Min doktorgrad

Internasjonal forskingslitteratur viser at det er eit gap mellom korleis undervisninga i teorien bør vera og kva som skjer i klasserommet.

Kom i mål etter tre månaders strafferunde

Sommarferien rauk, og heilt uførebudd på ein ekstrarunde etter innlevering var ikkje Ingeborg Katrin Lid Berget.

Publisert Oppdatert

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Ingeborg Katrin Lid Berget (38)

  • Har levert avhandlinga «Mathematical modelling in upper secondary school»
  • Disputerte ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved Universitetet i Bergen 26.april

— Eg har jobba som matematikklærar i den vidaregåande skulen. Spesielt då eg underviste i praktisk matematikk hadde eg eit mål om at elevane skulle bli engasjerte og oppleva at matematikk var relevant og meiningsfylt for livet elles. Deretter byrja eg å jobba på lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. Her skulle eg undervisa om matematisk modellering. Eg las meg opp på forskingslitteratur, og syntest det var spennande med eit heilt forskingsfelt som handla om nettopp å gjera matematikkundervisinga relevant og meiningsfull. Deretter var eg så heldig at eg fekk ta doktorgrad på deltid. Då var det opplagt at det var dette eg skulle jobba med. Modellering er dessutan eit kjerneelement i den nye læreplanen.

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Modellering i matematikk handlar om å ved hjelp av matematikk svara på spørsmål som i utgangspunktet ikkje er matematiske. Det vil seia at elevane ikkje berre skal løysa oppstilte matematikkoppgåver, men dei skal forstå korleis dei kan bruka matematikk til å løysa ulike oppgåver. I doktorgradsarbeidet mitt hadde eg som mål å finna ut kva som går føre seg i matematikktimane på vidaregåande skule. Allereie i læreplanen Reform-94 hadde ein matematisk modellering, som eitt av sju målområde. Kva har skjedd sidan den gong? Internasjonal forskingslitteratur viser at det er eit gap mellom korleis undervisninga i teorien bør vera og kva som skjer i klasserommet. Eg observerte undervisning i norske klasserom for å sjå om det er slik her òg.

— Kva finn du?

— Teori og praksis ser annleis ut, ja. Oppgåver med modellering kan vera vanskelege å vurdera, sidan det er opne oppgåver. Dette gjer at lærarane støttar seg på lærebøkene i matematikk og på tidlegare gitte eksamensoppgåver i undervisninga. Lærarane står i ein skvis: Dei skal utdanna elevane for livet etter eksamen, men samstundes skal dei førebu dei til nettopp eksamen.

Eg har nok hatt augneblink der eg har kjent at eg ikkje akkurat har blomstra på kontoret.

Ingeborg Katrin Lid Berget

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

— Det er nok kjenslene i dei periodane der eg opplevde arbeidet som kaotisk. Eg såg på det som ein stor floke, der eg ikkje fann ein ende å nøsta i. Men samstundes har eg tenkt at eg har vore heldig som har hatt ein stor floke, der eg ikkje visste kva eg kom til å finna. Eg har ikkje hatt nokre dramatiske opplevingar undervegs — å skriva doktoravhandling er ein jobb. Det gjekk greitt å kombinera med det vanlege arbeidet mitt ved høgskulen. Eg noterte i kalenderen kva eg skulle gjera når, og synest det var fint å ha periodar med undervisning innimellom.

— Kom du i mål til normert tid?

— Eg hadde femti prosent stilling i fire år, og det siste året jobba eg berre med doktorgraden. Så altså fem år totalt. Eg forlenga ikkje perioden, men mellom anna heimeskule med tre barn under pandemien og ein ektefelle som jobba på sjukehuset gjorde at eg måtte ha ein sluttspurt i fjor sommar for å koma i mål. Eg leverte avhandlinga då, og visste at det var nokre ting som burde vore finpussa. Så eg fekk henne i retur, og fekk tre månadar lang strafferunde — eller bonus — og så kom eg heilt i mål.

— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Eg har ikkje angra. Men det er mogleg eg har litt selektiv hugs … Eg har nok hatt augneblink der eg har kjent at eg ikkje akkurat har blomstra på kontoret og der framdrifta har vore lita. Men då hjelpte det med ein joggetur eller litt strikking.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg har fast stilling ved Høgskulen i Volda, og skal søka om opprykk til førsteamanuensis. Eg får meir forskingstid enn eg hadde som høgskulelektor, og avhandlinga mi er absolutt relevant når eg skal undervisa lærarstudentar.

Powered by Labrador CMS