tilsetting

Han var toppkandidaten som blei skubba ut. No blir Eirik Hovden førsteamanuensis

Universitetet i Bergen har tilsett Eirik Hovden som førsteamanuensis. — Eg er glad og letta, seier han.

Eirik Hovden, historikar og forskar ved Universitetet i Bergen
Eirik Hovden seier saka har vore ei belastning, og at han er glad for å kunne sjå framover. Fakultetet vil ikkje evaluere prosessen.

Meir enn eit halvt år er gått sidan Khrono første gong fortalde om den omstridde tilsettingssaka ved Universitetet i Bergen (UiB). 

No har saka fått ein ende: 

«Eirik Hovdens stilling som forsker omgjøres til stilling som førsteamanuensis i arabisk og Midtøstens historie ved Institutt for fremmedspråk frå og med 01.04.2025.», heiter det i vedtaket frå styret ved Det humanistiske fakultet, UiB.

Hovden var rangert som den fagleg beste kandidaten til ei stilling ved universitetet, men blei i intervjurunden tatt ut av prosessen etter ei hemmeleg vurdering. Saka vekte stor oppsikt og kritikk, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. 

— Eg er glad og letta, og det er godt å endeleg kunne tenke framover, seier Eirik Hovden til Khrono.

I januar blei det klart at universitet kom til å sikre ei fast stilling for Hovden. Då var det ikkje klart kva slags stilling dette skulle vere. 

— Prinsipielle spørsmål

I september 2024 var situasjonen ein annan: 

Etter at dei faglege ekspertane hadde vurdert Hovdens søknad til å vere den klart beste, vart han fjerna frå heile prosessen etter intervjurunden, utan nærare forklaring. 

I staden vart kandidaten, som fagleg vart vurdert å vere den nest beste, som den einaste innstilt til jobben. 

Hovden legg ikkje skjul på at saka har vore ei belastning. 

— For meg personleg er saka avslutta. Samstundes tenker eg at der er prinsipielle spørsmål som universitetet bør ta opp. Saka vekte mykje diskusjon, og det er ikkje opplagt at alt er ferdig diskutert. For eksempel bør ein sjå på omgrepet «personlig egnethet», kva som ligg i det, og kva som skal ligge i det.

Instituttleiarane som var ansvarlege for intervjuet ønskte ikkje å uttale seg til Khrono, og har heller ikkje gjort det sidan. Fakultetsleiinga viste til at det var ei personalsak. 

Intervjuet er den einaste delen av prosessen som ikkje er offentleg. Vurderingane kunne dermed ikkje etterprøvast. 

Saka førte til spekulasjonar, internasjonalt opprop, og frå fleire hald var kritikken mot handteringa av tilsettinga knallhard. «Den raraste saksbehandlinga eg har sett i heile i mi karriere», uttalte leiaren av den ekspertkomiteen som vurderte Hovdens søknad. 

— Dette dreier seg om rettstryggleiken til søkaren og tilliten til tilsettingsprosedyren og universitetet som institusjon, sa Jan Fridthjof Bernt, ein av Noregs fremste ekspertar på forvaltningsrett.

Dekan: — Full tiltru

Ifølgje dekan ved Det humanistiske fakultet, Camilla Brautaset, kjem det ikkje til å bli gjennomført nokon gjennomgang av tilsettingsrutinane eller evaluering av saka. 

— Dette er ting som må skje på nasjonalt og institusjonelt nivå. Vi må forhalde oss til regelverk nasjonalt og internasjonalt. Eg vil understreke at det ikkje er noko i denne prosessen som har vore feil, eller som ikkje har vore i samsvar med regelverket. Vi har prøvd å vere så opne og transparente som mogleg, seier Brautaset.

Ho viser til at tilsettingssaker ved fakultet blir lagt fram for fakultetsstyret, eit demokratisk organ, og at dette ikkje er rutine alle stader, ved andre fakultet og institusjonar.

Prosessen har vore så open og transparent som mogleg, og det er ikkje gjort nokon feil, meiner dekan Camilla Brautaset.

— Er rutinane gode nok, og då spesielt i intervjudelen?

— Eg har full tiltru til tilsettingsprosessane ved fakultetet, og elles alle ledd i prosessen. Men eg anerkjenner at det har vore ei krevjande og vanskeleg sak for mange. For oss som fellesskap og organisasjon er det viktig at vi har klart å lande ei god løysing og sjå framover.

NTL: Bør sjå på rutinar

Fagforeininga NTL engasjerte advokat på vegner av Hovden og vurderte rettslege skritt. Men etter at UiB ved juletider melde at Hovden ville få ei fast stilling i ei eller anna form, vart dette lagt på is.

Linnea Reitan Jensen, NTL

— Vi er svært fornøgde med å endeleg ha landa saka på ein måte som Hovden er fornøgd med. Det er ei anerkjenning av Hovdens plass i og bidrag til fagområdet, og også at han har vore mellombels tilsett relativt lenge, seier nestleiar i NTL ved UiB, Linnea Reitan Jensen.

Hovden er utdanna ved UiB og tok doktorgraden der i 2012. Han vart i 2019 tildelt det høgthengande TMS Starting Grant frå Trond Mohn forskningsstiftelse. Dei fire følgjande åra var han leiar for ei forskargruppe ved Universitetet i Bergen som undersøkte endringsprosessar i islamsk lov.

Den utlyste stillinga han søkte på, og vart vurdert som best kvalifisert til av den sakkunnige komiteen, var oppretta i forlenginga av prosjektet han var leiar for.

Fagforeininga meiner saka i ettertid bør få universitetet til å sjå nærare på tilsettingsrutinane sine, og særleg dei som knyter seg til intervjuet.

— Kva slags rolle skal intervjuet ha i forhold til den sakkunnige rapporten? Korleis skal ein bruke omgrepet «personlig egnethet»? Dette er aktuelle spørsmål å ta opp, seier Jensen.

Blir kollega

For å rydde plass til førsteamanuensis-stillinga har fakultetet sørga for midlar fram mot 2028, då ein annan tilsett går av med pensjon. Teknisk sett er det denne stillinga Hovden då tar over. 

Hovden blir no kollega med han som vart tilsett i staden for Hovden, etter den omdiskuterte intervjurunden, den britiske historikaren Peter Good. 

— Han er dyktig, og han er uskuldig i dette som har hendt. Eg ser fram til at vi skal jobbe i lag, seier Hovden. 

Powered by Labrador CMS