Hovden-saka

Professor Bernt meiner hemmeleg vurdering set rettstryggleiken på spel

Vurderingane som fjerna Eirik Hovden frå innstillinga til forskarjobb i Bergen må fram i lyset, meiner Jan Fridthjof Bernt. 

— Det er viktige prinsipielle spørsmål i denne saka, og dei handlar om krav til ryddige og rettssikre prosessar i tilsettingssaker, seier professor emeritus ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt
Publisert Sist oppdatert

— Dette er blitt ei prinsippsak, som dreier seg om rettstryggleiken til søkaren og tilliten til tilsettingsprosedyren og universitetet som institusjon, seier Jan Fridthjof Bernt, professor emeritus ved Universitetet i Bergen (UiB) og ein av Noregs fremste ekspertar på forvaltningsrett. 

FAKTA

Tilsettingsstriden ved UiB

  •  Eirik Hovden vart rangert som nummer ein av den sakkunnige komiteen til jobb som førsteamanuensis ved UiB. Stillinga er delt mellom Institutt for arkeologi, historie, kultur og religionsvitskap og Institutt for framandspråk.
  • Etter gjennomført prøveforelesing utan spesielle merknader blei Hovden ikkje tatt med i innstillinga frå instituttleiarane, etter intervju. I staden vart søkaren rangert på andreplass av fagekspertane innstilt som den einaste aktuelle til jobben.
  • Hovden hadde fire år bak seg som leiar for Cancode, ei forskargruppe ved Universitetet i Bergen (UiB) som har undersøkt endringsprosessar i islamsk lov. Prosjektet er delfinansiert av Trond Mohn forskningsstiftelse. Fakultetet har forplikta seg til å opprette ei stilling i same fagfelt som prosjektet. Det var denne Hovden søkte på.
  • Det er styret ved Humanistisk fakultet som får innstillinga frå instituttleiarane og som bestemmer kven som skal få jobben. Eit ekstraordinært møte er førebels sett opp til 3. oktober.

I fleire saker har Khrono fortalt om den omstridde tilsettingssaka ved Universitetet i Bergen.

Eirik Hovden vart vurdert som den fagleg best kvalifiserte av to aktuelle søkarar til ei forskarstilling som sprang ut av eit fire år langt prosjekt han har vore leiar for. Etter intervjurunden blei namnet hans tatt ut, og berre den andre kandidaten vart innstilt til jobben. 

Vurderingane bak avgjersla er hemmelege. 

— Skal kunne etterprøvast

— Søkaren har ikkje fått ei fullstendig utgreiing av kva som ligg bak. Utgangspunktet er ifølgje lova at søkaren ikkje har krav på å sjå sjølve vurderingane, men derimot alle faktiske opplysningar som er lagt til grunn i saka, seier Bernt.

Det betyr likevel ikkje at opplysningane automatisk kan haldast unna offentleg innsyn.

— I dette feltet er grensa mellom faktum og vurdering flytande. Det som er sikkert, er at dei delane av vurderinga som handlar om kvalifikasjonane til søkaren, må reknast som faktiske opplysningar. Faglege vurderingar skal kunne etterprøvast, dei skal ikkje kunne skjulast for ålmenta.

Det er fakultetsstyret som bestemmer kven som skal få jobben, og i dei fleste saker følgjer dei innstillinga. Saka er no sett opp til eit ekstraordinært møte 3. oktober.

Sladda versjon

Khrono har fått tilgang til ein sladda versjon av intervjurapporten, der avgjerande moment i vurderinga av Eirik Hovden er sladda. Dette er ikkje tilstrekkeleg, ifølgje Bernt.

Han peikar på at det ikkje er mogleg å vite om det er gjort andre avgjerande vurderingar i intervjuet enn dei som ikkje handlar om søkaren direkte.

