Skogbrannar, syklonar, artsutrydding, stigande hav. Slikt prellar av på «klimarealist» Olav Martin Kvalheim.

På morsgarden, ein naturskjøn flekk på planeten, bur Olav Martin Kvalheim og kona Tarja. Professoren frå Kjemisk institutt, der konsentrasjonen av «klimafornektarar» er høg, voks opp i byen, snakkar kav bergensk, men likar seg best på bygda

Heime hos professor «klimakrisa finst ikkje, journalistane er hjernevaska, og Greta Thunberg er indoktrinert av mor»

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Standnes (Khrono:) — Er du klar over det? Visste du dette?

Han lener seg over bordet, held opp eit diagram, ein globus står i eit hjørne som eit stort punktum, men talen har ikkje så mange av dei, han er ein slags bergensar, men likevel fjording, dei gamle følgjer med frå fotografi hengt på veggen, spikra på tømmer frå tampen av den vesle istida, det er eit par hundre år sidan no, utanfor vindauget beiter saueflokkane, på radioen ein trønderrockar, atomkrig e' for jævli, og vintern e’ for lang, meiner han, på andre sida av bordet, ein journalist, som kiler seg inn mellom setningsledda.

— ... klimaforskarane seier at med berre 1,5 graders temperaturauke vil for eksempel korallre ...

— Spekulasjonar!

Velkommen til Standnes i Sunnfjord, velkommen til Olav Martin Kvalheim, velkommen heim til ein heilt ekte og autentisk ...

— ... klimafornektar?

Nektarnekt

Du har kanskje sett han før, professoren i kjemi ved Universitetet i Bergen. Ein og annan gong har han dukka opp i media under overskrifter som «Klimamafiaen avslørt» og «Folk føres bak klimalyset», eller på TV2, oppgitt over karbonfangst, som tar skatte- og oljepengane og berre oppnår å bruke opp energi og toppe lommene til klimakapitalisten Kjell Inge Røkke. Klimaaktivistane er dei aller mest naive i denne forteljinga, tett følgd av journalistar, og dei fleste politikarar, og kjelda til galskapen, klimaforskarane.

Sola strålar inn vindauget og inn på dei gamle tømmverveggane og Amerika som skin frå ein straumlaus globus. Professoren er i flytsonen og prøver å hamre data inn i gjestane.

— Klimaaktivistane sit bak kaféborda og diskuterer ting dei ikkje har peiling på, ført bak lyset av andre som ikkje veit kva dei snakkar om. I media er det berre den eine stemma som kjem inn, kvar dag får du ein liten dose på Dagsrevyen, om at no er det eitt eller anna som er gale med klimaet. Følg litt med, du vil sjå at det aldri er motstemmer på Dagsrevyen!

Det rare, kan ein føle, er at denne mannen ein gong aksjonerte i gatene, ein ung miljøvernar, men det kan han forklare.

Først må Kvalheim få rydde i ordbruken:

«Klimafornektar »er eit ord som klimahysterikarane klistrar til sånne som han fordi det passar dei at assosiasjonane går i retning sånne som fornektar Holocaust, og disippelen Peter, som fornekta Jesus. Kvalheim fornektar verken Jesus eller Holocaust, heller ikkje at det finst eit klima, han nektar for at han er ein fornektar.

— Du kan kalle meg klimakriseskeptikar, seier Kvalheim.

— Men du nektar jo for at klimaendringane er menneskeskapte?

— Nei, det eg seier er at dei naturlege endringane er større enn dei menneskeskapte. Klimaproblemet er ikkje eit reelt problem. Det er ikkje krise, du kan ta det heilt med ro.

Han er sjølv del av ei motrørsle, som nestleiar i det vitskapelege rådet til Klimarealistane, som med eigne ord hevdar å representere «den klimarealistiske majoriteten i Norges befolkning».

Det vitskapelege rådet består av 22 menn og ei kvinne, med ymse doktorgradar og hovudfag — geologar, geografar, kjemikarar, fysikarar, ein fiskeriøkonom. Ein av tre har eller har hatt band til petroleumsindustrien. Rådets eldste er den no 91 år gamle, bergensfødde amerikanaren og nobelprisvinnaren i fysikk, Ivar Giæver. I dag er han rådgivar for tenketanken Heartland Institute, mellom anna kjent for sin sterke lobby mot klimatiltak, og donasjonar frå oljeindustrien og tobakksindustrien.

— Vi blir alle skulda for dette, seier Kvalheim tørt.

75,5

— Utan at vi skal bruke alder eller kjønn mot nokon, er dette truverdig, liknar ikkje dette ein gjeng med gamlingar som ikkje greier anna enn stå beinhardt på gamle dogme?

