distriktspolitikk

Eit universitet, eller var det ein høgskule på kvart nes?

Det er krav om meir desentralisert høgare utdanning. Men skal universitetsstyra ha kompetanse på distriktspolitikk?

Sps Trygve Slagsvold Vedum i Namsos april 2019, saman med rundt 7000 andre som deltok i DDEs støttemarkering på Festplassen for å bevare Nord universitet i byen. Og dei vann fram.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Regjeringa har nyleg spandert på oss to offentlege utgreiingar om distriktpolitikk. Etter å ha lese kva som står om høgare utdanning i dei to NOU-ane, ser det ut til at dei er samstemde i at det må bli meir desentralisert høgare utdanning.

Det bør innføres insentiver for at universiteter, høyskoler og fagskoler skal etablere flercampusmodeller for å møte arbeids- og næringslivets behov over hele landet, samtidig som det skapes relevante kunnskapsmiljøer i krysningspunktet mellom utdanning, forskning og næringsliv, heiter det frå Distriktsnæringsutvalet blant anna.

Utvalet har vore leia av den tidlegare styreleiaren ved NTNU og næringslivsleiaren Svein Richard Brandztæg.

Demografiutvalet, leia av professor emeritus Victor Norman, meiner mellom anna at universitet og høgskular skal påleggast å ha eit desentralisert utdanningstilbod. For høgare utdanningspolitikk er éi av brikkene ein bør sjå på som distriktspolitisk verkemiddel, meiner utvalet.

For dei av oss som både er tilhengarar av kvalitet i høgare utdanning og ein god distriktspolitikk, så er jo dette god lesnad. Kanskje. For spørsmåla melder seg raskt om eit jatakk, begge delar faktisk går i hop? Og ikkje minst: Er det politisk vilje til så drastisk omlegging av både høgare utdanning og distriktspolitikken som desse forslaga vil innebere? Og kven skal styre distriktspolitikken? Universiteta eller regjeringa?

Dei to distriktsutvala skriv ikkje så mykje om ønskt kvalitet på den høgare utdanninga som dei vil skal spreiast enno meir utover landet. Men dei vil ha «relevante kunnskapsmiljø» fleire stader. Og dei ønsker seg ein ny finansieringsmodell for universitet og høgskular, som skal gi insentiv til at fleire studentar skal ta utdanninga si nærare der dei kjem ifrå. I dag er det stadig færre som gjer dette, mens reine nettstudium aukar.

Debatten om arbeidslivsrelevans er ein heit potet i akademia. Frontane står i houvudsak mellom dei eldste breiddeuniversiteta (særleg Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen) og dei yngre profesjons- og arbeidslivsretta universiteta, som er bygde opp på fundamentet frå ulike høgskular (som f.eks Universitetet i Søraust-Norge og OsloMet).

Når det gjeld finansieringssystemet er det likeins.

Avtroppande rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Berit Rokne, peikte på dette i eit intervju etter det første året sitt i rektorstolen:

«Vi har omtrent like mange studenter som Universitetet i Bergen. Men vi har halvparten så mange ansatte og halvparten så stort budsjett,» sa rektor Rokne. HVL har også ein ambisjon om å bli universitet om få år. Men der Universitetet i Bergen er samla på ein stad, nemleg Bergen, har HVL hovudcampus i Bergen og fire andre studiestader både i Haugesund, Stord, Sogndal og Førde.

Petter Aasen, rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg har vore den fremste talspersonen for både fleircampus, relevans og næringslivssamarbeid i uh-sektoren. Han helsar dei nye NOU-ane velkommen, men melder klart ifrå at det er veldig dyrt å drive distriktsutvikling via eit universitet. Så her trengst det mykje pengar for å lykkast.

I 1987 skreiv tidsskriftet Søkelys på Sogn og Fjordane om ein høgskule på kvart nes, for første gong. Er vi på veg dit igjen?

Det opprinnelege målet med strukturreforma frå 2015-2017, der nitten universitet og høgskular blei fusjonerte til sju, og som dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) stod i front for, var ikkje sentralisering, blei det sagt. Her skulle det bli Konsentrasjon for kvalitet, som meldinga heitte.

Så lenge gulrota, og ikkje berre pisken, blei brukt for å få til fusjonar i kunnskapssektoren, handla dei departementale lovnadane om at alle små studiestader landet rundt skulle bestå og vidareutviklast. Men samstundes hadde den same regjeringa ein politikk for universiteta om at kvaliteten på utdanningane skulle opp, og dei skulle også utvikle verdsleiande forskingsmiljø.

