Debatt ● Oddgeir Osland

Marknadsministeriet

No begynner vi å sjå mønsteret i Støre-regjeringa sin politikk for omstrukturering av høgare utdanning: konkurranseutsetjing og nedprioritering av byane.

To hovudgrep: — Det er to hovudgrep i Støre-regjeringas politikk for UH-sektoren, meiner OsloMet-dekan Oddgeir Osland.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Med Khronos reportasjeserie og undersøkingar, og dessutan bidrag frå ein del av oss andre, begynner vi no å sjå mønsteret i Støre-regjeringa si økonomiske omstrukturering av høgare utdanning.

Eit hovudgrep er auka konkurranseutsetting. Mekanismen er å redusere basisløyvingane gjennom å dra inn midlar til det regjeringa kallar inndekking til satsingar. Starten på dette var Solberg-regjeringa sine ABE-kutt på 0.5—0.8 prosent årleg, men dette er blitt ytterlegare skjerpa av Støre-regjeringa, siste åra med kutt på 0.9 prosent. 

Konsekvensen er at universitet og høgskular vert meir avhengige av resultatbaserte inntekter, dvs. inntekter frå rekruttering og uteksaminering av studentar, eller alternative inntektskjelder som NFR og EU.

Det er sjølvsagt mogleg å argumentere for at auka konkurranseutsetting medfører effektivisering og kostnadsreduksjon, slik dette ofte vert framført frå parti som Høgre og Venstre. Men sitjande regjering har hatt ein heilt annan profil, og det er merkverdig å sjå slike omstruktureringar støtta av Sosialistisk Venstreparti. 

Like merkverdig er mangelen på opposisjon frå universitetstilsette og fagorganisasjonar som elles har vore svært kritiske til marknadsorientering. Til dømes har den tidvis utskjelte og no avslutta forskingspubliseringsindikatoren vore eit insentiv med langt mindre effekt for styringa av universitet og høgskular enn den marknadseksponeringa vi no er vitne til.

Det andre hovudgrepet er omfordeling. Her trengst det grundigare analysar i møte med den mangelen på transparens som pregar regjeringa sine omprioriteringar, men eit underliggande mønster er tydeleg: Subsidieringa av distrikta. Statsråd Hoel forklarer omfordelinga med at kompetansemangelen er størst i distrikta, så regjeringa styrkar fleircampusinstitusjonar og utdanningstilboda som treff der behova er størst.

Fleire av oss ville funne det meir intellektuelt og politisk stimulerande om han gjekk inn i dei reelle dilemma vi som sektor står ovanfor.

Oddgeir Osland

Den diagnosen er litt forenkla, for å seie det forsiktig. Vi har våre arbeidskraftbehov i sårbare sektorar i byområda også, og ein del andre utfordringar, til dømes knytt til levekår og segregering. Verre er det at medisinen er forfeila. Ekstra løyvingar og stillingar til campus der studenttalet er fallande, har ingen sysselsettingseffekt utover nye statlege arbeidsplassar til akkurat den campusen. 

Noko seier meg at det også er det som er føremålet. Dei generelle kutta og auka konkurranseutsetting i sektoren skal gje rom for å skjerme distrikt-campus frå demografiens og marknadens dom.

Konkurranseutsetjing og nedprioritering av byane. Slik er Støre-regjeringa sin politikk. You can see how all the pieces fit, as you watch them fall apart, som det heiter hos Willie Nelson.

Forteljinga til statsråd Hoel er at dette er naudsynte omprioriteringar for å møte den nye forsvars- og tryggleikspolitiske situasjonen og andre store samfunnsutfordringar. Framføringa er prega av at Hoel tek rolla som «tydeleg» og «bestemt» overfor sektoren, med ein litt sånn paternalistisk vri à la Borten Moe. 

Fleire av oss ville funne det meir intellektuelt og politisk stimulerande om han gjekk inn i dei reelle dilemma vi som sektor står ovanfor, kva dette krev av omprioriteringar, men også kor det krev stabilitet og stø kurs. Med heile landet som utgangspunkt. 

Det ville nok også medføre at regjeringa og støttepartia måtte kaste eit kritisk blikk på den kursen dei no er inne på.

Powered by Labrador CMS