— Nei, nei, nei. Dette er veldig meritterte folk. Dei fleste er pensjonerte professorar. Litt av grunnen til den høge alderen er at det å gå imot klimapanelet ikkje er utan risiko. Folka frå klimarørsla sit overalt og kan påverke for eksempel sjansane for støtte i Forskningsrådet.

Også folk som ikkje trur menneskeleg aktivitet gjer noko særleg frå eller til for klimautviklinga køyrer elektrisk. Olav Martin Kvalheim pendlar komfortabelt til professorstillinga i byen.

— Er du blitt ramma av det?

— Det kan eg ikkje vite, men eg veit at eg har hatt nokre veldig gode evalueringar av prosjekt i Forskningsrådet som ikkje har fått støtte av komiteen.

Kvalheim, sjølv snart 69, innrømmer likevel at dei kjem til å døy ut i oversynleg framtid, utan påfyll av yngre krefter. Snittalderen er 75,5.

Fakta

Klimakrise i Noreg

  • Åtte prosent av nordmenn meiner menneskeleg aktivitet ikkje har noko med klimaendringane å gjere. To prosent meiner klima ikkje er i endring i det heile, ifølgje YouGov.
  • Berre i USA (15 prosent) og Saudi Arabia (12 prosent) trur ein større del av befolkninga at klimaendringar enten ikkje skjer i det heile, eller ikkje blir påverka av menneskeleg aktivitet.
  • Ei rekke universitet har erklært klimakrise, blant dei fleire norske, og klimaforsking og klimatiltak er integrert i strategiske planar og tiltak.
  • Klimarealistene, ein organisasjon som ifølgje eigne nettsider ««mener mener at klimaet domineres av naturlige variasjoner».
  • Klimarealistene har eit eige vitskapelege råd som inkluderer fleire norske akademikarar og tilsette ved norske universitet. (kjelder: filternyheter.no, ft.com

— Korleis kjennest det å vere del av ein så marginal del av vitskapen?

— Eg er ikkje så marginal som du trur. I vitskapen er det heller ikkje slik at fleirtalet nødvendigvis kjem ut med den rette slutninga til slutt.

— Så om eg tar ein ringerunde for eksempel til kjemisk …

— ... om folk får vere anonyme, får du sjå kva som skjer. Eg veit at ein handfull på instituttet har vore på same linje som meg. Det som er så farleg i dette, er at vi lagar veldig kraftige verkemiddel, absurde ting som at vi skal tvingast til å bli veganarar omtrent alle saman, skal gå eller sykle til jobb enten vi er stand til det eller ikkje, bygge om heile samfunnet. Eg ser på klimarørsla som ei veldig autoritær rørsle.

— Men om eg ringer Havforskingsinstituttet, for eksempel, får eg gjerne andre svar?

— Ja, men då er spørsmålet, skjønar dei dette? Vi ser at dei av og til kjem med noko om havforsuring, men utan å sjå korleis karbonsyklusen og ting grip inn i kvarandre. Eg vil vere veldig skeptisk til ein biolog som seier han er ekspert på vasskjemi.

Professor Kvalheim kan lett halde fjorten forelesingar, utan punktum, om kortslutninga i tolking av modellar basert på empiriske og deterministiske prinsipp, om korleis klimaforskarane knapt forstår skilnaden på H2O og CO2 i drivhuseffekten, om korleis mange klimaforskarar forkrøplar koplinga mellom karbonsyklus og menneskeleg påverknad, om feilbruk av prinsipal komponentanalyse …

Kvalheims primære kort i stokken er klimamodellane som forskarane bruker for å predikere korleis klimaet vil utvikle seg framover. Dei heng ikkje på greip i hans skjema, stemmer ikkje med data, og «det kan du berre sjølv slå opp klimapanelet sine eigne rapportar og finne ut», men journalistar les ikkje rapportar, bryr seg ikkje om data, og heller ikkje politikarar.

Business as usual

I desse dagar har Klimarealistane stilt siktet inn mot klimasøksmålet.

Det er Natur og Ungdom og Greenpeace som har tatt staten til retten for brot på grunnlovsparagraf 112, miljøparagrafen, for å ha gitt rettar til oljeboring i Barentshavet. Liknande søksmål er i sving i ei rekke land. Om kort tid skal saka opp i Høgsterett, og i posten har Høgsterett fått ei brev frå det vitskapelege rådet, som kort og godt protesterer mot heile grunnlaget for saka.

— Du kan ta det heilt med ro. Det finst inga klimakrise, meiner professor ved Universitetet i Bergen, Olav Martin Kvalheim.

— Eg er ikkje forskar, slik sett lekmann, men eg ser at omtrent alle oppegåande vitskapelege organisasjonar og institusjonar og tidsskrift, Nature, Science, og FN, EU, regjeringa, David Attenborough ... heile verda meiner det ikkje finst rimeleg tvil. Kvifor skulle eg skal ta sjansen på at du har rett og alle andre feil?