— Det kan for eksempel dreie seg om institusjonelle behov, og om kva slags person dei ønsker tilsett i stillinga. Dersom ein i avgjersla legg vekt på at ein søker passar best inn i staben, eller har ein kompetanse eller spesialisert forskingsretning ein vil ha, må dette kunne finnast igjen og knytast direkte til utlysingsteksten. Poenget er at vi ikkje veit noko om dette. Dermed kan vi heller ikkje etterprøve at det er gått rett for seg, eller ta stilling til om dette er ei rimeleg og legitim vurdering seier Bernt.

Saka som no utspelar seg i Bergen, er i alle høve så uvanleg og prinsipielt viktig at det i seg sjølv er ein grunn til at alle kort må på bordet, meiner professoren.

Eirik Hovden, historikar og forskar ved Universitetet i Bergen
Reaksjonane har vore mange og sterke på at Eirik Hovden vart fjerna frå innstillinga til ein jobb han var vurdert fagleg best kvalifisert til.

I vitskapelege tilsettingar på universitet er det den sakkunnige vurderinga frå ein fagleg ekspertkomité som skal ligge til grunn for den faglege rangeringa av søkarane. Dernest er det vanleg å gjennomføre ei supplerande prøveforelesing og til slutt intervju.

— Dersom andre tilhøve og vurderingar blir trekt inn i avgjerda, må dette vere forankra i utlysinga eller andre allment aksepterte omsyn, seier Bernt.

— Når vi har opna for intervjumodellen, har vi samstundes skapt ei vanskeleg gråsone. Det opnar for at nye premissar, som ikkje er synlege i utlysinga, kan kome inn i vurderingane. Naturlegvis skal det gjerast vurderingar om vedkomande er eigna og så vidare. Men i den grad det blir lagt vekt på «hemmelege» vurderingar og omsyn som ikkje er forankra i med utlysingsteksten, er det eit problem for rettstryggleiken til kandidatane, seier Bernt. 

Eit minimumskrav meiner han, må derfor vere å sikre at dette skjer så ope som mogleg, slik at informasjon er tilgjengeleg om kva som var avgjerande for valet som blir tatt.

Universitetet i særstilling

Bernt understrekar at universitetet står i ei særstilling blant offentlege institusjonar, der grunnprinsippet er at informasjon og faglege vurderingar skal vere allment tilgjengeleg, og dermed mogleg å ettergå og kritisere.

Teemu Ryymin, instituttleder UiB
Ingen kommentar: Instiuttleiar Teemu Ryymin var ein av dei som gjorde intervjuet med Hovden.

— Universitetet bygger på openheit og at avgjersler skal vere etterprøvbare. Ein må kunne krevje at universitetssamfunnet får ei uttømmande forklaring på kva vurderingar som er lagt til grunn i denne saka, når det er gjort vedtak som ser så påfallande ut som dei gjer.

Bernt legg til at han ikkje vil framstille det som at tilsettingssaker på universiteta alltid føregår i idylliske former. 

— Men denne saka har grunnleggande implikasjonar for den forvaltningsmessige og faglege integriteten til universitet, seier han. 

Hovudregelen i lova er at forvaltningsorganet, i dette tilfellet universitetet, ikkje har plikt til å gi innsyn i vurderingane som er lagt til grunn i tilsettingssaker. Men unntak må gjerast, dersom omsynet til involverte partar og institusjonen veg tyngre enn grunnane til å nekte innsyn. Det gjer det etter alt å dømme i dette tilfellet, slik jusprofessoren ser det. 

— Når ein endar med å fråvike ei klar og eintydig innstilling frå ein fagkomité, er det naturleg at ein her får innsyn. Berre då er det mogleg å vurdere om dette er forvaltningsmessig lovleg og forsvarleg, seier Bernt.

Verken dekan Camilla Brautaset eller instituttleiarane som leia intervjuet med Hovden og signerte innstillinga, har så langt ønskt å kommentere tilsettingssaka i  Khrono. 

Powered by Labrador CMS