Debatt ● Marte C. W. Solheim
Kvar vil vi med innovasjon ved universiteta?
Innovasjon er nemnt over hundre gonger i langtidsplanen, men er samstundes ikkje å finne i formåla til universitet og høgskular.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
I den nye langtidsplanen for forsking og høgare
utdanning
kan ein finne ordet «innovasjon» nemnt 130 gonger.
Innovasjon er nemnd 42 gonger i utsynsmeldinga og 38 gonger i kompetansbehovsutvalget sin rapport. I sistnemnde kan ein til dømes lese at det vil vere auka behov for vitskapleg ekspertise og støtte til innovasjon i verksemder skal ein lukkast med den grøne omstillinga. Det er forståeleg, då ein ikkje kan tenke på den grøne omstillinga utan å ha med innovasjon i reknestykket.
Utsynsmeldinga legg vekt på entrepreneørielle ferdigheiter, slik som evna til nytenking, forståing for at forsking kan utnyttast og bidra til verdiskaping og evne til samarbeid på tvers av fagretningar og bransjar, vil vere viktig for å få til den grøne omstillinga.
I kvalifikasjonsrammeverket står det at på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, skal kandidatane kjenne til innovasjon, vurdere behovet for, ta initiativ og drive innovasjon og på ph.d. nivå: bidra til nytenking og innovasjons- prosessar. Det er på generell basis nyleg framlagt den store avstanden mellom rammeverk og realitet.
I langtidsplanen kan ein mellom anna lese om at innovasjon og samarbeid med næringslivet står sentralt for å skape berekraftige helse- og omsorgstenester over heile landet. Her vert det vektlagt at det trengst ei breidde av ulike aktørar inn i dette arbeidet, både frå helsevitskaplege fag som medisin og livsvitskap, men at det også er relevant å trekke inn humaniora og samfunnsvitskap. Det vert understreka at bidrag frå desse sistnemnde fagområda kan vere viktige for at kunnskap og tiltak vert implementert i sektoren, og knytt til samarbeid og etisk brukarmedverknad.
Samstundes kan ein lese at grunna endringane i organisering, oppgåvedeling og bruk av arbeidssparande innovasjonar føreset imidlertid at helse- og sosialpersonellet deltek i utviklings- og innovasjonsarbeid og i implementeringa av løysingane.
Om ein les dette med formåla med universitet og høgskular i mente, så vert det interessant. Der er det skissert at formålet med universitet og høgskular består av fire komponentar: a) og b) tilby høgare utdanning og utføre forsking og fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå, c) formidle kunnskap om «verksemda og utbre forståelse for prinsippet om faglig frihet og anvendelse av vitenskaplige og kunstneriske metoder og resultater, både i undervisningen av studenter, i egen virksomhet for øvrig og i offentlig forvaltning, kulturliv og næringsliv», og d) bidra til en miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig utvikling.
Formidling og akademisk fridom vert her løfta fram, men ikkje innovasjon. Det vert trekt fram at universitet og høgskular skal formidle kunnskap, men samskaping vert ikkje vektlagd. Det vert formidla at vi skal bidra til berekraftig utvikling, og dessutan sørge for anvendelse, og kan hende kan ein kalle dette eit innovasjonsoppdrag?
Det er stor skilnad mellom formidling og samskaping. Det er vel verd å merke seg at formålsparagrafen ikkje nemner samskaping eller innovasjon, slik langtidsplanen legg opp til.
Ser ein derimot nærare på universiteta og høgskulane sine oppgåver, slik dei er definert i lovene, så forutan forsking og undervisning, så vert innovasjon nemnt. Her står det at universitet og høgskule sine oppgåver består i å bidra til innovasjon og verdiskaping basert på resultat frå forsking og fagleg og kunstnarisk utviklingsarbeid. Samarbeid med relevante aktørar vert også nemnt.
Nok ein diskrepans, er at trass i at berekraftig utvikling er nemnd i formålsparagrafen til Universitet og høgskulane, så vert ikkje berekraftig utvikling spesifikt nemnd i oppgåvene. Derfor har vi også tidlegare løfta fram utfordringane med å la det stå som eit eige element, uavhengig av undervisning, forsking eller i innovasjonsarbeidet.
Her er det viktig å ha to tankar i hovudet samstundes, og at eit fokus på innovasjon i det vi gjer, ikkje står i direkte opposisjon til rein nysgjerrigheitsdriven forsking. Det er ikkje slik at all aktivitet skal leie til innovasjon, men samstundes ta eigarskap til at innovasjon står sentralt i utfordringane vi står ovanfor.
I tillegg er tett dialog og samarbeid med omgjevnadane viktig. Samspel mellom akademia og samfunnet er avgjerande for innovasjon. Dette gjennom forsking, undervisning og gjennom den grøne omstillinga. Gjennom dyrking av innovasjonskultur, entreprenørskap og samarbeid på tvers innomhus og utomhus spelar høgare utdannings institusjonar ei viktig rolle i å fremje vitskap og samfunnsutvikling, saman med viktige aktørar.
Arbeidet med innovasjon ved institusjonane er som påpeikt i Khrono tidlegare, ofte ikkje like godt integrert i fagmiljøa slik som utdanning og forsking er. Dermed hevdar desse kronikkforfattarane, som starta UHR innovasjon, at innovasjon ofte fell mellom to stolar, og gjev seg utslag i at ein ikkje veit kva resultat det skal rapporterast på, korleis vitskaplege tilsette brukar tida si, og kva krav som stillast i høve tilsetjing og opprykk.
I gjennomsnitt arbeider ein forskar 46 timar per veke, og er pressa for tid. Veldig mange forskarar er allereie engasjert i innovasjon og ulike former for samarbeid, noko som kan hende kan oppfattast som meir usynleg arbeid.
Dette innlegget er ikkje meint som eit opprop for å legge til nok eit krav til forskarane, ei heller utfordre den akademiske fridomen. Men det er, betimeleg, gitt det løfta fokuset på innovasjon i politiske notat og i kvalifikasjonsrammeverket, å spørje seg, skal ein ta innover seg innovasjon i formålsparagrafen?