— Vent no litt.

— Du tar fram eit diagram ... ?

— ... denne er frå klimapanelet. Klimamodellane viser eit spenn frå ein til seks grader fram mot 2100. Då må du jo forstå at her er det ein enorm tvil om kor klimafølsamt CO2 er.

Han peiker på ei av dei fargelagde kurvene i nedre sjikt.

— Der vil vi halde oss dersom utviklinga held fram på same nivå som i dag. Då er du heilt trygg. Du treng ikkje gjere nokon ting. Resten av dei 180 landa utanfor Europa kan gjere det same, slik dei har rett til ifølgje Paris-avtalen. Business as usual.

— Men det er ikkje berre klimapanelet, kva med NASA, stolar du på NASA?

— Jim Hansen!(James Hansen, NASA-forskar og den mest kjente pionéren innan klimaforskinga, red.merkn.). Han trur eg ikkje på. Først advarte han mot ei ny lita istid, og så snudde han tvert for 30 år sidan og advarte mot katastrofal oppvarming.

— NASA driv ein heile masse forsking som underbygger at menneskeskapte klimaendringar er ein trussel som påverkar naturen og truar vårt eksistensgrunnlag. Dei har også sendt folk til månen. Men du stolar heller ikkje på NASA?

— Nei, dei overtolkar modellane.

— Kven stolar du eigentleg på ?

— På data.

— Men dei har jo haugevis med data!

Kvalheim hentar fram endå eit diagram, denne gongen frå prosess-skrivet klimarealistane har sendt Høgsterett. Kurven er teikna av klimatolog og professor John Christy frå Universitetet i Alabama, ein av USAs fremste ... kriseskeptikarar.

— No meiner mange at vi går mot kaldare tider igjen, summerer Kvalheim.

— Meir kaffi?

Nei! Nei, nei, nei

— På Svalbard tiner permafrosten, vekker det litt bekymring i deg, der har vi jo frøbanken og ...?

— ... nei. Den klimautviklinga vi har no vekker inga bekymring. Skulle det akselerere, kan også eg bli bekymra, men der er vi ikkje i dag. Det er det som er så feil! Det sit folk rundt omkring i kommunestyra og vedtar at vi har ei klimakrise. Kva veit dei om det?

Professoren liker å tenke på at han er frå ei slekt av gründerar og hardhausar. Tre generasjonar har drive poststad og krambu ved fjorden. Kvalheim har restaurert bygget, men ikkje komen til oppryddinga.

— Nokon vil kanskje hevde at professor Kvalheim trur på ein konspirasjonsteori, sidan dokumentasjonen for menneskeskapte klimaendringar er så overveldande?

- Nei! Nei, nei, nei. Politikarane har tatt klimapanelets rapport og blåst den opp. Journalistane har overtydd seg sjølve. Dei kritiske røystene er borte.

— Vi ringer heller ikkje forskarar for å spørje om dei trur på evolusjonsteorien.

— Ulikt evolusjonsteorien operer klimaforskinga med data som kan tolkast. Dersom du veit kva avgrensingar som ligg i modellane, vil du forstå.

— Blir journalistane hjernevaska, meiner du?

— Ja, og så hjernevaskar dei kvarandre. De tenker ikkje gjennom at de lagar ein slags klimapsykose ut av dette. Det er faktisk unge menneske som er redde for framtida på grunn av dette. De har skremt livet av mykje ungdom. Vi må gå tilbake til datakjeldene.

— Når du ser Greta Thunberg, kva opplever du då?

— Eg ser ei vettskremd jente som er indoktrinert av mor si.

— Ho er ei smart jente ...

Heimekontoret er eit viktig rom i heimen hos Olav Martin Kvalheim . Han rista sosialisten av i seg i 1988, og mykje gass har gått i atmosfæren sidan Kvalheim markerte seg som miljøaktivist på seksti-og syttitalet,

— Det kan eg ikkje uttale meg om, eg har ikkje IQ-testa henne. Men eg kan uttale meg om klimaforskarar som går ut og seier at dei er skremde. Skremde forskarar er eg litt redd for, for det betyr at dei ikkje lenger er objektive.

Ei anna tid

Alt tyder på at blodtypen er periferi pluss, herda gjennom somrar med hard hesjing på morsgarden han no bur på saman med si finske kone Tarja, også ho kjemikar (men ikkje fornektar eller klimarealist), den yngste sonen, ein Tesla, to dieselbilar og to nusselege, men litt hissige hundar.

Frå garden pendlar Kvalheim til berekraftuniversitetet i Bergen, frå den gamle poststaden 6817 Standnes. Professoren har restaurert posthuset ved fjorden. Tre generasjonar postberarar med krambu har stått her. Han er stolt av forferdane.

