Debatt ● Steinar Vagstad
NTL og streiken i staten
Steinar Vagstad, Forskerforbundet, svarar i debatten om streiken og lønnsoppgjeret.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Den eine NTL-aren etter den andre står fram med sterke meiningar om streiken til Unio og Akademikerne (Sass, Kjelsberg, Hjelme).
Dei ser ut til å vere einige om at eitkvart lønnsoppgjer må brukast til å heve dei lågaste lønningane på universiteta, at dei høgtlønna derfor må finne seg i svakare lønnsvekst enn resten av samfunnet, og at einkvar protest mot dette er usolidarisk eller det som verre er.
Dette er sjølvsagt heilt legitime synspunkt. Argumentasjonen, derimot, heng ikkje alltid like godt saman.
- Det er mykje rar logikk ute og går når det gjeld prosentvise tillegg i ein situasjon med inflasjon – Arve Hjelseth skriv klokt og godt om dette, så det treng eg ikkje repetere her.
- Kjelsberg hevdar at konsumprisindeksen undervurderer inflasjonen for låginntektshushaldningar, slik at desse treng høgare lønnsvekst enn høgtlønna for å kompensere for inflasjon. Dette spørsmålet er undersøkt av SSB på oppdrag frå Lavtlønnskommisjonen, og konklusjonen eg har fått formidla derifrå er at denne effekten er så liten at vi kan sjå bort frå den.
- Det blir hevda at lågtlønnsgrupper må prioriterast i tider med fallande reallønn. Kanskje det, men i såfall høyrest det logisk ut at lågtlønnsgruppene bør nedprioriterast når reallønna stig, og det er kanskje ikkje det NTL ønskjer?
Kjelsberg viser med tal frå NTNU at dei administrative stillingskodane har hatt svakare lønnsvekst enn professorar og førsteamanuensar mellom 2016 og 2019. UiB-data for perioden 2012-2023 gir eit liknande bilde, som (i alle fall ved UiB) er ganske så misvisande.
Det har vore ei stor forskyving oppover i dei administrative stillingskodane. I 2023 var det 94 prosent færre konsulentar og 750 prosent fleire seniorrådgjevarar enn det var i 2012. Viss vi slår saman konsulent, førstkonsulent, seniorkonsulent, rådgjevar og seniorrådgjevar i ei gruppe, har denne gruppa hatt om lag 6 prosent reallønnsvekst i perioden 2012-2023, trass i at kvar av stillingskodane har hatt reallønnsfall i perioden.
Vår politikk har vore mislukka i den forstand at våre grupper ikkje held tritt med frontfaget, men det ville ha vore endå verre viss vi hadde gjort som NTL.
Steinar Vagstad
Dette er det vi kallar samansetningseffektar. 6 prosent er reallønnsveksten i resten av arbeidslivet i perioden, så det er ikkje det at det har vore lønnsfest i administrasjonen.
Det er ikkje på langt nær så store samansetningseffektar å spore blant dei vitskaplege stillingane, mest fordi kvalifikasjonskrava er forskriftsbestemt, og i den grad dei endrar seg over tid er det i retning av strengare, ikkje slappare, krav.
Gruppa «vitskaplege stillingar» hadde 2,0 prosent nedgang i reallønn, dette var samansett av 3,3 prosent auke i reallønn for professorane, om lag uendra reallønn for førsteamanuensane, og varierande grad av reallønnsnedgang for resten av dei vitskaplege stillingskodane. Verst stilt av dei store stillingskodane er postdoktor, som har fått reallønna redusert med 13,1 prosent i perioden.
Lønnsoppgjeret er berre er ein av drivarane av lønnsvekst. Litt forenkla kan ein seie at lønnsnivået for professorar og andre som er mange år i same stillingskode er styrt av lønnsoppgjera, lønnsnivået for administrative blir i tillegg sterkt påvirka av opprykk med og utan kodeendring, medan lønnsnivået i rekrutteringsstillingane hovedsakleg er styrt av startlønn. Forskerforbundet prioriterer rekrutteringsstillingane høgt når det gjeld auka startlønn (både sentralt og lokalt ved UiB), med lite hjelp frå NTL. Vi har fått til noko lokalt, men altså ikkje nok til å unngå reallønnsnedgang.
Vår politikk har vore mislukka i den forstand at våre grupper ikkje held tritt med frontfaget, men det ville ha vore endå verre viss vi hadde gjort som NTL.
Forskerforbundet styrer ikkje universiteta. Kronetillegg a la 2023 var ein liten fordel for stipendiatar, ein liten ulempe for postdoktorar, og kjelde til store tap for førsteamanuensar og professorar. Som Hjelseth seier det: «Det er jo grenser for hvor mye man bør motarbeide sine egne interesser.» Blant dei som ville ha tent på kronetillegg er det mange med eit veldig kortsiktig forhold til universitetet, som studentassistentar.
Både medlemmene våre og universitetet er tent med å halde NTL-fingrane borte frå lønnsforhandlingane for våre medlemmer. Det er langt på vei dette årets streik handlar om.