Styret ved Høgskulen i Volda ønsker ikkje å lukka nokon dører i struktursaka. Denne veka skal dei vedta strategiplan for dei neste fire åra. Foto: Høgskulen i Volda. Foto: Høgskulen i Volda
Styret ved Høgskulen i Volda ønsker ikkje å lukka nokon dører i struktursaka. Denne veka skal dei vedta strategiplan for dei neste fire åra. Foto: Høgskulen i Volda. Foto: Høgskulen i Volda

Fusjonsdebatten lever framleis i Volda

Sjølv om lærarutdanninga har fått godkjentstempel, er ikkje diskusjonen om fusjon lagt på is ved Høgskulen i Volda. Dei ser mot Bergen og Molde.

Publisert Oppdatert

(Foto: Høgskulen i Volda)

Høgskulen i Volda er ein av få høgskular som så langt ikkje har villet slå seg saman med nokon. 

På høgskulestyremøte denne veka skal Høgskulen i Volda vedta strategiplan for dei neste fire åra.  Her skal strukturspørsmålet også omtalast, skriv På Høyden.

Mogleg fusjon med Bergen eller Molde

Strukturen me no har fått er ulogisk. På lengre sikt trur eg me vil få universitets-regionar - og i eit slikt perspektiv bør leiinga ved UiB kome trønderane og eit ekspan-derande NTNU i
forkjøpet.

Tor Johan Ekeland

På styremøtet i desember vart eit utkast til strategiplan drøfta - i utkastet frå leiinga stod det ikkje noko om at ein skulle avklare moglegheiter for fusjon. 

Signala frå styret på dette var at ein ikkje ønska å lukka nokon dører no, og at ein ønsker ei aktiv avklaring av forholdet til aktuelle samarbeidspartnarar. 

To oversendingframlegg vart sendt inn frå to styremedlemmar - dei tala for ei utgreiing av mogleg fusjon eller forpliktande samarbeid med Høgskulen i Molde eller Universitetet i Bergen. 

Les også: Solberg gir ein svak «A» til Røe Isaksen

I nytt utkast til strategiplanen som skal vedtakast på førstkomande møte står det no: «(…)HVO skal også avklare om det er grunnlag for å fusjonere med andre institusjonar».

Det står att å sjå kva styret kjem til å endeleg  vedta. 

— Det kan bli skruis framover

Den i styret som så langt har vore mest tydeleg på at han ønsker å gå i retning av fusjon, er professor i psykologi ved Høgskulen i Volda, Tor-Johan Ekeland.

— Eg er av dei som allereie i 2014 meinte at høgskulane i Møre og Romsdal burde ta initiativ til å slå seg saman med Sogndal, og danna Nordvest-høgskulen, seier Ekeland til På Høyden. Han seier vidare:

— Samarbeid er funksjonelt inn til eit visst nivå. Meir samarbeid er ikkje svaret på utfordingane som me har no. Eg er redd for at det blir for utfordrande å stå aleine. Me har til dømes strevd felt for å få stipendiatstillingar no. Det kan bli skruis framover. 

Ekeland fremma forslag i styret om at ein primært bør avklara ein mogleg fusjon med Universitetet i Bergen. 

— Høgskulen i Volda er ikkje ein rein profesjonshøgskule, me har fleire disiplinfag, som for eksempel språkfag, nordisk og historie - fag som tradisjonelt har hatt sin identitet i universitetstradisjonen, og som alt har fagleg samarbeid med UiB - og som kan komplettera fagmiljøa der. Medieutdanningane ved dei to institusjonane vil og kunna komplettera kvarandre. Dessutan kan me tilby UiB noko dei ikkje har: ei tradisjonsrik og velfungerande lærarutdanning, og sosialarbeidarutdanning frå bachelor, master og til phd, seier Ekeland.

Olsen i Bergen vil vera lydhøyr

Rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, vil ikkje seie ja eller nei til ein eventuell fusjon no. 

—Det er noko styret må ta stilling til etter ei grundig utgreiing. Men eg har i samtalar med rektor ved Høgskulen i Volda sagt at om dei har behov for alliansepartnarar i form av ein eller annan modell, så vil eg vera lydhøyr til det, seier Olsen. 

Styremedlem ved Høgskulen i Volda, Tor-Johan Ekeland er også klar på at han trur dei fleste i Volda ikkje ønsker å bli trøndarar om det skulle gå mot ei universitetsregionalisering. 

— Strukturen me no har fått er ulogisk. På lengre sikt trur eg me vil få universitetsregionar - og i eit slikt perspektiv bør leiinga ved UiB kome trønderane og eit ekspanderende NTNU i forkjøpet. Her i Volda trur eg dei fleste vil foretrekka å vera eit frontavsnitt nordover for eit Vestlandsuniversitet, enn det motsette, seier Ekeland og legg til:

— På sett og vis har me ikkje eit val, det er avhengig av om UiB er interessert i den type ting. Me kan ikkje venta at UiB inviterer til forhandlingar. Men Volda kan gjera det for å undersøka om dette er ei reell moglegheit.

