tryggleik

Professor: Naivt å tru at det ikkje kan koma skuleangrep i Noreg

Studentane etterlyste kunnskap om ekstreme valdshendingar. Då skreiv professor Stig Johannessen like gjerne ei bok.

Dersom det kjem eit skuleangrep i Noreg er det mest sannsynleg at dette skjer ved eit universitet, ein høgskule eller ein vidaregåande skule. Det meiner NTNU-professor Stig Ole Johannessen. Han gir no ut bok om spektakulær vald.
Publisert Oppdatert

I slutten av august skjedde det for første gong i Noreg: To vitskapeleg tilsette vart knivstukne på jobb. Hendinga skjedde ved Universitetet i Oslo (UiO), og studenten som er sikta, sit framleis varetektsfengsla.

Det som skjedde i Oslo var ikkje eit døme på spektakulær vald, seier professor Stig Johannessen. Han er tilsett ved Institutt for informasjonssikkerhet og kommunikasjonsteknologi ved NTNU, og gir i desse dagar ut boka «En mot alle. Soloterror, skoleangrep, masseskyting». I denne boka nyttar han nettopp omgrepet «spektakulær vald» om masseangrep som skuleskyting, soloterrorisme og masseangrep.

— Dette er vald som er meint for å verta vist fram og for å få merksemd i media, seier Johannessen.

Han seier at i dag manglar ein eit fellesomgrep for slike angrep. Nokre gongar vert det kalla ekstrem vald, andre gongar terror. Men Johannessen meiner det også er grunn til å differensiera, for det kan ligga ulike motiv bak.

— Det er både likskapar og skilnader mellom skuleangrep og terror, seier han.

For dei som jobbar med førebygging

Ein har hatt fleire masseangrep i Noreg: 22. juli er det mest sjølvsagde dømet, men ein har òg hatt angrep i ein moské i Bærum, massedrap på Valdresekspressen og drap i Kongsberg. I juni i fjor var det skyting mot to utestadar i Oslo, ei hending som var retta mot det skeive miljøet.

Utgangspunktet og motivasjonen for denne boka er at det mangler en oversiktlig framstilling av kunnskapen om ulike typer masseangrep begått av soloangripere i velstående land. Det er også skrevet lite om sammenhenger mellom ulike typer masseangrep: Hva som kjennetegner angriperne og angrepa, kvifor personer som er oppvokst i velstående land, begår slike ekstreme forbrytelser, kvifor de lykkes med angrepa, og hvordan det kan arbeides med beredskap og forebygging. 

Dette skriv Johannessen i innleiinga til boka.

— Studentane og fagfolk har spurt etter ei bok om dette emnet, og eg tenkjer denne er relevant særleg for dei som jobbar med førebygging, både innan politi, helse, skule og psykiatri, seier professoren til Khrono.

— I tillegg kan det vera ei bok for dei profesjonelle beredskapsaktørane. Korleis kan dei førebu seg på slike hendingar?

Meiner ein må gjera noko rett

Både i Sverige, Danmark og Finland har det vore angrep eller forsøk på angrep mot skular. I Noreg har ein ikkje hatt det. Men:

— Ja, ein må tenkja at det kan skje her, seier Johannessen.

Han seier at ein òg kan stilla spørsmål ved kvifor det ikkje har vore skuleangrep i Noreg.

— Det må vera noko me gjer rett. Kanskje handlar det om inkludering, til dømes gjennom breiddeidrett, og om sosial utjamning? Men me veit òg at vald i skulen aukar.

Johannessen seier at ein, for å framleis kunne hindra tilfelle av ekstrem vald i Noreg, må sjå på kva av det ein allereie gjer ein kan forsterka.

— Samstundes må ein ikkje vera så naive at ein tenkjer at det ikkje kan skje her.

Det har ikkje vore skuleskyting i Noreg. Det må vera noko me gjer rett, seier professor Stig Johannessen. Boka han har skrive er mellom anna tenkt for studentar som skal ut i yrke der dei jobbar førebyggande.

Å snakka med studentane

Nesten alle dei angrepa ein har sett mot skular, særleg i USA, er utført av anten noverande eller tidlegare elevar. Årsaker som har vore diskutert, er mellom anna mobbing og utanforskap.

Johannessen seier at det ikkje finst nokon direkte samanheng mellom mobbing og massemord.

