Dag Rune Olsen innrømmer at han burde ha informert dekanane sine om at han søkte rektorstillinga ved NTNU. Foto: Siri Øverland Eriksen
Dag Rune Olsen innrømmer at han burde ha informert dekanane sine om at han søkte rektorstillinga ved NTNU. Foto: Siri Øverland Eriksen

Uro rundt rektor Olsens jobbsøknad

Organisering. Dekan Helge Dahle ønsker ekstern vurdering av situasjonen ved Universitetet i Bergen etter at rektor Dag Rune Olsen har søkt rektor-stillinga ved NTNU. Olsen viser til Kunnskapsdepartementet.

Rektor Dag Rune Olsens søknad på rektorstillinga ved NTNU, har skapt uro, diskusjonar og spekulasjonar i og rundt toppleiinga ved Universitetet i Bergen.

— Eg blei overraska då eg las i Khrono at Dag Rune Olsen hadde søkt rektorjobben på NTNU, seier dekan ved Det matematisk-naturfaglege fakultet ved Universitetet i Bergen, Helge Dahle.

— Samstundes forstår eg godt at Dag Rune (Olsen red.mrk) ser framover og at stillinga ved NTNU er attraktiv, og at han derfor valde å søke rektorjobben, legg han til.

Det ville vore naturleg og ryddig at uavhengige juristar foretok ei juridisk vurdering av situasjonen fram til rektortilsettinga ved NTNU er klar.
Helge Dahle
Dekan, Universitetet i Bergen

Den sittande rektoren ved UiB lanserte sitt kandidatur ved NTNU via Khrono same dag som søknadsfristen gjekk ut. Olsen hadde då framleis to år igjen av sin periode som vald rektor og styreleiar ved Universitetet i Bergen.

Dekanane ikkje informerte

Dei sju dekanane ved Universitetet i Bergen, som også er ein del av rektor Olsen si leiargruppe, var ikkje informerte om søknaden på førehand. Olsen sin jobbsøknad stod heller ikkje på dagsorden på styremøtet ved UiB 31.oktober, men styret tok eige initiativ og diskuterte saka bak lukka dører.

Etter det Khrono kjenner til handla det meste av styrediskusjonen om habilitet. NTNU og Universitetet i Bergen er det som i andre samanhengar ville blitt kalla «konkurrerande verksemder». Vanlegvis trekker toppleiarar seg på dagen dersom det blir kjent at dei er aktuelle for ny leiarjobb hos konkurrenten.

— Eg hadde ønskt meg at styret ved UiB forfulgte saka meir og bestilte ei ekstern vurdering av situasjonen. Det ville vore naturleg og ryddig at uavhengige juristar foretok ei juridisk vurdering av situasjonen fram til rektortilsettinga ved NTNU er klar, seier dekan Dahle, som saman med dei seks andre dekanane ved Universitetet i Bergen sendte ein epost til rektor Olsen der dei uttrykte si overrasking og ba Olsen gjere greie for konsekvensane søknaden har for UiB framover.

Trur ikkje på «lame duck»

— Men kva viss han ikkje får jobben ved NTNU? Det vil også ha noko å seie for UiB med to år med ein «lame duck»-leiar?

— Eg trur ikkje vi får ein «lame duck»-leiar dersom Dag Rune ikkje blir rektor ved NTNU. Både rektor og dekangruppa er profesjonelle, og vi vil vere lojale til strategien UiB har lagt ut denne valperioden.

Til Khrono sa rektor Olsen at han ikkje hadde vurdert detaljar rundt kva som vil skje i leiinga ved Universitetet i Bergen, dersom han som rektor og styreleiar skulle ville slutte før perioden hans går ut 21.juli 2021.

— Denne utlysinga på NTNU kom jo litt overraskande på oss, men det er no denne sjansen er her, så då grip eg den, sa Olsen då søknadsfristen gjekk ut 11.oktober. Han viste til universitets- og høgskulelova som har reglar for slikt, sa han den gongen.

