Klima og Miljø

4 av 10 universitet står utan oversikt over utsleppa sine

Dei sabla ned statens forslag til grøne indikatorar, og no står klimarapporteringa i stampe. Fleire universitet veit ikkje når klimarekneskapane blir leverte.

Ein nær samla sektor var imot forslaget til felles klima- og miljørapportering frå regjeringa. Petter Aasen, rektor ved Universitetet i Sørøst-Noreg, meinte det ville bli byråkratiserande og for dyrt. I dag står universitetet hans fortsatt utan oversikt over eigne klimagassutslepp .
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det skulle vere starten på ei opptrapping av klima- og miljøinnsatsen.

Men godt over eit år etter at leiarane i sektoren i januar 2020 var samla på Kunnskapsdepartementets kontaktkonferanse og diskuterte årets store tema, det grøne skiftet, ser miljø- og klimaarbeidet i sektoren ut til å gå på sakte fart.

Fire av ti universitet rapporterer at dei ikkje har eller leverer oversikt over klimagassutslepp for 2020. Eitt av universiteta har droppa rekneskapet for 2020 fordi det var «et unntaksår», og andre igjen er usikre på når ein rekneskap for 2020 kan vere klar.

Miljøsjefar sa opp

Ved dei to største universiteta, NTNU og UiO, sa miljøsjefane opp stillingane sine i 2020. Fortsatt er ingen erstattarar tilsette. Ingen dato er sett for levering av miljø- og klimarekneskapar.

Hausten 2019 lanserte dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) grøne indikatorar for universitets- og høgskolesektoren. «Kostnadene knyttet til ambisiøse klimatiltak ved norske campuser kan ikke lenger sees på som en utgift», heitte det i rapporten som Kunnskapsdepartementet la på bordet.

Det var eit syn leiarane på universitet og høgskular ikkje delte.

«Ikke riktig prioritering»

Målet for regjeringa var å innføre eit felles rapporteringsregime for universitets- og høgskulesektoren. Klimaspørsmålet stod høgt på dagsorden og universiteta i 2019 og utover i 2020.

Tilsette ved Universitetet i Oslo (UiO) og Universitetet i Bergen (UiB) hadde lansert klimaopprop. Dåverande rektor ved UiB og styreleiar i Universitets- og høgskolerådet (UHR), Dag Rune Olsen, erklærte at han skulle trappe ned på det spektakulært høge klimafotavtrykket sitt. Olsen stod, i første omgang, skulder ved skulder med Nybø og uttalte at universiteta skulle «gå foran og være forbilder».

Men då det grundige opplegget til rapporteringsystem vart lagt ut til høyring eit år etterpå var tonen ein annan.

Refrenget frå dei fleste var at dette ville blir for ressurskrevjande. «Ikke en riktig prioritering», meinte Olsen. «Ikke i tråd med de politiske signalene når det gjelder hvordan sektoren bør og skal styres», meinte rektor ved Universitetet i Sørøst-Norge (USN), Petter Aasen.

USN er blant universiteta som ikkje rapporterer eller fører rekneskap over klimagassutsleppa sine.

Koronaåret oppdatert

Khrono har kontakta alle dei ti universiteta i Noreg for ei oppdatering på korleis det har gått med klimarekneskapa i «koronaåret».

UiT Noregs arktiske universitet: Ei organisasjonsendring gjer at universitetet manglar ansvarleg person for å utarbeide klimarekneskap, opplyser universitetet. «Foreløpig ikke fastsatt noen endelig dato».

Nord universitet: Har per i dag ikkje klimarekneskap.

NTNU: Klimarekneskap skal vere klar i april. Skal tilsetje to miljørådgivarar i juni, etter at Christian Solli, som dreiv arbeidet i fleire år sa opp i fjor, etter å ha vore drivkraft i miljøarbeidet i fleire år.

Universitetet i Bergen: Skal utarbeide klimarekneskap etter same mal som i fjor. Har ikkje kome i gang med arbeidet. Har ingen dato for ferdigstilling.

Universitetet i Stavanger: Har ikkje eit eige system for klimarekneskap. Viser til sertifisering gjennom Miljøfyrtårn og rapporterer på klimaindikatorar gjennom Miljøfyrtårn.

