Trusselvurdering

Slår alarm om trusselen frå Kina og Russland. Tar seg inn på heimekontoret

PST og Etterretningstenesta kom fredag med sterke åtvaringar om kinesisk og russisk etterretning i norsk forsking og utdanning.

— Noreg er eit attraktivt mål, og leiande på forsking, teknologi og utvikling på område Kina sjølv ønsker å utvikle, sa etterretningssjef Nils Andreas Stensønes (til venstre). Fredag la han fram si trusselvurdering for 2022 saman med PST-sjef Hans Sverre Sjøvold og NSM-direktør Sofie Nystrøm
Publisert Sist oppdatert

PST og Etterretningstenesta kom fredag med sterke åtvaringar om kinesisk og russisk etterretning i blant anna norske forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Sjefen for Etterretningstenesta, Nils Andreas Stensønes, var kanskje aller tydelagast då etaten saman med PST (Politiets sikkerheitsteneste) og NSM (Nasjonal sikkerhetsmyndighet) fredag la fram sine trusselvurderingar for 2022.

— Blant anna er våre universitet og forskingsinstitutt nærast regelmessig blitt utsett for innbrot, sa etterretningssjef Nils Andreas Stensønes.

Når det gjeld etterretning, utgjer dei russiske tenestene generelt den største trusselen mot norske interesser, ifølgje etteretningssjefen.

På pressekonferansen fredag var det framfor alt to land det handla om, som begge har omfattande aktivitet i Noreg, blant anna innanfor den akademiske sektoren: Kina og Russland. Begge land er viktige og prioriterte samarbeidspartnarar for Noreg i forsking og utdanning, mellom anna gjennom regjeringas Panorama-strategi.

Kina: Alle kan bli agentar

I trusselvurderinga frå Etterretningstenesta blir det vist til at det høge internasjonale nivået i norske forskings- og utdanningsinstitusjonar gjer dei attraktive: «De har ofte gode finansieringsordninger og tilgang til avanserte laboratorier og annen forskningsinfrastruktur. Fremmede stater har en sterk interesse av å utnytte disse fortrinnene ved norske miljøene».

Stensønes framheva også den kinesiske sikkerheitslova, som pålegg kinesiske borgarar å bidra til etterretning dersom dei blir spurte om det.

— Alle kan påleggast å delta i etterretning. Dette gjeld blant anna for akademia, sa etterretningssjefen.

Dei såkalla hybride truslane vart spesielt vektlagt i den felles pressekonferansen til etatane: Kina og Russland har både ei større evne og ein vilje til å ta i bruk ei breitt spekter av verkemiddel samstundes for å tene sine utanrikspolitiske interesser. Det gjeld ikkje minst digitale verkemiddel, for eksempel i form av innbrot på serverar, databasar og e-postkontoar.

Inn på heimkontoret

— Kinas etterretnings- og sikkerheitstenester har stort handlingsrom, og det er særleg tydeleg i det digitale rom. Cyberoperatørane er blitt meir sofistikerte og koordinerte. Noreg er eit attraktivt mål, og leiande på forsking, teknologi og utvikling på område Kina sjølv ønsker å utvikle, sa etterretningssjefen.

Også heimekontoret vart utpeikt som ein arena der spionasje kan gjere seg gjeldande.

— Norske verksemder er blitt ramma av fleire alvorlege operasjonar det siste året, mellom anna ved at ein har tatt seg inn i nettverk via heime-routerar. Dette representerer ei endring og eit varsel om kva slags truslar vi vil møte dei neste åra.

Alvoret vart også undestreka av NSM, som for tida har eit tett samarbeid med norske universitet og institutt for å motarbeide spionasje og datatjuveri, mellom anna gjennom «Møteplass Kina», eit forum for utveksling av informasjon med universitetsleiarane.

— Det er ein tydeleg trend, med eit vedvarande press i det digitale domene mot ein del utdannings- og forskingsinstitusjonar. Vi er bekymra for å kunne sikre forsking og utdanning på norske universitet, sa direktør i NSM, Sofie Nystrøm.

Forsvar, helse, petroleum

PSTs sjef, Hans Sverre Sjøvold, presiserte at det er positivt at norske forskings- og utdanningsinstitusjonar lykkast med å etablere internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid. Samstundes understreka han at samarbeid byr på alvorlege utfordringar som det er «vår oppgave å framheve».

På spørsmål frå Khrono om korleis trussebildet i akademia har endra seg siste året svarte han dette:

— Det er heilt klart, at dersom vi har eit forskingsmiljø som jobbar med norsk kryptoteknologi, avansert undervasseknologi eller andre viktige område, kommersielt eller knytt til sikkerheit – må det vere mekanismar i den enkelte institusjon som sørger for oversikt over kva forskarar som har tilgang til sensitive data. Medvitet er blitt større. Eg trur det blant anna er takka vere at vi har tatt opp desse problemstillingane.

Ifølgje PSTs trusselvurdering er selskap og forskingsmiljø innan forsvar, helse og maritim teknologi særleg utsett. «Petroleumssektoren og romsektoren bør også være forberedt på at uvedkommende vil forsøke å stjele informasjon fra deres datanettverk», heiter det i årets vurdering.

Og vidare:

«Finansiering av forskningsprosjekter eller å tilby forskere med spisskompetanse lukrative økonomiske avtaler, er også virkemidler PST vet blir benyttet. Slike incentiver kan legge til rette for at sensitiv informasjon, kunnskap og teknologi tilfaller den utenlandske aktøren

Balansen mellom fridom og sikkerheit

Eitt av tiltaka for å motverke denne utviklinga er eksportkontrollen gjennom utvidinga av sikkerhetsloven frå 1. januar 2019. Utanriksdepartementet har i lengre tid varsla eit strammare regelverk for å hindre at kunnskap og teknologi kjem på avvegar og blir utnytta til utvikling av masseøydeleggingsvåpen eller overvakingsteknologi.

Det er venta at ei høyring blir sendt institusjonane i løpet av våren.

I kunnskapssektoren har fleire flagga uro for at forskriftene kan bli til hinder for internasjonalt forskingssamarbeid og studentutveksling - og at dei kan gå ut over den akademiske fridomen.

I ein spent sikkerheitspolitisk situasjon, med tiltakande rivalisering og polarisering mellom stormaktene, er Noreg som ein liten nasjon særleg sårbar. Det er dermed ingen grunn til å tru at situasjonen blir enklare dei komande åra, heller ikkje innanfor akademia.

Etatane var samstemte om at Noreg, både enkeltpersonar og institusjonar, må forvente ein auka fare for å bli utsett for dataangrep eller andre aktivetar frå utanlandske etterretning.

— Det blir jobba godt i universitetssektoren. Så er det denne balansen mellom fridom og sikkerheit, sa PST-sjef Sjøvold.

Powered by Labrador CMS