Endelig mandag. åsne høgetveit

Fusk, ferdigheiter og timing

Som undervisar vert ein lett opphengt i alt studentane burde kunne utan å ta seg tid til verkeleg å sjå på når studentane treng å kunne kva. To månadar uti ein bachelorgrad er det ikkje sikkert sjølvplagiering eller boolske søkeverktøy er så viktig.

For å hindre fusk bør studentane få aktiv opplæring i drøfting av kjeldebruk, informasjonssøk og referanseteknikk gjennomgåande i undervisninga, arbeidskrav og i vurdering av studentarbeid, meiner fyrstebibliotekar ved UiT, Åsne Høgetveit.

Fyrstebibliotekar, UiT Norges arktiske universitet

Det er november og det byrjar å lukte eksamensnerver på biblioteket. Eksamenstida kvart semester er noko av det eg verkeleg ikkje saknar frå tida som student. Eg minnar meg sjølv på det når eg innimellom kan tenke at eg er litt lei av å forklare korleis og kvifor ein refererer eit indirekte sitat i ei oppgåve.

I sommar gjekk ein ganske viktig diskusjon i Khrono, og etter kvart andre media, om plagiat og studentars informasjonskompetanse. Eller, det gjekk ganske mange ulike diskusjonar om dette, med utgangspunkt i ei konkret sak om ein sjukepleiestudent som vart utestengd frå universitetet på grunn av sjølvplagiat.

Det eg særleg beit meg merke i var innlegga som tok opp korleis informasjonskompetanse blir formidla og undervist ved ulike institusjonar. Informasjonskompetanse handlar om å handtere og bruke informasjon frå ulike kjelder på ein kvalifisert og kritisk måte – og er ein grunnleggande generisk kompetanse me bør forvente at ein person med høgre utdanning har. Det er tydeleg at det er sprikande praksis mellom institusjonane, men det er jammen ulik praksis internt på institusjonane òg. Det ser eg tydeleg frå min ståstad på biblioteket.

Ved UiT Norges arktiske universitet (UiT NAU) har biblioteket utvikla eit nettkurs i informasjonskompetanse (iKomp), som er ope og gratis for alle å ta. Ved å syne til dette tilbodet kan universitetet argumentere for at studentane har tilgang på informasjonen dei treng for å vita kvar grensene går – etisk og juridisk. I tillegg stend det at studentane sjølve har ansvar for å setje seg inn i mellom anna eksamensforskrifta.

Eg tok ein kjapp sjekk her no, og eg, som veit kva eg leitar etter, bruka om lag fem minutt på å finne rett forskrift på nettsidene. Lurar på kor lang tid ein fersk student som kanskje har greidd å få med seg ansvaret sitt brukar på å finne rett dokument?

Sjølv røynde forskarar blir innimellom tekne for sjølvplagiering, så det er ikkje så underleg slik sett, at òg studentane våre syns det er vrient å få godt tak på.

Åsne Høgetveit, fyrstebibliotekar ved UiT Norges arktiske universitet

Eg og kollegaene mine på biblioteket arbeider for at iKomp skal vera eit obligatorisk arbeidskrav på alle studieprogram tidleg i løpet. Med andre ord: det er framleis mange program der dette ikkje er innarbeidd. Så betyr jo ikkje det at studentane på program utan obligatorisk iKomp ikkje tek kurset, eller ikkje er slik høveleg kjent med innhaldet. Men med utgangspunkt i spørsmål og tilbakemeldingar me får frå både studentar og fagmiljø vel eg likevel å tru at det er lurt å ha kurs i informasjonskompetanse som ein innarbeidd del av eit studieprogram.

Vidare kan eg avsløre at eg og kollegaene mine ser det berre som fyrste steg i ein meir langsiktig plan å få iKomp inn som ein del av eit emne. Det eigentlege målet vårt er å få til eit grundigare samarbeid med fagmiljøet der sentrale ferdigheiter, som informasjonssøk, kjeldekritikk og referansehandtering, blir baka betre inn i undervisning og eksamensordningar.

I ein årsrapport for 2018 frå klagenemnda ved UiT NAU vart sjølvplagiering trekt fram som noko fleire studentar er usikre på, og bommar på. Det stemmer godt overeins med inntrykket eg får når eg underviser. Sjølv røynde forskarar blir innimellom tekne for sjølvplagiering, så det er ikkje så underleg slik sett, at òg studentane våre syns det er vrient å få godt tak på. I sommarens debatt kom det jamvel fram at den sentrale klagenemnda ikkje er samd internt om sjølvplagiering bør bli rekna som fusk eller ikkje.

Problemet er vel gjerne ikkje at informasjonen om reglar og grenser ikkje finns, men at drøftinga og læringa ikkje er gjort på ein særleg god eller effektiv måte. Informasjonskompetanse blir ofte handtert som informasjon frå biblioteket, litt på same vis som informasjon om opningstider og utlånsreglement. Kurset me tilbyr i dag er omfattande, og ganske kompakt. På studieprogramma som nyttar det som arbeidskrav er det gjerne lagt tidleg i studiet. Av gode grunnar.

Men samstundes inneber det at ein del av innhaldet kan fortone seg noko abstrakt for studentane fordi dei ikkje har knaggar å henge all informasjonen på. Mitt inntrykk er at det å ha eit intensivt kurs i informasjonskompetanse to månadar uti ein bachelorgrad blir ein slags informasjonsoverbelastning – dersom innhaldet ikkje eigentleg blir repetert eller tydeleg bruka før mykje seinare i studiet. Det blir ei slags ansvarsfråskriving frå universitetet.

I staden burde drøfting av kjeldebruk, informasjonssøk og referanseteknikk bli aktivisert gjennomgåande i den øvrige undervisninga, arbeidskrav og i vurdering av studentarbeid. Og det må skje på ein eksplisitt måte – studentane må få beskjed om at dei blir vurdert på kor gode dei er til å syne at dei kan og forstår korleis ein gjer kjeldekritikk.

Som undervisar er det lett å bli litt opphengt i alt me tenker studentane burde kunne, alt me tenker er lurt, utan at me tek oss tid til verkeleg å sjå på når studentane treng å kunne kva. To månadar uti ein bachelorgrad er det ikkje sikkert sjølvplagiering eller boolske søkeverktøy er så viktig, men kanskje eit halvår seinare? Det vil jo variere frå studieprogram til studieprogram.

Er det så vanskeleg å kople konkrete læreaktivitetar til konkrete ferdigheiter frå informasjonskompetansekursa våre? Eg trur ikkje det. Det treng heller ikkje å vera så omfattande, kanskje berre ei kort melding om å friske opp om referanseteknikk i samband med ei oppgåve. Ikkje akkurat hokuspokus.

Det krev likevel ein innsats at fagundervisarar, gjerne i lag med studentar og undervisarar frå biblioteket, tek ein grundig kikk på innhaldet i studieprogrammet, koplar det til konkrete ferdigheiter og ser på når kva type ferdigheiter er nødvendige.

Les alt av Khronos innhold om sommerens plagieringssak her

Les også:

Les flere debattinnlegg på Khronos debattside

Powered by Labrador CMS