Men etter dette har universitetet kome fram til at det må bli eit nyval dersom rektor forsvinn ut i ny jobb i januar. Og inntil valet er klart, vil prorektor Maragareth Hagen bli konstituert som rektor. Om valet vil gjelde berre ut Olsens rektorperiode til 31. juli 2021 eller til ut neste periode til 2025 er enno ikkje klart.

Ein må våge å stå i sånne saker. Gjer ein ikkje det, har ein kanskje ikkje det formatet som trengs for å vera toppleiar.
Dag Rune Olsen
Rektor UiB

Seier han burde varsla

Dag Rune Olsen sjølv seier at han burde varsla dekanane om at han hadde søkt stillinga i Trondheim.

— Kvifor gjorde du ikkje det?

— Eg sendte søknaden berre minutt før nettsida der ein skulle søkje, stengde. Så varsla eg dei næraste medarbeidarane mine på Muséplassen, men eg burde varsla dekanane òg, seier Olsen.

— Kva tenkjer du om å få ei ekstern juridisk vurdering?

— Eg har har bede Rolf Larsen, som er avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet, om ei habilitetsvurdering, seier Olsen.

— Staten styrer universiteta gjennom styra, og då må styret ha tiltru til at eg kan styra på ein god måte. Dette vart diskutert i styremøtet, og konklusjonen var at eg er habil. Men samstundes kan det koma saker der UiB og NTNU vil vera i ein konkurransesituasjon, seier Olsen.

Per Michael Johansen, som er rektor ved Aalborg Universitet, trekte seg frå søkjarlista til NTNU-stillinga, og grunngav dette med at det hadde vorte støy i eigen organisasjon.

— Er det støy ved UiB?

— Det vert nok diskutert at eg har søkt, og det er ikkje så rart. Samstundes var eg klar på at dersom eg skulle søkja, skulle det gjerast offentleg. Ein må våga å stå i sånne saker. Gjer ein ikkje det, har ein kanskje ikkje det formatet som trengs for å vera toppleiar, seier Olsen.

Skilje mellom lov og klokskap

— Ein må skilje mellom kva som er lovleg og kva som er klokt, seier Karl Harald Søvig.

Han er dekan ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, og juss-professor. I denne samanhengen uttalar Søvig seg som professor. Han sit dessutan i utvalet som skal revidere universitets- og høgskulelova.

— Dag Rune Olsen vil ha tre månaders oppseiingstid, men ein kan bli samde om at denne tida kan vere kortare. Då vil han kunne slutte tidlegare, og heller ikkje få løn ut oppseiingstida, seier Søvig, og legg til:

— I ein slik situasjon som dette vil det vere veldig naturleg at han går på dagen. I prinsippet kan ein tenkje seg at ein kan få andre oppgåver i ein oppseiingsperiode, men det er ikkje så lett når ein er valt som rektor, seier han.

Ingen ombodsplikt

Nokre stader har ein ei ombodsplikt. Det betyr mellom anna at dersom ein er folkevalt i ein kommune eller på Stortinget skal det mykje til før ein kan gå før valperioden er ute.

— Dette er noko ein kan diskutere for ein valt rektor, men vi har per idag ikkje lovreglar som pålegg ei ombodsplikt for rektorar, seier Søvig.

— Er dette noko dei diskuterer i arbeidet med å revidere lova?

— Vi brukar ikkje å seie noko detaljert om kva vi drøftar og ikkje, men vi har fått eit breitt mandat, og ser òg på rektor si rolle, seier Søvig.

Khrono veit at ikkje alle dekanane er nøgde med prosessen ved UiB. Men alle er heller ikkje kritiske til situasjonen.

— Vi ser at det er nokre sider ved dette som bør diskuterast. Mellom anna handlar det om at NTNU og UiB er i eit konkurranseforhold på ei rekkje område. Og det er praktiske utfordringar med ein eventuell overgangsperiode, seier Jørgen Sejersted, dekan ved Det humanistiske fakultetet.

— Eg meiner at dette ikkje er noko å setje himmel og jord i bevegelse for, og meiner òg at det er heilt naturleg at Olsen søkjer denne stillinga, seier han.

Dekan Jan Erik Askildsen ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet seier at rektorsaka er styret si sak.

— Visste du at Olsen hadde søkt stillinga i Trondheim?