Universitetet i Agder: Rapporterer etter Klimapartners opplegg. Klimarekneskap skal vere klar i løpet av mai. Har tilsett miljørådgivar.

Universitetet i Oslo: Jobbar med rekneskapen «og kommer nærmere tilbake til endelig ferdigstillelse». Har ikkje erstatta miljøsjef som sa opp i protest i september 2020. Stillinga er utlyst som miljøkoordinator for andre gong med søknadsfrist 6. april.

OsloMet: Lagar ikkje rekneskap for 2020 «siden 2020 har vært et unntaksår».

Noregs miljø- og biovitskapelege universitet: Leverer klimarekneskap rundt påsketider.

Universitetet i Sørøst-Norge: Har ikkje klimarekneskap.

Ingen felles standard

Det finst per i dag fortsatt ikkje nokon felles standard for oversikt og rapportering av miljøtiltak, utslepp eller klimarekneskap for kunnskapssektoren, noko som var eit mål med regjeringas plan. Dette gjer det lite haldbart å samanlikne utsleppa ved dei ulike institusjonane.

For eksempel er miljørekneskapane ved UiO, NTNU og UiB meir omfattande enn Miljøfyrtårnsoppsettet som UIS nyttar seg av, som baserer seg på ei enklare oversikt.

Eit argument som gjekk igjen i høyringsrunden mot indikatorsettet som Iselin Nybø la på bordet i 2020 var at rapporteringa ville bli for ressurskrevjande. Universitetet i Stavanger skreiv for eksempel at dei ønskte «så få og nyttige indikatorer som mulig, og utan vesentlig økt ressursbruk».

I rapporten Kunnskapsdepartementet bygde på, utarbeidd av konsulentselskapet Asplan Viak, var det gjort eit anslag av utgiftene ved rapporteringa: Dei tok utganspunkt i NTNUs campus Gløshaugen med 500 dekar og ca. 16.000 studentar. Dei ekstra årlege brutto kostandene ville bli på cirka 200.000 kroner med innsamling og organisering av data for indikatorane.

Petter Aasen stolte ikkje på utrekningane, og meinte det ville bli dyrare.

29. september i fjor «avlyste» statsråd Henrik Asheim planen om å innføre dei grøne indikatorane etter dei negative tilbakemeldingane frå sektoren.

Sprik

Universitets- og høgskulerådet laga i november 2020 ei oversikt over miljørekneskapar for 22 forskings- og utdanningsinstitusjonar, universitet og høgskular.

Den viste at 8 av 22 ikkje hadde noko form for miljørekneskap. Halvparten av dei hadde ingen planar for å endre på dette. I tillegg rapporterte tre institusjonar at dei mangla ein fullverdig miljørekneskap, men hadde ein avgrensa versjon. Metodikken og omfanget var sprikande blant dei som hadde miljørekneskap, ifølgje UHR-rapporten.

Khrono har kontakta rektor Petter Aasen ved Universitetet i Søraust-Noreg, eitt av universiteta som manglar miljø- og klimarekneskap. Aasen var blant dei som var sterkt imot regjeringas forslag om miljørapportering basert på dei såkalla grøne indikatorane, som vart lansert i 2020.

Aasen melder at han ikkje har tid til å svare på Khronos spørsmål. I staden har Khrono fått svar på e-post frå pressekontakt Reidun Mangerud, som kommenterer generelt.

Bærekraft ei av tre søyler

Mangerud skriv at USN har ein ambisjon om at klimarekneskap skal kome på plass på «noen indikatorer» i år, gjennom klima- og energinettverket i Vestfold og Telemark fylkeskommune. Ho viser også til at fire av åtte campusar er miljøfyrtårn-sertifisert og at eit av landets største solcelleanlegg er lokalisert på hovudcampus.

«Bærekraft er en av de tre søylene i USNs strategi, og vi arbeider i hele organisasjonen for å omsette de strategiske ambisjonene våre til tiltak som gir konkrete resultater. Vi opplever sterk støtte til denne satsingen, både blant studenter, ansatte og i styret. USN har nylig etablert et tverrfaglig senter for bærekraftig omstilling som skal koordinere og forsterke arbeidet. Senter for bærekraftig omstilling - Universitetet i Sørøst-Norge», heiter det i svaret.

Powered by Labrador CMS