Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
stilling
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Kommunikasjonsdirektør Tor Godal ved Universitetet i Bergen gir seg etter vel to år i jobben. Han går til stilling som nyheitsredaktør i Bergensavisen. Dette skriv UiB i ei pressemelding.
I pressemeldinga seier Godal at han den siste tida har hatt valet mellom to draumejobbar, og at valet ikkje har vore enkelt.
No går han altså attende til journalistikken. Godal kom frå TV2, der han mellom anna har vore redaksjonssjef for aktualitetsavdelinga og for samfunnsavdelinga.
— Det har ikkje vore tid til å sakna journalistikken, seier Godal til Khrono,
— Eg har hatt fantastiske år ved UiB, eg har lært mykje nytt og me har gjort mykje. Men då BA tok kontakt var det umogleg å seia nei, seier Godal, og undertrekar at han ikkje har søkt ei stilling i BA.
Han peikar på utfordrarsituasjonen som noko han trivst svært godt med.
— Det hadde eg i 20 år i TV2, som konkurrerte med NRK, og det har BA i forhold til BT.
— No vil du ha informasjon om mange saker som kan vera interessante for journalistar. Korleis skal du handtera det?
— I saker eg kjenner til har eg sjølvsagt lojaliteten min der eg jobba då eg hadde oppdraget, seier Godal.
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm seier i pressemeldinga at Godal har gjort ein stor jobb med å utvikla kommunikasjonsfeltet ved UiB.
Då Godal vart tilsett, hadde stillinga som kommunikasjonssjef vore lyst ut ut to gonger etter at Ingar Myking gjekk frå stillinga hausten 2017. Godal var hemmeleg søkjar då han vart tilsett sommaren 2018.
Den siste tida har den såkalla tyskarvits-saka vore mykje omtala, først i Khrono. Advokat Birthe Eriksen har kritisert kommunikasjonsarbeidet ved UiB.
Godal ønskjer ikkje å seia noko om denne saka.
— Men alle som har hatt noko med den saka å gjera har nok mange læringspunkt, seier han.
Han seier òg at han tek på største alvor saker der UiB sitt omdøme kan verta skada.
Godal har tre månaders oppseiingstid ved UiB. Han seier at nøyaktig sluttdato ikkje er bestemt endå.
Nylige artikler
Holbergprisvinner: — Det finnes intellektuelt liv også utenfor universitetet
Holbergprisen til historiker. Psykolog får Nils Klim-prisen
Dæven, det e’ sosiologi det her!
Symbolpolitikk om kvantesatsing fra nordiske statsministre
Norge klatrer på akademisk frihet-indeks. Men i USA er det krise. — Alarmerende
Mest leste artikler
Klart best kvalifisert, ifølgje fagekspertane. Vraka til fordel for intern kandidat
Professoren som hjelper akademikere ut av konfliktområder på fritiden
Store deler av artikkelen var plagiat: — Ikke veldig alvorlig
Sensor reagerte på «uvanlig utsmykket og sterkt polert» språk
Langt flere får A i Oslo enn i Bergen og Tromsø. — Sensureres snillere