geopolitikk
Vil framleis ha samarbeid med både Kina og Russland — med varsemd
Forskingstryggleik vert eit sentralt tema i systemmeldinga, som vert lagd fram denne våren. Statsminister Jonas Gahr Støre vil framleis ha samarbeid med både Kina og Russland.
21. januar 2025.
— Eg jobbar med å fordøya gårsdagen, sa statsminister Jonas Gahr Støre då han møtte leiarar frå universitet, høgskular og resten av forskings- og høgare utdanningssektoren dagen etter at Donald Trump vart sett inn som president i USA.
Kva får dette å seia for samarbeidet med USA? Og korleis skal norske universitet og høgskular kunne samarbeida med land som Kina og Russland i den geopolitiske situasjonen verda er i no?
— Norske forskingsmiljø skal samarbeida med både Kina og Russland når det er viktig, men det må gjerast med varsemd, sa Støre.
Konkurranse om kunnskap
Kva skal ein kalla vår tid, spurde Støre, og viste til at eit av Noreg sine naboland har gått til åtak på eit av sine naboland. Samstundes har ein igjen fått ein president i USA som mellom anna har trekt USA ut av Verdas helseorganisasjon og av Paris-avtalen, og ein har eit Kina på frammarsj, eit land det ifølgje norske styresmakter er tryggleiksutfordringar knytt til.
Tida me er inne i, er prega av polarisering, fremjing av det nasjonale og med autoritære regime på frammarsj, sa Støre.
Noko av det same sa forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund L. Hoel i sitt hovudinnlegg.
— Konkurransen om kunnskap og teknologi er ein sentral del av den globale maktkampen. I ei verd der forholda mellom stormakter blir meir tilspissa, blir globalt kunnskapssamarbeid stadig meir krevjande — men og stadig viktigare, sa Hoel.
Han sa òg at forskingstryggleik vil vera eit sentralt tema i systemmeldinga som han skal legga fram denne våren.
— Me må jobba langsiktig og strategisk for å sikre Noregs tilgang på den internasjonale forskingsfronten. Dette føreset ein open og inkluderande diskusjon om korleis me kan verna om og utvikla kunnskap og teknologi som sikrar våre nasjonale interesser, sa Hoel.
Idéforsprang
Ei av sakene som har vore framme i det siste, knytt til Trump og USA, er Grønland. Den amerikanske presidenten kan tenkja seg å kjøpa landet, har han sagt.
Grønland er først og fremst Danmark si sak, sa Støre, men Grønland er òg ein del av nordområda.
— Og me ligg òg i nord, sa Støre.
Men nordområda og Arktis er område som òg er interessante for både Russland og Kina.
— Me skal vera leiande på kunnskap om nord, sa statsministeren.
— Ein av dei kapitalane me har som småstat i nord, er eit idéforsprang. Me har mellom anna gjort Universitetet i Tromsø lenger, og til eit arktisk universitet, og me har utvikla BarentsWatch.
Han la òg vekt på at talet på både vernepliktige og andre stillingar i Forsvaret er auka.
— Russland har ei interesse i å halda spenninga ganske låg i nord. Men det er me som skal vera i dei vatna, me skal ikkje overlata det til andre.
Kva med ei anna nordleg øy?
Statsministeren nemnde ikkje Svalbard i innlegget sitt, eit samfunn i nettopp nord, der det er forskarar frå 30 nasjonar. I den framleis temmeleg ferske Svalbard-meldinga heiter det at det er aukande interesse frå utanlandske forskingsinstitusjonar for å koma til Svalbard, og det heiter òg at det er behov for ei sterk, norsk forskingsleiing.
— Me ønskjer internasjonal forsking på Svalbard. Forsking er faktisk ikkje ein del av Svalbardtraktaten, seier Støre til Khrono.
— Men samstundes er beredskap og medvit knytt til forskinga viktig der òg.
Kva får ein mest igjen for?
— Det er viktig at forskingsmiljøa held samarbeid flytande, sa statsministeren då tema var Russland.
Om Kina sa han at ein skal samarbeida der det kan vera i norsk interesse — men samstundes vera forsiktige knytt til tryggleik.
— Ein balanse, sa Støre.
Han sa òg at norske forskingsinstitusjonar må vurdera kva ein får mest igjen for. Er eit samarbeid med Kina så viktig at ein kan leva med ein større belastning på vektskåla når det kjem til etterretning og faren for å møta menneske med dobbel identitet?
Hoel sa at regjeringa i systemmeldinga kjem til å ta grep for å rusta forskingssystemet for å svara på denne nye tryggings- og geopolitiske røynda. To av punkta han trekte fram var ei konkretisering av at forsking og utvikling er peika på som ein grunnleggande nasjonal funksjon, og om at ein må vurdera kva teknologiar som har strategisk betydning for nasjonal tryggleik.
— Det er viktig å ha ein kunnskapsberedskap, sa Hoel, og viste til det forgjengaren hans, Sandra Borch, sa på Kontaktkonferansen i fjor.
— Kunnskapsverda spelar ei viktig rolle i beredskapen, sa statsministeren eit par timar seinare.
Men han sa òg at svært mykje av teknologien som vert nytta, òg i Noreg, knytt til både produksjon av solceller og elbilar, kjem frå nettopp Kina.
— Støre, er ein for avhengig av Kina, når det til dømes handlar om teknologi?
— Eit land som Noreg vil aldri kunne produsera alt me treng sjølv, seier Støre til Khrono.
Ikkje anten/eller
Nokre gonger er det naudsynt med samarbeid med statar ein ikkje vil samanlikna seg med. Mette Halskov Hansen, viserektor ved Universitetet i Oslo og professor i Kina-studium, sa i sine kommentarar til Støre sitt innlegg at det ikkje handlar om anten null samarbeid eller å berre køyra på.
— Me må nyansera dette. Me må vera medvitne om kva tema og kva metodar der det er risikabelt å ha med forskarar frå autoritære statar, og om kva forsking som kan misbrukast. På den andre sida: Korleis skal me kunne forska på dei store globale utfordringane, som pandemi eller klima, utan å samarbeida med nettopp Kina, sa Hansen.
Nyeste artikler
Vil framleis ha samarbeid med både Kina og Russland — med varsemd
Hennum vil velges til den ene stillingen hun ikke har hatt ved universitetet
Lanserer korte studier for å lokke nye lærerstudenter
Tid for forskning
Hoel vil lage ekspertgruppe for kunstig intelligens
Mest lest
Leder fikk grovt krenkende julekort i posten. — Ble oppfattet som truende
Forskeren ble sagt opp etter 20 år: — Universitetsverden er veldig forstokket
Hoel fikk spørsmål om kjønn på Stortinget. Svarte bare «nei»
Meiner rektorane bør slutte å sutre. — Problemet er innavl, nepotisme og svak styring
Fikk bli med i prøveordning for unge forskere og ble professor etter fire år