— Men generelt er arbeidet mot mobbing og for inkludering nyttig for samfunnet, ikkje minst for enkeltpersonar.

— Det er lett å tenkja at dei som utfører slike åtak er sinte, unge menn?  

— Stadig fleire av dei som er masseangriparar er ikkje meir sinte enn andre, men dei slit med identitetsproblematikk og er ekstremt opptekne av å få merksemd, seier Johannessen.

Han seier at det er verd å merka seg at jenter er i same risikosone i utviklinga si som gutar er, og peikar på at både i Noreg og andre land aukar tilfelle av fysisk vald blant jenter.

— Det einaste tilfellet av skuleangrep i Danmark, som vart avverga i siste liten, var planlagt av ei då 15 år gamal jente.

Han seier òg at det er bortimot umogleg å finna ein skuleanrgipar i elevmassen. Men det er nokre teikn ein kan sjå etter, og professoren nemner særleg psykisk helse tidleg i tenåra.

— Noko av det ein kan gjera for å førebygga, er å snakka med studentar om sjølvmord og psykisk helse og faresignal for livstrugande vald. Kva signal skal dei vera observante på? Når skal dei varsla?

Dersom det kjem eit skuleangrep i Noreg, meiner Johannessen at det er mest sannsynleg at dette skjer ved eit universitet, ein høgskule eller ein vidaregåande skule. Barne- og ungdomsskular har liten risiko, meiner han.

— UH-sektoren er nok der ein har tenkt mest på dette, og ein har i alle fall begynt å laga planar, det ein kan kalla byråkratisk beredskap.

Kor mykje kan ein øva?

For spørsmålet er om ein kan øva på hendingar som gjeld spektakulær vald. For nokre år sidan skreiv Khrono om kurs ved Universitetet i Bergen (UiB). Roar Nese, som leier seksjon for HMS og beredskap ved UiB, og som òg leier det nasjonale Beredskapsrådet i kunnskapssektoren, hadde då nokre tips: Finn ut kor nødutgangane er i eit rom. Dersom det ikkje finst nødutgangar gjennom dør, sjekk kor langt det er å hoppa frå vindauga. Det kan òg vera lurt å tenkja på kvar i eit rom ein plasserer seg.

I boka skildrar Stig Johannessen ei fullskalaøving ved NTNU for nokre år sidan. Då var scenariet at det var skyting inne på Dragvoll.

— Men spørsmålet er kor langt ein skal gå i slike øvingar. På Dragvoll brukte ein frivillige markørar, nokre av dei studentar. Sjølv om dei hadde vorte førebudde på kva som skulle skje, var det likevel nokre av dei som fekk reaksjonar etterpå. Slike øvingar har nok mest verdi for samkøyring av blålysetatane, og ein bør bruka profesjonelle som aktørar i spelet, seier han.

— Bør ein øva på plivo-hendingar, altså hendingar med pågåande livstrugande vald?

— Plivo er eit politiomgrep. Der kan det vera eitt offer. Men ja, ein bør øva på dette, på institusjonane bør ein i alle fall øva på evakuering, på same måte som ein øver på brann. Men når det gjeld skuleangrep er det nokre situasjonar der ein heller skal stenga seg inne enn å springa ut.

Johannessen seier at den beste beredskapen, både for studentar og for tilsette i UK-sektoren, er å verta meir medvitne om at skuleangrep kan skje, og øva på enkle handlingar dersom ein slik situasjon skulle oppstå.

Rapport om 79

Etter åtaket i Oslo spurde Khrono norske universitet og høgskular kor mange valds- og trusselhendingar som er rapportert inn dei siste åra. 79 er talet. Professor Ingrid Bouwer Utne fekk ein sint student inn på NTNU-kontoret sitt. Kontoret hennar var utforma slik at den sinte studenten stod mellom henne og døra.

Ein bør tenkja på tryggleik når ein drøftar kor tilgjengelege dei tilsette skal vera for studentane, meiner Utne.

— Opne dører og kontor har ei bakside, og ein må spørja seg om korleis balansen skal vera. Me har jo òg felles garderobe med studentane, noko eg meiner ikkje er greitt. I den eine augneblinken stryk du nokon på eksamen, og i det neste møter du dei i dusjen.

Endringslogg: Lagt inn nokre presiseringar 30.10 kl 11.04

Powered by Labrador CMS