Debatt ● Dei fire rektorane i Vinst-alliansen
Regjeringa må setje kraft i å styrka fleircampusinstitusjonar
Søkarsvikt råkar hardt. Det gir inntektstap og redusert handlingsrom for oss som er store på desse utdanningsområda. Men viktigast: velferdssamfunn i by og bygd vil mangle hundrevis av gode kandidatar. Det må Regjeringa ta kraftfulle grep rundt.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
For kort tid sidan blei tala for studiepoengproduksjon for 2023 offentleggjort i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH). Den viser ei utvikling som uroar.
Dei fire institusjonane i Vinst-alliansen som alle er store innan sjukepleie-, barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanning har ein samla nedgang på om lag 1250 60-studiepoengeiningar frå 2022 til 2023 på desse utdanningsområda. Det utgjer samla sett om lag 100 millionar kroner mindre i budsjettløyvingar for 2025 i det nye finansieringssystemet. Utviklinga for 2026 vil nok råka oss like hardt, om ikkje meir.
Og merk! Nedgangen i studiepoengproduksjon for oss i Vinst-alliansen utgjer om lag 45 % av den samla reduksjonen i sektoren for utdanningane til lærar, barnehage og sjukepleie.
Regjeringa skriv i tildelingsbreva til alle universitet og høgskular under kapitel 1 «Regjeringens prioriteringer og forventninger» at profesjonsutdanningane er sentrale for velferdsstatens tenester. Desse skal det satsast på. Regjeringa forventar at me undersøker og tek omsyn til framtidige kompetansebehov i arbeidet med å dimensjonere og tilpasse studieporteføljen.
La det vere sagt. Det går føre seg eit stort og gjennomgripande arbeid kring dette i alle våre fire institusjonar. Men arbeidet treng stabilitet, insentiv og føreseielege rammer. Det kostar å oppretthalde og utvikle kapasitet og fagmiljø av høg kvalitet på våre 27 studiestader i heile Noreg.
For å takle store og hurtige svingingar i søkartal for desse samfunnsberande profesjonsutdanningane forventar me at regjeringa sikrar langt betre vilkår for utvikling og omstilling. Profesjonsmeldinga og nytt opptakssystem kan løysa mykje. Spørsmålet som må svarast ut er: Kor lenge kan regjeringa sjå på rekrutteringssvikta til lærar-, barnehage- og sjukepleieyrka?
Det er bra med rekrutteringsstrategiar, og me arbeider dagstøtt for å auke søkartala. Men det trengst meir. Det nye finansieringssystemet straffar oss som har nedgang i sentrale profesjonsfag. Kompenserande tiltak frå Regjeringa si side som veg opp for dette er heilt naudsynt for å sikra ein god fagleg beredskap. Å byggja ned og opp fagmiljø på kort tid er krevjande og skadeleg. Det trengst difor sterke insentiv til rekrutteringa snur igjen.
Som vi skreiv i kronikken vår tidlegare denne månaden: Profesjonsmeldinga må halda fram ein strategi for ekstra finansiering av fleircampusinstitusjonar når det er eit mål å ha profesjonsutdanningar i heile landet.
Dei siste åra har Regjeringa i løyvingane for universitet og høgskular gjennomført store kutt for å frigjere midlar til nye satsingar og omprioriteringar innanfor høgare utdannings- og forskingssektoren. Regjeringa må i statsbudsjettet for 2025 setje kraft i å styrka fleircampusinstitusjonar som tilbyr samfunnsberande utdanningar over heile landet. Fjorårets start var god. No trengst ei kraftfull opptrapping. Det hastar.