Endelig mandag. åsne høgetveit

Om kollegialt handlingsrom og ta seg tid til den praten

Er me flinke nok til å nytte handlingsrommet i jobbane våre; til å skapa meiningsfulle kollegiale møteplassar?

— Eg trur me ved høgre utdanningsinstitusjonar kan ha godt av å reflektere meir over korleis kollegialitet på ulike måtar kan vera gode prinsipp å bygge måten me arbeider på, både i samarbeid og med styring, skriv fyrstebibliotekar ved UiT Norges arktiske universitet, Åsne Høgetveit.

Fyrstebibliotekar, UiT Norges arktiske universitet

Annankvar veke er det møte i samarbeidsgruppa på universitetsbiblioteket i Tromsø. Det er eit møte eg utan unntak alltid gler meg til. Det fulle namnet på gruppa er samarbeidsgruppa for undervisning – me er ikkje særleg gode på å laga namn, men det er heldigvis ikkje så viktig.

Gruppa er ein møteplass for alle som underviser eller har kurs i regi av universitetsbiblioteket. På møta gjeng det på rundgang mellom medlemmane å legge fram eit opplegg for drøfting som tek utgangspunkt i deira eigen undervisning. For oss som organiserer møta er det viktig å halde ein så flat struktur som mogleg. Me ynskjer at alle som vil vera med i gruppa kjenner eit ansvar for gjennomføringa, at møta blir ein plass for meiningsfull drøfting og utvikling.

Det må sjølvsagt vera nokon som held i det organisatoriske, men utover dette eig me møta våre i lag og er ansvarlege overfor kvarandre. Det er eit par av kollegaene som har teke initiativet, og så har me fått godkjenning frå leiarane våre.

Dette er ei arbeidsform eg vil tru mange kjenner seg att i, i litt ulike variantar. Kanskje fyrst og fremst knytt til framlegging av eigne forskingsprosjekt.

Ut i frå eigen erfaring med slike typar forskingsseminar meiner eg det er særleg éin ting som skil seg ut i arbeidet me gjer i samarbeidsgruppa. Grunnlaget for diskusjonane er undervisninga vår, og det har mykje å seie for korleis samtala fungerer:

Det blir med ujamne mellomrom peikt på at undervisning er ein del av verksemda til tilsette ved universitet og høgskular som ofte får eit veldig privatisert preg. Altså at i motsetnad til forskingspraksisen vår, der det ligg inne kollega- og fagfellevurdering i mange ledd, så er det i liten grad lagt opp til ein liknande arbeidsmåte for undervisninga vår.

Privatiseringa av undervisninga vår fører i fyrste omgang til dårlegare undervisning, men eg trur at det i neste omgang fører til ei dårlegare forståing av kva høgre utdanningsinstitusjonar er og kan vera. Det er ein feilslutning å tenke at fagfelledrøfting og -vurdering fyrst og fremst er knytt til forskingsarbeid. Eg meiner det handlar om ein kollegial arbeidsform som er godt tilpassa i alle fall undervisningsverksemda vår, men òg moglegvis fleire av arbeidsoppgåvene i høgre utdannings- og forskingssektoren.

Samarbeidsgruppa er eit forsøk på å avprivatisere undervisninga vår, og utvikle den større samtala vår kring undervisning.

For nokre år sidan publiserte Kerstin Sahlin og Ulla Eriksson-Zetterquist både ein artikkel og ei bok om kollegialitet, der dei argumenterer for at kollegialitet er ei moderne og godt tilpassa styringsform. Forskinga til Sahlin og Eriksson-Zetterquist er basert på svenske tilhøve, og skildrar korleis reformer dei siste tjue åra har endra høgskular og universitet i retning av mindre kollegialitet og meir New Public Management.

Privatiseringa av undervisninga vår fører i fyrste omgang til dårlegare undervisning, men eg trur at det i neste omgang fører til ei dårlegare forståing av kva høgre utdanningsinstitusjonar er og kan vera.

Åsne Høgetveit, fyrstebibliotekar ved UiT Norges arktiske universitet

Det dei skildrar gjev atterklang. Og eg ser gjerne at fleire av tillitspersonane ved universitet og høgskular – frå instituttleiarar og dekanar til styremedlemma – les forskinga til Sahlin og Eriksson-Zetterquist. Det hadde vore spennande med ein rektor som verkeleg hadde ambisjonar om å utforske kollegiale styreformer.

Men attende til samarbeidsgruppa vår – ho er jo ikkje eit ledd i ei kollegial styreform. Likevel er det ein arena som er tufta på kollegialitet. Og eg trur at på sitt beste så gjer deltakinga i møta oss ikkje berre til betre undervisarar. Eg trur at deltakinga gjer oss til betre kollegaer, som i større grad ser vårt eige arbeid i samanheng med arbeidet til andre, som bygger sjølvtilliten vår til å delta aktivt i andre fagdiskusjonar.

Me blir forhåpentlegvis òg betre til å sjå handlingsrommet i jobbane våre, og korleis me sjølve kan ta initiativ til å arbeide på måtar me opplever som meiningsfulle.

Det er viktig, i det minste for min eigen del, at samarbeidsgruppa ikkje er eit initiativ ovanfrå. Om eg ikkje hadde kjent så sterkt eigarskap til møta hadde eg neppe gledd meg så mykje kvar gong. Samstundes er det avgjerande for å få til fungerande kollegiale strukturar at leiarane våre tydeleg oppmodar til slike initiativ, og godkjenner at me brukar arbeidstida vår på denne måten.

Eg trur me ved høgre utdanningsinstitusjonar kan ha godt av å reflektere meir over korleis kollegialitet på ulike måtar kan vera gode prinsipp å bygge måten me arbeider på, både i samarbeid og med styring. Det er ei utfording til leiarane våre, men for å ha noko føre seg er òg me utan leiaransvar nøydd til å utforske og utnytte våre kollegiale handlingsrom.

Powered by Labrador CMS