Internasjonalt samarbeid
Korleis samarbeide med eit diktatur? Lagar guide for akademia i ei vanskeleg verd
No startar arbeidet med å lage «retningslinjer for ansvarleg internasjonalt samarbeid».

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Vi skal ikkje vere naive, uttalte tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i fjor.
No startar arbeidet med å lage retningslinjer for kunnskapssamarbeid med land norske styresmakter meiner er særleg viktige – men som også kan vere særleg risikable å samarbeide med. Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Forskingsrådet som har fått oppdraget frå Kunnskapsdepartementet (KD).
— Tiltaket reflekterer at verda endrar seg og at internasjonalt kunnskapssamarbeid er blitt meir komplekst. Fleire andre land har alt utvikla retningslinjer, til dømes EU, Sverige og Storbritannia. Det handlar om å sikre kunnskapen på ein god måte i samarbeid med land som ikkje nødvendigvis deler dei same verdiane som oss, som akademisk fridom, seier Hege Toje, prosjektleiar i HK-dir.
EU-kommisjonens ferske rettleiar er blant dokumenta arbeidet vil hente inspirasjon ifrå.
Ifølgje KD er målet med retningslinjene «å gjere institusjonane best mogleg rusta til å sikre ein god balanse mellom openheit og varsemd i internasjonalt arbeid».
Russland største trussel
Det var nettopp naiv kontraetterretningssjef i PST (Politiets sikkerheitsteneste) i 2020 skulda universitet og forskingsmiljø for å vere, i møtet med etterretningstruslar. Då hadde tryggleiksteneste allereie i fleire år åtvara mot spionasje frå særleg Kina, Russland og Iran. Både Kina og Russland har lenge vore blant Noregs prioriterte samarbeidsland utanfor EU, nedfelt i Panorama-strategien. Strategien vart fornya i 2021 og skal gjelde fram til 2027.
I trusselvurdering som vart presenterte i februar gjentok tryggleikstenestene åtvaringane.
Denne gongen var det særleg Russland som vart peikt på som den største trusselen. Den er neppe blitt mindre etter krigsutbrotet i Ukraina, sjølv om Noreg har lagt institusjonelt samarbeid med Russland på is. Ulike former for påverknad og dataangrep, ofte omtalt som hybride truslar er stikkordet.
— Våre universitet og forskingsinstitutt er nærast regelmessig blitt utsett for innbrot, sa etteretningsjef Nils Andreas Stensønes i februar.
For få år sidan var denne typen truslar knapt eit tema på forskings- og utdanningsinstitusjonane. Både forskarar og universitetsleiarar reiste til Russland og Kina utan særskilde retningslinjer og med usikra digitalt utstyr i bagasjen.
I løpet av dei siste par åra har statlege tryggleiksetatar som Nasjonalt tryggingsorgan og PST trappa opp dialogen med akademia, med særleg fokus på Kina.
Samstundes er Utanriksdepartementet i sluttfasen av arbeidet med eit strammare regelverk for kunnskapsoverføring. Forskriftene kjem i forlenginga av skjerpa eksportkontroll gjennom utvidinga av sikkerhetsloven i 2019. I kunnskapssektoren er det uro for at forskriftene kan bli til hinder for internasjonalt forskingssamarbeid og studentutveksling – og at dei kan gå ut over den akademiske fridomen.
Stor «strekk i laget»
Retningslinjene som HK-dir og Forskingsrådet no skal utarbeide er meint som eit tiltak for nettopp å motverke truslar mot den akademiske fridomen – og samstundes vareta krav til sikker kunnskapsoverføring. Det er ein vanskeleg balansegang.
— Det er utfordrande, blant anna fordi kunnskapssystema involverer så mange politikkfelt. Tanken er at retningslinjene ikkje skal vere landspesifikke, men eit meir generelt hjelpemiddel for sektoren til å orientere seg og rigge samarbeid på ein trygg og god måte, seier prosjektleiar Hege Toje.
Ho seier at det blir opp til institusjonane sjølve å bestemme kva dei vil gjere.
— Vi vil vise ressursane som er tilgjengeleg, gi dei ei sjekkliste. Det er stor «strekk i laget» i universitets- og høgskulesektoren: Fleire av dei store institusjonane har alt mykje erfaring og ein del rutinar på plass, andre ikkje, seier Toje.
Prosjektgruppa, som er sett saman av representantar frå Forskingsrådet og HK-dir, skal levere ferdig arbeid i juni 2023. Før den til skal kunnskapssektoren og ulike ressursgrupper koplast på og konsulterast.
Nyeste artikler
Akademia som møteplass for intellektuelt utenforskap
Reagerer på at det stilles spørsmål om Hellestveits forskertittel
Godt forskningsetisk rammeverk i forslaget til ny helseforskningslov
Nådde du ikke helt opp i EU? Nå får de beste søkerne en ny sjanse
To kvinner ansatt i ledelsen ved Høgskolen i Østfold
Mest lest
Trump truer Harvard med kutt på nesten 100 milliarder
116 studenter felt for KI-fusk i fjor. Særlig én ting avslørte dem
Norsk mangfoldsopprør sprer seg til hele Norden
To uker før masteren skulle leveres, fikk hun tilbud om å ta doktorgrad
Margareth Hagen vant valget: Får fire nye år som rektor