tilsetjing

Fekk ikkje jobben: — Vert straffa for å vera introvert vestlending

Med fem mot seks røyster vart det klart at det ikkje er den interne kandidaten Eirik Hovden som vert tilsett ved Universitetet i Bergen.

Eirik Hovden, forsker Universitetet i Bergen
Då saka kom til fakultetsstyret, var ikkje Eirik Hovden innstilt til stillinga i det heile. Men fakultetsstyret sette han på andre plass, slik at det er mogleg å tilsetja han.
Publisert Sist oppdatert

Eirik Hovden vart vurdert som best kvalifisert av den sakkunnige komiteen. Men då rapporten etter prøveførelesing og intervju kom, var han ikkje innstilt som nummer to til stillinga som førsteamanuensis i arabisk og Midtaustens historie. Han var ikkje innstilt i det heile.

Saka har skapt sterke reaksjonar ved Universitetet i Bergen (UiB), og har allereie vore handsama éin gong i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet.

Tysdag 22. oktober vart saka handsama på nytt, og det vart ikkje Hovden som vart innstilt til stillinga. Med seks mot fem røyster vedtok fakultetsstyret å tilsetja den andre kandidaten.

Det nye er likevel at Hovden vart innstilt som nummer to, noko som betyr at han vert tilsett om den andre kandidaten takkar nei.

Vedtaket er at «Peter Good ansettes i fast 100 % stilling som førsteamanuensis i arabisk og Midtøstens historie ved Institutt for fremmedspråk og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap fra det tidspunkt som avtales med enhetene og fakultetet. Som reserve rangeres Eirik Hovden.»

Saka går til juristane

— Hovden vert straffa for å vera ein introvert vestlending, seier Jørgen Melve.

Han er hovudtillitsvald i NTL ved UiB, og Hovden er ein av medlemmene hans. No er det den juridiske avdelinga i LO som får saka på sitt bord.

— Me kjem til å få vurdert alle moglegheiter til å forfølgja denne saka, seier Melve.

Han er kritisk til prosessen og særleg til vekta som er lagt på intervjuet.

Prosessen har vist svakheit i handteringa, seier NTL-leiar Jørgen Melve.

— Eit intervju er godt eigna til å finna ut om ein kandidat er flink til å verta intervjua. Men ein skal vera uhyre forsiktig med å legga for mykje vekt på inntrykket ein får i eit intervju, det finst betre måtar å skilja mellom kandidatar på, seier Melve.

I rapporten, som Khrono har fått sjå ein sladda versjon av, står det at Hovden sjølv karakteriserer seg som sosialt introvert. Det står òg at han framstår som ikkje interessert i å søkja om eksterne forskingsmidlar.

— Men han har jo verkeleg vist at han kan søkja om eksterne midlar. Og fordi han har gjort det, og lukkast, veit han òg kor komplisert det er. Då er det heilt logisk at ein vil vera litt tilbakehalden, seier Melve, og legg til:

— Ein intervjusituasjon passar godt for ekstroverte personar, som er flinke til å presentera seg sjølve. Men faren er jo at eit intervju berre vert ei «ja-seiing».

Kritisk til hemmeleghald

Noko av det som har vore kritisert i saka, er hemmeleghaldet. Khrono fekk etter ei tid innsyn i ein sladda versjon av intervjurapporten. Heller ikkje Hovden sjølv fekk innsyn i heile i første omgang, det fekk han først dagen før saka skulle handsamast i fakultetsstyret i eit ekstraordinært møte 3. oktober.

Hemmeleghaldet er problematisk, meiner Jan Fridthjof Bernt, professor emeritus i juss.

Han har tidlegare sagt til Khrono at ifølgje lova har ikkje søkjaren krav på å sjå sjølve vurderingane, men derimot alle faktiske opplysningar som er lagt til grunn i saka.

— I dette feltet er grensa mellom faktum og vurdering flytande. Det som er sikkert, er at dei delane av vurderinga som handlar om kvalifikasjonane til søkaren, må reknast som faktiske opplysningar. Faglege vurderingar skal kunne etterprøvast, dei skal ikkje kunne skjulast for ålmenta, sa Bernt.

Hemmeleghaldet er òg noko at det Melve i NTL er kritisk til.

— Eg meiner ein framover må sjå på kva som bør vera openheit kring og ikkje. I denne saka har me jo fått innsyn i ein del — etter kvart.

Ingen kommentar

I helga gjekk fleire tilsette ut på Facebook og støtta Hovden. 

— Det er ingen skjelett i skapet, skreiv både professor Anne Bang og tidlegare postdoktor og Hovden-kollega Olav Elgvin.

Bang var ein av dei som vart intervjua som referanse for Hovden. Saman med dei to andre referansane sendte ho ein e-post til fakultetsstyret der dei skreiv at referansane deira ikkje var korrekt gjengitt.

Eirik Hovden sjølv ønskjer ikkje å kommentera saka no. 

— Styret hadde i går ein grundig og god diskusjon. Eg er glad for at styret no har konkludert, og at me har landa eit vedtak som styrkar fagmiljøa ved HF, skriv dekan Camilla Brautaset i ein e-post til Khrono.

— På generelt grunnlag, etter ei mykje omtalt sak: Meiner de ein bør ta ein gjennomgang av sjølve tilsetjingsprosessen og drøfta denne?

— Det er heilt avgjerande at tilsettingsprosessar ved norske universitet er gode og tillitsvekkande. Det er naturleg at me no set oss ned for å identifisere dei læringspunkta me kan ta med oss frå denne prosessen, seier Brautaset.

Sak oppdatert 23. oktober kl 13.07 med kommentar frå Camilla Brautaset og med ei presisering av at Hovden etterkvart fekk partsinnsyn.

Powered by Labrador CMS