Strategi

No snakkar dei om Universitetet i Volda

Kan vi sjå konturane av Universitetet i Volda? — Det var fleire som synest det var ein spennande tanke, seier rektor Johann Roppen.

Rektor Johann Roppen i det splitter nye mediebygget i høgskuletettstaden Volda. Kanskje blir det snart ein universitetstettstad?
Publisert Oppdatert

Høgskulen i Volda var ein av få statlege høgskular som vart ståande att aleine som sjølvstendig høgskule etter den mest intense universitets- og samanslåingsbølga i åra etter 2015.

Men er høgskulen no i ferd med å snuse på moglegheiter for universitetsstatus?

I eit strategiseminar nyleg mellom leiinga og høgskulestyret kom temaet opp sånn «fem på tolv».

Skjebnemøte i desember

— Dette med fusjonar og slikt har ikkje vore på dagsorden i organisasjonen på veldig lenge. Så kom dette innspelet og ideen opp. Det var fleire som synest det var ein spennande tanke, seier rektor Johann Roppen.

Spørsmålet er om ambisjonar om å bli eit universitet skal inn i strategiplanen, som i utgangspunktet skal bli vedtatt i styremøte i desember.

Om styret ønskjer universitetsambisjonar inn i strategien, meiner rektor Roppen det kan vere hensiktsmessig å utsetje vedtaket til mars 2022 for å drøfte ideen breiare først.

Og det må vere basert på noko meir enn nynorsk, sveler og fantastisk vestlandsnatur.

Bjørn Haugstad, avtroppa statssekretær 2018

Uansett kva styret landar på i desember, legg Roppen opp til at ideen om å bli universitet skal ut på intern høyring. Når og i kva form er ikkje klart.

— Det kjem an på kva styret vil seie, seier Roppen.

Trur rommet blir smalt for høgskulane

Argumenta og tankane var fleire under strategiseminaret i oktober. For landskapet i høgare utdanning er noko annleis no.

— Eg er pådrivar for at Volda skal finne sin plass i landskapet, seier styremedlem og fungerande organisasjonsdirektør ved NTNU, Roar Tobro.

Eit argument er at høgskulen bør sikte mot universitetsstatus for å skape tydeleg avstand til fagskulane. Det er ei kjennsgjerning at fagskulane har brei politisk støtte, også i den nye Støre-regjeringa. I 2019 kom blant anna den første fagskule-bachelorgraden.

Som rektor Roppen skriv i bloggen sin: «kanskje kan universitetsstatus vere ein slags vaksine mot å bli «degradert» til bachelor-fabrikk».

— Korleis vil rommet vere for høgskulane i framtida, mellom universiteta og fagskulane, spør Tobro, og legg til:

— Eg er usikker på om det rommet vil bli så stort.

Tobro meiner at ein strategi må ta stilling til omgivnadane og rammevilkåra i stort.

— Det handlar ikkje berre om universitet eller høgskule, men no også fagskulane som regjeringa varslar store ambisjonar for. Spørsmålet er kva slags konsekvensar dette kan få for statusar og roller. Strategien bør respondere på dette moglege utviklingsbildet, seier Tobro.

— Må ha ei gjennomtenkt haldning til det

— Meiner du Høgskulen i Volda bør bli universitet?

— Det er eit alternativ. Så er det spørsmål om man gjer det aleine eller saman med andre. Eg tenker ein må ha eit forhold og ei gjennomtenkt haldning til det, seier Tobro.

Ein idé er at Høgskulen i Volda kan slå seg saman med Høgskulen i Molde, og saman bli eit universitet. Molde-rektor Steinar Kristoffersen ser personleg for seg nettopp dette på sikt.

Eit anna argument er at aukande formelle og administrative krav gjer det vanskeleg å halde fram som sjølvstendig høgskule. Og at det kan vere vanskeleg å rekruttere fagfolk.

Argumentet som truleg har halde Høgskulen i Volda i hevd så langt, var også ein del av diskusjonen, ifølgje Roppen, nemleg at høgskulen bør halde fram som ein god høgskule og ikkje bli eit dårleg universitet.