Men kan eit universitet bli verdsleiande samstundes som det skal drive distriktspolitikk? Eg tvilar.

Ikkje ein gong Senterpartiets Trygve Slagsvold Vedum, som fossar fram på meiningsmålingar inn i valåret 2021, har så langt sagt at han vil reversere strukturreformen dersom partiet hans kjem i posisjon. Likevel kan det hende at det er i ferd med å skje no.

For både Vedum og SV, Ap og MDG har alle lova å ordne nytt liv for høgare utdanning på Nesna i Nordland viss dei kjem i posisjon etter valet neste haust. Det er blitt ei viktig symbolsak.

Nord universitet var det første universitetet som hamna i ein reell skvis mellom krav om kvalitet på høgare utdanning, universitetsstatus og distriktspolitikk. Då dei som nyfusjonert universitet med tidlegare Universitetet i Nordland, Høgskulen i Nesna og Høgskulen i Nord-Trøndelag skulle innfri dåverande statsråd for høgare utdanning og forsking, Iselin Nybø (V) OG Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (Nokut) sine alvorsord om kvalitet, blei det eit helsikes leven, for å seie det på ujålete vis.

Nord-rektoren gjorde leksa si og var modig nok til å foreslå å redusere frå ni til fem studiestader/campusar i april i fjor. Men då føljane av alvorsorda frå statsråden og Nokut kom for ein dag, slo distriktspolitikarane hardt tilbake.

Statsråd Trine Skei Grande (V) fekk «snøras i hodet» då konsekvensen av politikken til regjeringa ho satt i gjekk opp for henne. Ho sørga umiddelbart for at Campus Namsos, i området der veljarane hennar bur, blei berga frå nedskalering. Ho hadde god draghjelp frå nordtrønderen på toppen av NHO, Ole Erik Almlid, DDE, Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Audun Lysbakken (SV) og eit tverrpolitisk lokalt engasjement.

I tillegg kom eit brev til Nord-styret frå partifelle og statsråd Iselin Nybø som denne gongen ikkje understreka kvalitetshensyn til høgare utdanning, men bad om at det måtte takast lokale omsyn når det gjaldt studiestader og vedtaket dei skulle gjere.

Styremedlem ved Nord universitet, Espen Leirset, uttrykte universitetsstyrets dilemma ganske så presist i eit innlegg i Khrono om styrespagaten dei stod i. Dei fleste av landets uh-rektorar likte dårleg det dei såg, og protesterte mot statleg detaljstyring av Nord universitet, utan at det nådde fram.

Nesna-saka er enno ikkje over. Ho har blitt ei viktig symbolsak som held fram frå lokalvalet i 2019 og inn i stortingsvalet 2021. Etter at Frp gjekk ut av regjeringa er det no fleirtal på Stortinget for å handsame saka i Kontrollkomiteen.

Dei distriktspolitiske signala som no kjem frå mange hald, både frå offentlege utgreiingar, Stortinget og opinionen er særs interessante og kan vere eit varsel om større endringar i universitets- og høgskulesektoren enno ein gong. Slik som distriktsvinden no blæs over nes og nut er det ingen grunn til å tru at desse NOU-ane vil bli lagde i ein skuff.

UiT-rektor Anne Husebekk tok allereie i 2018 til orde for at det ikkje er rimeleg å stille same krava til alle universiteta i landet. Nokre må ta på seg oppgåvene til alle høgskulane som forsvann, sa ho i eit intervju med Khrono.

Og der sette ho vel fingeren på rett punkt. I lille Noreg kan ein ikkje vere i forskingsfronten og ha excellence på kvart nes. Husebekk åtvara også mot at vi ein dag kunne få eit stortingsfleirtal som var samde med konklusjonane i ein OECD -rapport som antyda at tre universitet i Noreg - ikkje 12 som det kan bli - kan vere eit passande tal.

Eg trur at universitetsleiarane og -styra landet rundt no bør vakne og melde seg på debatten om kva slags oppgåver dei aller helst vil ha i framtida. Høgskule- eller universitetsoppgåvene? Eller kanskje nokon klarar begge delar? Det er spennande tider og det går mot viktige debattar.

På kvart eit nes.

Powered by Labrador CMS