmål.

— Men det ligg eit potensiale her for at det kan oppstå situasjonar med habilitets-problematikk.

Samstundes seier Hopsnes at det er skilnad mellom privat og offentleg sektor.

— Ja, Olsen skal inn i ei ny stilling, men no er han her. Det er, slik eg skjønar det, ingen mistanke om at han ikkje er oppteken av UiB sitt ve og vel. Dersom han og styret ikke vert enige om noko anna, så vert han sitjande. Så kan prorektor kanskje få ei meir aktiv rolle.

Det er store utskiftingar på gang i leiinga ved UiB: Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har siste arbeidsdag før jul og ein ny direktør, Robert Rastad, tiltrer på nyåret. Kommunikasjonsdirektør Tor Godal har nyleg takka for seg for å verta nyheitsredaktør i avisa BA. Og tre av pro- og viserektorane i leiinga skal inn i ein valkamp om den nye rektorstillinga. Rektorvalet vert halde i slutten av mars.

Powered by Labrador CMS