Dag Rune Olsen blir ny rektor ved UiT

Noverande rektor ved Universitetet i Bergen skiftar snart vestlandsbyen ut med Nordens Paris.

Dag Rune Olsen kan feire både ny jobb og UiB sitt tilslag i Forskingsrådet denne onsdagen.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetsstyret har i sitt møte i dag valt å tilby Dag Rune Olsen stillinga som rektor ved UiT Norges arktiske universitet. Det skriv universitetet sjølv i ei pressemelding.

Styreleiar og noverande rektor Anne Husebekk, er svært glad for at Olsen ønskjer seg til stillinga.

— Det var sterk konkurranse om stillinga, med fire sterke søkarar. Dag Rune har ei svært relevant og brei erfaring både nasjonalt og internasjonalt, og eg er heilt sikker på at han vil bli ein god leiar av UiT, seier Husebekk.

Fakta

Dag Rune Olsen

Olsen har vore rektor ved Universitet i Bergen (UiB) frå 2013.

Han var dekan ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved UiB i perioden 2010–2013.

Olsen har også vore forskingssjef ved Radiumhospitalet i Oslo og er professor i medisinsk fysikk.

Hans forskingsfelt er strålebehandling og kreft. Han har publisert over 120 vitskapelege artiklar i internasjonale, fagfellevurderte tidsskrift, i tillegg til bokkapittel og populærvitskapelege arbeid.

Olsen har brei internasjonal erfaring og har hatt ei rekke internasjonale verv, arrangert fleire internasjonale møte og konferansar og vore medlem av redaktørråd i fleire internasjonale fagtidsskrift.

Dag Rune Olsen er tildelt Klaas Breur-prisen for si forsking (2008) og er innvalt i Academia Europaea (2011) og Norges Teknisk Vitenskapsakademi (2013).

Han er for tida styreleiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR), er nestleiar i styret for The Centre for Advanced Study (CAS) og er medlem av the European University Association (EUA)`s Research Policy Working Group.

Har allereie bestemt seg for å takke ja

Olsen er sjølv entusiastisk og klar for nye utfordringar ved UiT, etter å ha vore ordknapp tidlegare på dagen.

— Først av alt vil eg takke universitetsstyret for tilliten, og eg har allereie bestemt meg for å takke ja til rektorstillinga, seier Olsen i pressemeldinga.

Han er både audmjuk og forventningsfull og ser fram til å bli den nye rektoren ved UiT, seier han.

Olsen blir tilsett for ei periode på fire år og vil tiltre stillinga 1. august 2021.

Styringsmodellen ved UiT vil frå og med same dato bli endra frå todelt til einskapeleg leiing.

Detaljane i styringsmodellen og samansetninga av den nye universitetsleiinga skal avklarast av styret komande år. I arbeidet skal Olsen ha ei sentral rolle.

Usikkert om Olsen fråtrer i Bergen

Med det blir Olsen den første rektoren i Noreg som både har vore valt og no blir tilsett rektor ved eit universitet.

Det er ikkje bestemt om Olsen fråtrer som rektor ved Universitetet i Bergen med det same, eller om han vil halde fram til han skal starte i Tromsø.

— Dette var heilt nytt i dag, så vi treng litt tid på å områ oss. Så dette vil vi kome tilbake til, seier universitetsdirektør ved UiB, Kjell Bernstrøm.

— Det er klart eg er skuffa

Prorektor Kenneth Ruud, som også søkte på rektor-stillinga, er skuffa over at valet ikkje landa på han.

— Det er klart eg er skuffa. Eg søkte fordi eg hadde lyst på jobben og fordi eg ville gjere ein innsats vidare for UiT. Men back-up-planen er også veldig attraktiv, men no må eg bruke litt tid på å omstille hjernen. Men det går nok fint, seier Ruud til Khrono.

Ruud var nemleg ein av dei få heldige som fekk tilslag på sin søknad til Forskingsrådet onsdag.

— Det var eit lyspunkt no før jul. Det er også oppløftande at eg framleis er i forskingsfronten som gjer at ein kan nå fram i ein slik konkurranse, seier Ruud.

Prorektor Kenneth Ruud seier han gler seg til å ha fokus på ein og ikkje to jobbar framover.

I heile perioden som prorektor har Ruud også drive med forsking, som nestleiar for Hylleraas Centre for Quantum Molecular Sciences, som er eit senter for framragande forsking (SFF).

— Det ligg i planen at eg skal ta over som leiar i løpet av 2023. Det blir gøy å kome tilbake til faget og ha fokus på ein og ikkje to jobbar samstundes, seier Ruud.

Ruud set pris på det rektoratet han framleis er ein del av og det dei har fått til ved UiT. Likevel trur han det er godt for institusjonen å få nye perspektiv på institusjonen og korleis den kan utvikle seg vidare, seier han.

— Dag Rune har lang erfaring frå sektoren, både som leiar for UiB og andre leiarposisjonar. Det er ein rutinert og dyktig rektor universitetet no får. Eg vil berre gratulere han med jobben! seier Ruud.

— Forventningane er store

Lederen for studentparlamentet ved UiT, Herman Siggerud, seier han er glad for at valet landa på Dag Rune Olsen.

— Eg vil først og fremst berre gratulere Dag Rune! Det var mange gode kandidatar og uansett kven som hadde blitt tilsett, så trur eg det ville blitt fire nye gode år ved UiT. Likevel er eg glad for at det vart Dag Rune, etter å ha sett kva han gjer i dei internasjonale nettverka og kva han har gjort med tanke på berekraft ved UiB. Eg trur dette blir bra, seier Siggerud til Khrono.

Siggerud seier studentane ved UiT har store forventningar til Olsen.

— Det er ein ting det ikkje skal vere tvil om, studentane ved UiT skal vere med i leiargruppa her, slik er det berre, seier Siggerud og viser til diskusjonane som har gått ved UiB kring dette spørsmålet.

Meldte at Olsen var ny rektor tidleg morgon

Allereie tidleg onsdag morgon Nordlys melde at Olsen ville bli innstilt som ny rektor ved UiT.

Ifølgje avisa sine kjelder var det ei einstemmig tilråding frå innstillingsutvalet.

Tre andre personar stod også på søkarlista, som Khrono har skrive om. Det var, som nemnt, UiT sin prorektor Kenneth Ruud, Edel Elvevoll og Jan-Gunnar Winther.

Sjølv var Olsen ordknapp onsdag morgon.

— Det er det opp til universitetsstyret å bestemma.

— Har du fått vita noko om innstillinga?

— Det må du snakka med Anne Husebekk om.

Powered by Labrador CMS