tilsetting

Kritisk til «hemmelege» intervju: — Vi må sjå på regelverket på nytt

Det må setjast ei grense for kor bestemmande jobbintervjuet skal vere for tilsettingar på universitet og høgskolar, meiner fagforeiningsleiar. 

Kjell Erik Lommerud, hovudtillitsvald i Forskerforbundet, Universitetet i Bergen.
Hovden-saka kan få rettslege etterspel, trur Kjell Erik Lommerud, hovudtillitsvald i Forskerforbundet, Universitetet i Bergen.

FAKTA

Tilsettingsstriden ved UiB

  •  Eirik Hovden vart rangert som nummer ein av den sakkunnige komiteen til jobb som førsteamanuensis ved UiB. Stillinga er delt mellom Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitskap og Institutt for framandspråk.
  • Etter gjennomført prøveforelesing utan spesielle merknader blei Hovden ikkje tatt med i innstillinga frå instituttleiarane, etter intervju. I staden vart søkaren rangert på andreplass av fagekspertane innstilt som den einaste aktuelle til jobben.
  • Hovden hadde fire år bak seg som leiar for Cancode, ei forskargruppe ved Universitetet i Bergen (UiB) som har undersøkt endringsprosessar i islamsk lov. Prosjektet er delfinansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse. Fakultetet har forplikta seg til å opprette ei stilling i same fagfelt som prosjektet. Det var denne Hovden søkte på.
  • Det er styret ved Humanistisk fakultet som får innstillinga frå instituttleiarane og som bestemmer kven som skal få jobben. Eit ekstraordinært møte er  sett opp til 3. oktober.

— Kandidaten blir ståande rettslaus når dei viktigaste delane av rapporten etter intervjuet er sladda, seier Kjell Erik Lommerud, som er hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved Universitet i Bergen (UiB).

Han meiner saka der ein topprangert søkar til ei stilling som førsteamanuensis i Bergen vart tatt ut av innstillinga etter intervjuet, gjer at det er grunn til å vurdere om regelverket er godt nok for å sikre forsvarlege tilsettingsprosessar i akademia.

— Når ein blir tatt heilt ut av rangeringa på grunnlag av eit intervju, er det i realiteten det same som å bli erklært personleg ueigna. Sivilombodet har slått fast at det i slike tilfelle er svært viktig at det er høve til kontradiksjon og sakleg, skriftleg grunngiving. Her sviktar det i dagens system, seier Lommerud.

— Må vere ei grense

I den omtalte saka ved UiB vart søkaren til ei stilling som førsteamanuensis i arabisk og Midtausten-studiar, Eirik Hovden, rangert som den fagleg sett beste kandidaten. Men etter intervjuet, den siste delen av tilsettingsprosessen, blei han fjerna av instituttleiarane. I staden var kandidaten som var rangert som nest best, den einaste som blei innstilt til stillinga.

Det er fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet som får innstillinga og bestemmer kven som skal få jobben.

Lommerud legg til at han ikkje er imot at intervju skal vere ein del av tilsettingsprosessen.

— Men å setje den faglege kompetansen og 10—20 års akademisk produksjon heilt til side, som det er gjort i dette tilfellet, er ikkje haldbart. Det kan medføre ei svekking av den akademiske kvaliteten. Det må vere ei grense for kva eit intervju kan bestemme i forhold til den akademiske produksjonen og faglege kompetansen. Eg meiner derfor det er grunn til å sjå på regelverket på nytt, sidan dette har uheldige sider.

Eirik Hovden, har ikkje fått innsyn i kva instituttleiarane og intervjukomiteen meiner gjer han ueigna til stillinga.

— Dette set arbeidssøkaren i ein veldig svak posisjon, seier Lommerud. 

Mohn-avtale

Stillinga vart oppretta i kjølvatnet av eit forskingsprosjekt støtta av Trond Mohn forskingsstiftelse. Hovden var leiar for dette prosjektet i fire år. I avtalen med stiftinga forplikta universitetet seg til å opprette stillinga.

— Avtalen er at det skal lysast ut ei stilling tilpassa fagområdet. Her er det arabisk og historia til den islamske lovgivingstradisjonen. I staden blir ein person som er spesialisert i persisk og austasiatiske handelsforhold innstilt. Dersom ikkje Hovden blir tilsett, bør dette følgast opp rettsleg, seier Lommerud.

Kritikken mot manglande innsyn og transparens i tilsettingsprosessar i akademia er ikkje ny. Hilde Gunn Slottemo, professor ved Nord universitet, har ved fleire høve tatt til orde for å presisere regelverket.

Portrett av Hilde Gunn Slottemo
Hilde Gunn Slottemo meiner tillit er avhengi av innsyn.

— Eg meiner søkarane må bli gitt innsyn i vurderingar som blir gjort i alle delar av prosessen. I dag er innstillinga frå den sakkunnige komitéen den einaste delen av prosessen søkarane har innsyn i, seier ho.

Slottemo meiner søkarane må få fullt innsyn i grunngivingane for innstillingane.

— Det er viktig for alle partar at det er tillit til prosessen og den endelege tilsettinga, seier ho.

Ekstraordinært møte

Jussprofessor og ekspert på forvaltningsrett, Jan Fridthjof Bernt, har i Khrono kravd at vurderingane som vart lagt til grunn for å fjerne Hovden frå innstillinga må fram i lyset.

— Dette er blitt ei prinsippsak, som dreier seg om rettstryggleiken til søkaren og tilliten til tilsettingsprosedyren og universitetet som institusjon, sa Bernt.

Tilsettingssaka skal opp i ekstraordinært møte i fakultetsstyret 3. oktober. Saka vart trekt frå sakslista kort tid før det ordinære møtet 10. september. Ifølgje direktør ved Humanistisk fakultet, Kim Ove Hommen, vil saksliste og dokument i saka bli klart for utsending til fakultetsstyret fredag 27. september.

Det er tre veker etter at fakultetet trekte saka, ifølgje dekan Camilla Brautaset fordi dei ikkje rakk å få «ferdigstilt sakspapira tidsnok til at det vart vurdert som foreinleg med forsvarleg saksførebuing».

Powered by Labrador CMS