direktørtilsetting

Robert Rastad tilsett som universitetsdirektør i Bergen

— Eg er ikkje ein som har djup kunnskap om akademia, og går inn i dette med nyfikne.

Universitetsstyret ved UiB vedtok einstemmig å tilsetja Robert Rastad som ny universitetsdirektør. Innkallinga vart lagt ut dagen før møtet skulle arrangerast.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I eit ekstraordinært universitetsstyremøte vart Robert Rastad torsdag tilsett som universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen (UiB). Rastad kjem frå stillinga som kommunaldirektør i Bergen kommune. Han har vore tilsett i Bergen kommune i ei årrekkje, mellom anna som informasjonsdirektør. Denne våren har han vore kriseleiar i kommunen.

Vedtaket var einstemmig, og skjedde bak lukka dører.

Avtroppande kommunikasjonsdirektør Tor Godal, avtroppande universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og styremedlem Jørgen Melve etter dagens styremøte.

— Rastad bringer med seg solig toppleiarerfaring frå offentleg sektor, som vil koma UiB til nytte, seier rektor Dag Rune Olsen i ei pressemelding.

— Spanande jobb

— Eg har hatt gleda av å jobba i toppleiinga i Bergen kommune i 15 år, med eit overordna samfunnsperspektiv. Dette er ei av få andre stillingar som gir eit totalperspektiv, seier Rastad til Khrono.

Han peikar òg på at UiB er eit breiddeuniversitet, noko han meiner gir potensial.

— Det som gjer UiB ekstra spanande, er at dei har gjort mange spanande ting dei siste åra, særleg med klyngjer. Dette har eg følgt tett frå kommunen, og delvis òg jobba med frå mitt perspektiv, seier Rastad.

Han seier at den generelle samfunnsutviklinga, med eit stadig større kunnskapsbehov, gjer at stillinga som universitetsdirektør er interessant.

— Kva kjennskap har du til akademia?

— Eg er ikkje ein som har djup kunnskap om akademia, og går inn i dette med nyfikne. Eg hadde aldri trudd at eg skulle verta byråkrat heller, men eg elskar det, humrar Rastad, som kom frå det private næringslivet til Bergen kommune.

— Eg har andre røynsler, er van med store prosessar og kjem frå ein annan stor og kompleks organisasjon. Så veit eg at det er mange flinke tilsette ved UiB som verkeleg kan akademia, seier Rastad.

Kjell Bernstrøm, som har vore direktør ved UiB sidan 2014, ønskte ikkje å forlenga åremålet sitt, og vert pensjonist i desember.

Tungodden søkte

Rastad sitt namn var unnteke offentlegheit på søkjarlista. Det same var ei kvinne.

— Kvifor var du unnteken offentlegheit?

— Eg søkte om å få vera det, og det valde UiB å ta omsyn til. Ei av årsakene var at eg har sete i Bergen kommune si kriseleiing i samband med koronautbrotet, og det ville vera vanskeleg å få uro rundt meg dersom eg ikkje måtte, seier Rastad.

Han byrjar etter planen i den nye stillinga ved årsskiftet.

Tore Tungodden stod òg på søkjarlista. Han er i dag assisterande universitetsdirektør ved UiB. Han var den einaste søkjaren på den offentlege delen av lista som har bakgrunn frå sektoren, og den einaste frå UiB.

— Eg har allereie fått høve til å gratulera Robert Rastad med stillinga og ønskt han velkommen til UiB. Eg ser fram til eit spanande samarbeid om alle dei viktige utfordringane universitetet står overfor, seier Tungodden.

(Redaksjonen gjer merksam på at Tore Tungodden er styreleiar i Khrono)

Powered by Labrador CMS