Men oppveksten hadde Kvalheim i tjukkaste sentrum, i Bergen.

— Eg var med på den første sykkelaksjonen i byen. Vi blokkerte gatene mot privatbilisme.

— Den gongen du var ung og naiv?

— Det var ei anna tid. Noreg blei totalt omforma, alle fossane forsvann, folk rømte landsbygda, oppbygging av industrien. Det tok overhand. I min barndom var det omtrent som på landsbygda i Bergen. Rett nok ein trikk dann og vann, ein og annan bil. Men så fekk vi etter kvart ein enorm biltrafikk inn til sentrum, då var det grunn til å reagere. Eg er ikkje imot kollektivtrafikk. Det finst jo andre utslepp enn CO2 og som er skadelege for helsa.

Han demonstrerte mot biltrafikken, let seg inspirere av kjempane frå Sosialistisk venstreparti på seksti- og syttitalet, Finn Gustavsen, Berge Furre, han kjempa mot EF (forløparen til EU, red.merkn.)

Kor blei det av den unge miljøforkjemparen og sosialisten?

Det er ikkje eit favorittemne. Vi ser ut på sauene. Kvalheim seier plutseleg at det kunne ha fungert bra med solceller på taket.

Slekt skal følge

For det første hadde han seg ein tur til Aust-Tyskland i 1988. Då han kom tilbake, var sosialistfasen stroke ut for alltid. For det andre, rundt tusenårsskiftet dukka mistanken om klimabløfferi opp.

Det var då, i ein artikkel i Nature i 1999 den berømte «hockeykøllegrafen», ei ynda skyteskive for dei som protesterer mot den etablerte klimaforskinga. Ein del av studien rekonstruerer temperaturvariasjonar dei siste 1000 åra med bruk av data frå årringar i tre, og denne delen fekk kritikk for å ikkje vere metodisk haldbar.

Posten skulle fram, men det er lenge sidan. Kvalheim meiner han kjem frå ei sta slekt, som kanskje har gjort han ein smule immun mot konformitet og gruppetenking.

På denne tida var doktoravhandlinga for lengst levert, og Kvalheim hadde etablert seg i forskingsfronten frå kontoret på Nygårdshøyden. Methods for the interpretation of multivariate data: Examples from petroleum geochemistry. På 1990-talet markerte han seg som ein flink, men til tider obsternasig kollega, med ei litt spiss tunge og ei etter tida ledig haldning til kommersialisering og samband mellom industri og universitet.

I dag krinsar forskinga hans mest kring noko så konsensuelt som livsstilsrelaterte sjukdomar. Fedmeepidemien og mangel på fysisk aktivitet er vår tids største utfordring, i den vestlege verda, meiner professoren.

Men det er ingen teikn til at den inverterte klimakampen vil avta i styrke inn når professoren kan legge emeritus til tittelen neste år.

Kanskje renn det ein trass gjennom slekt og generasjonar. Kanskje går det ei linje frå forfedrane på veggen.

Kanskje er han ein opprørar, han er komfortabel med ordet, opprørar.

Det du må tenke på

Men tilbake til kloden, eit siste forsøk.

— Kva med heitebølgjer, skogbrannar?

— Kuldebølgjer må du også tenke på.

— Ekstremvêr?

— Det er jo ikkje blitt meir av det, det er mest det at det er blitt meir folk, dermed blir fleire ramma.

— Isbreane krympar?

— Det du må tenke på er at dersom du samanliknar ekstremtilfelle, må du samstundes ta med at talet på menneske har auka ti gonger.

— Har det noko med isbrear å gjere?

Det ingen skulle tru, der ingen skulle bu. Standnes ligg i Sunnfjord i Vestland, på grensa mellom innlands- og kystklima.

— Det har noko med kor mange som blir ramma å gjere.

Nei, skogbrannar, syklonar, artsutrydding, stigande hav, slikt prellar av på Olav Martin Kvalheim.

Eitt eller anna

Når galskapen får rå, skal vi hold omkring hverainner, song Åge Aleksandersen i radioen ute på kjøkkenet, frå åttitalet, ukjent med klimakriser, men redd for atomkrig. Høsten kan vær fin. Ei pære losnar frå treet i hagen.

Dei nusselege, men litt hissige hundane prøver å seie eitt eller anna. Er du klar over det? Visste du dette?

— Denne hockeykøllekurva, som første utløyste skepsisen din, så vidt eg har sett er det komne studiar sidan den gong som stadfestar fasongen på kølla?

— Om det er komne studiar som korrigerer den opphavlege kurva skal ikkje eg ha sagt noko om.

Det er på tide å leite etter eit punktum.

— Har du nokon gong tatt feil?

Professor Kvalheim tenker seg om, lenge.

Powered by Labrador CMS