— Nei. Men det er styret som i så fall burde spurt etter den informasjonen.

NTNU vil tilsette 8.januar

Så langt går NTNU sin tilsetjingsprosess etter planen. Det betyr at det kan bli tilsetjing av rektor allereie 8.januar. Målet med det er at den nye rektoren kan kome og vere tilstades på eit leiarseminar som NTNU tradisjonelt har kvar januar på Oppdal.

Fakta

Innstillingsutvalet

Svein Richard Brandtzæg,

Kristin Melum Eide, tilsettrepresentant i styret

Lisbeth Aune, representant for arbeidstakarorganisasjonane

Øystein Moen, representant for arbeidstakarorganisasjonane

Åste Solheim Hagerup, representant for studentane

I tillegg bistår hodejegerer frå rekrutterings- og konsulentselskapet Experis i prosessen.

— Innstillingsutvalet vil ta den tida dei treng for å få valt den rette personen. Vi jobbar no aktivt i dette utvalet og har møte heile vegen. Det er så mange dyktige søkjarar, så det betyr jo at det vert meir arbeid, men det er vi glade for.

Svein Richard Brandtzæg er styreleiar ved NTNU. Han vil ikkje seia kor mange som skal til rektorintervju. Foto: Ragnhild Vartdal
Svein Richard Brandtzæg er styreleiar ved NTNU. Han vil ikkje seia kor mange som skal til rektorintervju. Foto: Ragnhild Vartdal

Det seier NTNU sin styreleiar Svein Richard Brandtzæg.

Dag Rune Olsen har tidlegare sagt at han har fått signal om at han skulle verta kalla inn til samtale. No har han hatt denne samtalen, seier han.

— Vert det fleire samtalar?

— Eg har fått signal om det. Det kan eg seie.

Brandtzæg seier at det vert ein andre runde med andre typar intervju.

— Eg vil ikkje stadfeste det som stod i Universitetsavisa om at det er fem kandidater som no har gått videre. Dette er ei avgjerdsle innstillingsutvalet vil ta i fred og ro.

Ifølgje opplysningar som kom fram under NTNU sitt styremøte 31. oktober kan det vere snakk om eit ekstraordinært styremøte i samband med tilsetjing av ny rektor.

— Vi skal ha styremøte i samband med Oppdal-seminaret. Dersom prosessen tillet det, så håper vi at vi kan få til eit ekstraordinært styremøte som gjer at den nye rektoren kan delta på dette seminaret. Men i dag er dette heilt ope, for vi må ta den tida vi treng og gjere det vi meiner er naudsynt. Å tilsetje ein rektor er noko av det viktigaste vi som styre gjer, seier Brandtzæg.

Meiner det er legitimt å leita

Dag Rune Olsen er valt rektor ut juli 2021. Han seier han er samd med Søvig i at det er vanskeleg å vera rektor ved UiB dersom det er kjent at han er tilsett ved NTNU.

— Den oppseiingstida eg har er knytt til professorstillinga mi. Men eg bør ikkje vera styreleiar ved ein institusjon når eg skal leia ein annan.

— Korleis vert det dersom du ikkje får jobben?

— Då får eg ikkje jobben. Og då har eg ei stilling eg sit i fram til den perioden er over. Men så lenge ein har ei stilling med ein sluttdato, meiner eg det er legitimt å sjå seg om etter andre gjeremål.

Søkjarlista til rektor-stillinga

Navn Alder Nåværende stilling Kommune Kjønn
Syed Toqueer Akhter52Jobbsøker/studentOsloMann
Thorbjørn Gaarder64Chief Credit Officer – Dominion BankOsloMann
Anne Borg61Konstituert rektor - NTNUTrondheimKvinne
Per Michael Johansen59Rektor – Aalborg UniversitetAalborgMann
Rudranarayan B31Supervisor - AIIMSNew DelhiMann
Monica Rolfsen53Dekan - NTNUTrondheimKvinne
Dag Rune Olsen57Rektor – Universitetet i BergenOsloMann
Tor Grande56Professor/prodekan – NTNUTrondheimMann
Søker unntatt offentlighetKvinne
Søker unntatt offentlighetMann