Sjølv om Ekeland aller helst ser mot sør, vil han ikkje utelukka ein fusjon med nabohøgskulen i nord.

— Me har allereie eit godt samarbeid på mitt fagfelt med Molde, og har utvikla ein phd i helse og sosialfag. Ei samanslåing vil gje eit komplett helse og sosial-tilbod. Ein fusjonen med Molde vil ikkje vera så utfordrande fordi me er komplementære. Me utfyller kvarandre godt, og må holda den døra open, seier han.

Felles høgskule i Møre og Romsdal?

Kunnskapsdepartementetet inviterte førre veke rektorane ved HVO, HiMolde og NTNU til eit møte for å diskutera korleis ein kan styrka utdanningstilbodet i Kristiansund, på oppdrag frå Stortinget.

Bakgrunnen er at fylkestinget i Møre og Romsdal har vedteke å bruke fire millionar kroner til planlegging av det dei kallar Campus Kristiansund, og dei ønsker å gjere det saman med høgskulane i Volda og Molde. 

Les meir: HiMolde-leiinga vil bygge Campus Kristiansund

Det har også kome fylkespolitiske utspel på at ein ønsker ein felles høgskule i Møre og Romsdal med kampus i Kristiansund. 

— Eg forstår godt ønsket om å styrka utdanningstilbodet i Kristiansund og Nordmøre og ikkje minst bakgrunnen for dette. Men eg trur ikkje dette aleine talar for å slå saman dei to høgskulane i fylket, seier rektor ved HVO, Johann Roppen.

Rektor ved Høgskulen i Molde, Hallgeir Gammelsæter seier dei no har tatt ein pause i fusjonssaka for å jobba med interne ting. 

— Det er fylkespolitiske utspel på at ein ønsker ein høgskule for regionen. Debatten er i gong. Tematikken er ikkje berre oss og Volda. Tematikken er like mykje ein felles høgskule for regionen. Kristiansund er ein del av dette. Me har forsømt å jobba med strategi på grunn av struktursaka, og det forsøker me å få gjort noko med no framover. Difor står ikkje fusjonsspørsmålet så høgt på dagsorden akkurat no. 

Treng lokalt politisk engasjement

Ein av dei som er mest interessert i å sjå nordover er eksternt styremedlem Terje Heggem frå Molde, han var tydeleg på at han ønska å sjå på moglegheitene for eit forpliktande samarbeid med HiMolde.

— Eg trur ikkje det er lurt å slå att dører på det noverande tidspunkt. Det handlar om å sikra Volda si framtid.

Han var ikkje like positiv til å sjå mot Bergen, og meiner den politiske dimensjonen er fråverande i debatten. 

— Eg trur Volda treng lokalt politisk engasjement i åra framover for å utvikla seg som høgskule. Eg må seia at eit halvveis ekteskap eller sambuarskap med Bergen ikkje skapar forsterka entusiasme på politisk nivå i fylket vårt, og eg trur ikkje at Bergen eller hordalandspolitikarane står på barrikadane for å kjempa for Volda si eventuelle framtid i forhold til sentrale myndigheiter, sa han under styremøtet i desember.

Rektor vil stå aleine

Det første stragetiutkastet har vore ute på høyring, og det er delte tilbakemeldingar på om ein ønsker at strategiplanen skal innehalda noko om fusjonsspørsmålet. 

Det er inga hemmelegheit at rektor Johann Roppen helst ser at HVO blir ståande aleine, noko han gjekk til val på i 2013. 

— Det er ikkje ei dårleg løysing at me held fram som sjølvstendig høgskule. Det var det eg gjekk til val på. Eg vil ikkje lura dei som brukte stemmeretten sin og stemte på meg.

Med tilsakn om akkreditering av lærarutdanninga frå NOKUT, og ei endeleg godkjenning som svært truleg er rett rundt hjørnet, ser han ikkje noko umiddelbar grunn til å sjå andre vegar. 

Les også: Henta professor frå Helsinki for å sikra lærarutdanninga

— Eg håpar på at det blir tydeleg frå styret si side at me ikkje er i ein tvangssituasjon, at me kan halda fram som sjølvstendig høgskule, og at den tanken ikkje er forlaten. Og så håpar eg også at styret som kollegium kan semjast om eit vedtak som me kan stå bak, same kva for framtid me ser for Høgskulen i Volda.

Statssekretær Bjørn Haugstad sa tidlegare i år til På Høyden at han ikkje utelukka moglegheita for ein sjølvstendig høgskule i Volda. 

— I Volda tenker dei at dei står støtt på eigne bein. Vi har nok vore litt meir urolege, men vi aksepterer det. Det kan henda at det er ein nisje for ein mindre, veldig skarpt profilert høgskule, om dei er villige til å ta nokre krevjande val, sa Haugstad.

Høgskulestyremøtet kor strategiplanen skal vedtakast finn stad på torsdag

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS