Debatt ● Jenny Myklebust og Arna Meisfjord
Vil ha ein ny distriktspolitikk
Det er ikkje nok å verbalt satse på bygdenæringar, dersom ikkje politikarane er villige til å oppretthalde skolen, meiner Jenny Myklebust og Arna Meisfjord, som kjem med konkrete innspel til ein ny, norsk distriktspolitikk.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Den raudgrøne regjeringa har som mål å lage ei ny distriktsmelding for å styrke distriktspolitikken. I Hurdalsplattforma er det nemd ei rekke tiltak som vil vere relevante. Vi vil peike på tre utviklingsområde som kvar for seg er viktige, og dersom dei kan sjåast i samanheng, har potensiale til å bli ei kraft i distriktspolitikken.
- Hurdalsplattforma understrekar at dersom folk skal bu og flytte til distriktskommunar, må viktige tenester som skole, barnehage og helsetilbod, vere nært der folk bur. Denne føresetnaden er særleg avgjerande for landbruket, for garden kan ikkje flyttast til kommunesenteret, men skole og barnehage kan lokaliserast nært dei som treng det.
- Hurdalsplattforma seier vidare at regjeringa vil legge til rette for at det kan etablerast eit senter for distriktsretta utdanning og forsking på Nesna. Tidlegare Høgskolen i Nesna hadde stort fokus på forsking og utviklingsarbeid innanfor denne sektoren, ikkje minst gjennom bruk av grendeskolen som praksisskole. Etter strukturreforma, har dei store institusjonane hatt mindre fokus på dette, så eit nasjonalt senter på Nesna, vil kunne fylle eit viktig nasjonalt behov for kunnskap.
- Regjeringa vil innføre ei pilotordning med bygdevekstavtalar som metode for bygdeutvikling. Dette skal vere eit nytt distriktspolitisk tiltak for utvikling, vekst og langsiktige rammer som kan styrke næringsliv og busetting i Distrikts-Noreg.
Landbruket er ei primærnæring i Noreg og svært viktig for busetting over heile landet. Det er ei overordna politisk målsetting om at det skal leggast til rette for at det skal produserast mat i alle delar av landet, ikkje minst for å styrke sjølbergingsgraden av eigen matproduksjon. I ein situasjon med klimaendringar, matmangel i verda og krig, både i Europa og andre stader i verda, har målsettinga om sjølberging vorte stadig viktigare. Rekruttering til landbruket og tilrettelegging for aktivitet og sosial og kulturell samhandling i lokalmiljøet, blir dermed viktig for å skape eit positivt miljø som kan motivere unge menneske til å vidareføre landbruksverksemd over heile landet.
Berre på Helgeland er det no fire Montessoriskolar og den femte er under planlegging, etter nedlegging av den lokale grendeskolen
Jenny Myklebust og Arna Meisfjord
I Distriktsnæringsutvalet (2020) blir det argumentert for at offentleg sektor er viktig for næringsutvikling. Nærheit til skole, barnehage og helsetenester er avgjerande for om folk vil etablere seg på bygda. Dei siste tjue åra har vi sett ei stadig nedlegging av grendeskolar, til store protestar frå foreldre og bygdefolk. I kjølvatnet av desse nedleggingane har fleire foreldregrupper kjempa fram etablering av Montessoriskolar. Berre på Helgeland er det no fire Montessoriskolar og den femte er under planlegging, etter nedlegging av den lokale grendeskolen. I artikkelen «Nærmiljøskolens betydning for individ, bygd og samfunn», konkluderer Sigrun Dancke Skaare, slik:
«På denne måten kunne man si at nedleggelse av bygdeskolen kom i strid med alle målsettinger innenfor politikken- det være seg familiepolitikk, likestillingspolitikk, næringspolitikk, distriktspolitikk, sosialpolitikk eller skolepolitikk.» (Skaare, 2009, s. 84)
Det er med andre ord ikkje nok å verbalt satse på bygdenæringar, dersom ikkje politikarane er villige til å oppretthalde skolen der. Sjøl ikkje i landbrukskommunen Leirfjord på Helgeland, ville fleirtalet i kommunestyret ta inn over seg utfordringane for bøndene i kommunen når grendeskolen blir lagt ned. Under debatten hadde kommunestyrerepresentanten Erling Rune Tømmervik (SP) denne appellen til sine medrepresentantar:
«Dotter mi bad meg om å formidle til dåkker at skolen på Tverlandet er avgjerande for om ho kan tenkje seg å ta over garden på Kvalnes.»
Vi kunne ha ønska oss at Universitets- og høgskolerådet hadde vist eit engasjement for dei behova som er skrikande i dag, med omsyn til både forsking og utdanning i eit distriktsperspektiv.
Jenny Myklebust og Arna Meisfjord
Nedleggingsvedtaket vart gjort utan ei utgreiing av konsekvensane for dei som driv den viktigaste næringa i kommunen.
Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland vil foreslå for regjeringa at det blir laga ein pilot i samband med prosjektet «Bygdevekstavtalar», der ein ser på samanhengen mellom nedlegging av grendeskolar, situasjonen for landbruket og andre bygdenæringar og behovet for eit nasjonalt senter på Nesna for distriktsretta utdanning og forsking, der verdien av grendeskolen i denne samanhengen kan bli analysert.
Vi ser at Universitets- og høgskolerådet arrangerte debatt om framtida for høgare utdanning i Noreg under Arendalsveka. Dei er opptekne av kva som er behova i Noreg fram mot 2040. Med spørsmålsstillinga «Et «hus» på hvert nes eller «google university?»», er UH-rådet sine framtidsutfordringar lansert. Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, medverka til å lage rapporten Framtidens distriktsskole (2021). Vi kunne ha ønska oss at Universitets- og høgskolerådet hadde vist eit engasjement for dei behova som er skrikande i dag, med omsyn til både forsking og utdanning i eit distriktsperspektiv.
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut