disputas

Han er høgskulen sin første eigne doktorand

Stein Conradsen er i gang med sin tredje karriere. No vert han den første som skal disputera på Høgskulen i Volda, gjennom høgskulen sitt eige doktorgradsprogram.

Stein Conradsen tek doktorgrad i vaksen alder. Han har hovudfag i pedagogikk og jobba deretter lenge i spesialisthelsetenesta som rådgivar. No er han høgskulelektor og forskar ved Høgskulen i Volda.
Stein Conradsen tek doktorgrad i vaksen alder. Han har hovudfag i pedagogikk og jobba deretter lenge i spesialisthelsetenesta som rådgivar. No er han høgskulelektor og forskar ved Høgskulen i Volda.
Publisert

Stein Conradsen er sjølvsagt ikkje den første tilsette ved Høgskulen i Volda som har doktorgrad. Men han er den første som skal disputera fysisk på høgskulen i sunnmørsbygda, gjennom høgskulen sitt eige doktorgradsprogram. Den førre disputasen i Volda var i 2003. Då var det noverande rektor Johann Roppen som tok doktorgrad - via Universitetet i Bergen.

Doktorgradsprogrammet «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving - vilkår og utvikling» er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde, og Conradsen skal fredag disputera med avhandlinga «Patients’ knowledge and their trust in healthcare personnel in elective surgery. A mixed methods study including an extended theoretical discussion».

Rektor: Merkedag

– Dette er ein merkedag for Høgskulen i Volda og me er svært glade for at den første kandidaten er i mål. Å ha eit eige doktorgradsprogram som fungerer godt er eit kvalitetsteikn for oss som utdanningsinstitusjon, seier rektor Roppen, til eigne nettsider.

Conradsen sjølv seier til Khrono at samarbeidet mellom dei to institusjonane har vore godt.

— Den typen samarbeid bør vera vegen å gå framover. Det er ein tendens at forskinga vert meir tverrfagleg, og pedagogikk, som er mitt fag, er i seg sjølv tverrfagleg, seier Conradsen.

Treng ikkje bestemma sjølve

Conradsen seier humrande at han no er i gang med sin tredje karriere. Han har fått stilling som høgskulelektor ved Institutt for pedagogikk. Men vegen til både høgskulen og doktorgrad gjekk via helsevesenet. Conradsen jobba 16 år som rådgivar i spesialisthelsetenesta, med læring og meistring som tema. Her byrja han å jobba med eit prosjekt om evaluering av pasientopplæring.

— Dette kunne brukast vitskapeleg, og eg såg òg at det var mogleg å jobba vidare med tema, seier Conradsen.

Han har forska på omgrepet «tillit» i samband med kirurgiske inngrep. Først hadde han ei kvalitativ undersøking der han såg på utbyttet pasientane har av opplæringstiltak knytt til kirurgi. Deretter gjennomførte han ein kvantitativ undersøking der han såg på om resultata kunne stadfestast.

— Pasientane får informasjon om mellom anna korleis inngrepet går føre seg, kor mykje smerte dei kan rekna med i etterkant og korleis opptreninga bør gå føre seg. Det eg finn, er at pasientane er lite opptekne av medverknad, seier Conradsen.

Han legg til:

— Dei er nesten irriterande lite opptekne av det. Dei seier at «helsepersonellet er så flinke, så eg treng ikkje bestemma noko sjølv». Det eg altså finn, er at behovet for medverknad vert mindre fordi pasientane har tillit til dei som skal gi dei behandling. Difor vart tillitsomgrepet viktig.

Tillit gjer at ein følgjer råd

Spørjeundersøkinga viste i hovudtrekk det same som den kvalitative undersøkinga. Det viser seg at di meir kunnskap ein har, di meir tillit har ein til personalet.

— Opplever ein at pasientane har spurt «doktor Internett» før dei kjem til behandling?

— Ja, ein ser at mange pasientar har ei meir eller mindre kvalifisert oppfatting av si eiga helse. Difor prøver helsepersonell å vera proaktive med informasjon, seier Conradsen.

Han seier at sjølv om pasientane har høg tillit til dei som jobbar i helsevesenet, betyr ikkje dette at dei vert raskare rehabilitert.

— Men dei kjenner seg meir rolege før inngrepet. Mange studier viser òg at dei som har høg tillit er flinkare til å følgja dei råda dei får, til dømes om opptrening.

Etter disputasen håpar Conradsen å framleis kunne forska på tillit. Han ønskjer å dreia forskinga mot utdanningsfeltet og forska vidare på tillit i forhold til kunnskapsdanning.

Disputasen er fredag 19.februar, og kan følgjast digitalt her:

Powered by Labrador CMS