Den eine i tospannet som dreiv fram den såkalla strukturreforma i si tid, statssekretær og no påtroppande organisasjons- og infrastrukturdirektør ved NTNU, Bjørn Haugstad, sa i sitt avskjedsintervju med Khrono følgjande om at Volda vart ståande att aleine:

— Ein kan aldri vite, kan hende er det rom for ein liten motkulturdriven institusjon på Nordvestlandet? Men når Høgskulen i Sogn og Fjordane no er fusjonert inn i Høgskulen på Vestlandet så må Høgskulen i Volda finne ut kva som skal vere deira konkurransefortrinn. Og det må vere basert på noko meir enn nynorsk, sveler og fantastisk vestlandsnatur.

— Når kriteria er endra skal vi bli universitet

— Meiner du at Høgskulen i Volda bør bli universitet?

— Når kriteria er endra så skal vi bli universitet. Det er dei det er noko gale med, ikkje oss, seier rektor Roppen.

Rektor Roppen trur krava til å bli universitet er bevegelege og kan endrast. Difor kan han sjå for seg eit universitet i Volda på sikt.

For nettopp dette er ein kjepphest for Roppen. I dag er det nemleg krav om å ha fire eigne doktorgradsprogram og at kvart program må ha minst 15 kandidatar, for å kunne bli universitet.

Roppen sende saman med fire andre høgskulerektorar i oktober ei anbefaling til regjeringa for å få desse krava endra, eit forslag dei meiner vil gi eit meir desentralisert utdanningstilbod i Noreg.

Høgskulen i Volda har i dag ei felles ph.d.-grad saman med Høgskulen i Molde. Etter dagens krav tel ikkje denne fellesgraden som ein av det «magiske talet» fire.

Om Høgskulen i Volda greier å stable på beina ei eiga doktorgrad til, så meiner Roppen det bør halde for å kunne bli universitet.

— Desse krava er ikkje einsbetydande med kvalitet. Men dette er bevegelege mål som er politisk styrte, seier Roppen.

Meiner krava for universitetsstatus er bevegelege

Og han opplever at det er moglegheiter no, og viser til Hurdalsplattforma. Der står det nemleg at regjeringa vil «gjennomgå sentraliserande kvalitets- og akkrediteringskrav i høgare utdanning».

Roppen meiner at det difor ikkje vil vere snakk om noko samanslåing, til dømes med Høgskulen i Molde.

— Den diskusjonen har vi oppfatta som død etter alt som har skjedd kring Nesna. Vi har ikkje merka noko press om dette i dei to siste åra for å seie det slik, seier Roppen.

Styremedlem Roar Tobro meiner på si side at ein må sjå annleis på det når ein skal diskutere strategi.

— Skal ein ha ein ansvarleg strategi, må ein ta høgd for at Volda, som opererer i eit usikkert landskap, må bygge kompetanse og utvikle seg vidare på ei rekkje område for å vere ein solid studiestad for høgare utdanning også i framtida. Då er det jo litt dristig å satse på at spelereglane vil bli endra, seier Tobro.

Akkurat kva regjeringa meiner med at dei skal gjennomgå sentraliserande kvalitets- og akkrediteringskrav er ikkje godt å seie.

Når Khrono spør om dette også gjeld krava for å bli akkreditert som universitet, er svaret frå Kunnskapsdepartementet at dette ikkje er avklart per no.

— Har nok utfordringar om ikkje sjølve vi skal gi oss ei ny runde med stolleik

Men som sagt er det først om krava for universitetsstatus blir endra at det er aktuelt for Roppen å vurdere å gå i universitetsretninga. Enn så lenge har han ikkje hastverk, om det skulle måtte bety samanslåing.

— Det er oppdraget vårt som må telle. Vi er ein av tre høgare utdanningsinstitusjonar i Møre og Romsdal, som er det fjerde lågaste fylket når det kjem til utdanningsnivå. Og dette må vi løyse på ein god måte. Den dagen vi ikkje klarer å løyse det, så kan ein ta ein seriøs diskusjon om desse tinga, seier Roppen og legg til:

— Vi har nok utfordringar om vi ikkje sjølve også skal gi oss ein ny runde med stolleik, dansing og ekteskap.

Powered by Labrador CMS