Sikkerheit
Spionane som kom inn frå kulden og inn på universitetet
For fire år sidan reiste norske universitetstoppar til Kina og Russland med telefonar og PC heilt utan sikring. No er kunnskapssektoren under angrep.
I 2018 reiste 222 representantar for kunnskapssektoren på tur til Kina under dåverande statsråd Iselin Nybøs (V) venger. Mange av dei reiste med eigne mobiltelefonar og PCar under armen, utan spesielle sikringstiltak eller retningslinjer.
I dag verkar det å vere veldig lenge sidan.
— Vår rapport vil ytterlegare stadfeste utviklinga dei siste åra, der digitale angrep på norske interesser i stadig større grad blir utnytta av statlege trusselaktørar og andre. Kunnskapssektoren er ein del av dei som blir utsett for denne typen aktivitet, seier fagdirektør Roar Thon i NSM.
NSM står for Nasjonal sikkerheitsmyndighet, og rapporten det er tale om er den årlege trusselvurderinga. Fredag slår NSM seg saman med dei andre etatane som har ansvar for å passe på «rikets sikkerhet» - (PST) Politiets sikkerheitsteneste og Etterretningstenesta. Saman vil dei legge fram den offentleg tilgjegelege delen av sine trusselvurderingar.
Universitet, høgskular og forskingsinstitutt blir stadig oftare omtalt som sårbare punkt og sentrale mål for framande makter og aktørar med illegitime og kriminelle hensikter.
Systematikken
— Det er kunnskapssektorens betydning for samfunnet, og forvaltninga av informasjon som har og kan ha nasjonale sikkerheitsinteresser, som opptar oss, seier Roar Thon.
— Vi erfarer at kunnskapssektoren er utsett for det vi definerer som målretta digitale angrep med hensikt om å skaffe seg urettmessig tilgang til informasjon av betydning.
Likeins er det grunn til å rekne med at Etterretningstenesta vil oppdatere vurderingane sine frå fjorårets rapport. Der heiter det mellom anna:
«(...) universiteter og forskningsinstitutt benyttes systematisk av land som vil skaffe seg kunnskap om masseødeleggelsesvåpen. Forskere og studenter knyttet til utenlandske universiteter med bånd til militær forskning og utvikling er involvert i denne virksomheten».
Også PST kjem til å rette merksemda mot kunnskapssektoren fredag, får Khrono opplyst. Spesifikke, særskilte sårbare, fagfelt kjem til å bli omtalt. Der blir også ein bolk om såkalla kunnskapsoverføring: Utanriksdepartementet har i lengre tid varsla eit strammare regelverk for å hindre at kunnskap og teknologi kjem på avvegar og blir utnytta til utvikling av masseøydeleggingsvåpen eller overvakingsteknologi.
Dei komande forskriftene kjem i forlenginga av skjerpa eksportkontroll gjennom utvidinga av sikkerhetsloven frå 1. januar 2019. Fleire har uttrykt bekymring for at forskriftene kan bli til hinder for internasjonalt forskingssamarbeid og studentutveksling - og at dei kan gå ut over den akademiske fridomen.
— Vi må erkjenne at sikkerheit vil kunne vege tyngre enn akademisk fridom, sa statssekretær Eivind Vad Petterson på eit seminar nyleg, omtalt i Khrono.
Naiviteten
Same år som universitets- og høgskuledelgasjonen var på tur til Kina, fortalte UiB-avisa På Høyden om dåverande rektor, Dag Rune Olsen, som hadde reist to gonger til Kina med eigen tenestetelefon. Universitetet hadde den gongen ingen rutinar, reglar eller rettleiing for bruk av IKT-utstyr på reise, trass i at dette var anbefalt av styresmaktene og tryggleiksekspertar.
– Etterretning kan få tak i alt som er på telefonen. Telefonen bør ligge igjen heime. Det same gjeld alt anna elektronisk utstyr, uttalte direktør i Simula, Olav Lysne, den gongen.
Det var truleg slike ting som fekk kontraetterretningssjef i PST, Hanne Blomberg, til å uttale at forskingsmiljøa var «naive» i møtet med utanlandsk etterretning.
Først i fjor gjorde UiB såkalla tofaktor-pålogging obligatorisk for sine tilsette og studentar, som ledd ei opprusting av IT-sikkerheita. Nasjonalt var det samstundes UiB som var pådrivar og pilot for tofaktor-pålogging i Feide.
Khrono har fortalt om fleire hendingar ved norske universitet dei siste åra. I 2020 sikta PST to NTNU-forskarar for å ha overlevert ureglementert informasjon til Iran. Ein annan mann vart sikta for å ha delt informasjon med ein russisk etterretningsagent. I 2015 vart to forskarar ved Universitetet i Agder utviste frå Noreg, etter at PST konkluderte med at arbeidet deira var knytt til våpenutvikling i Kina.
Digitale angrep utanfrå er ei anna kjelde til uro. Forskings- og utdanningssektoren blir no utsett for fleire dataangrep enn nokon annan sektor, viser ein ny rapport som er omtalt i Khrono.
På eit arrangement i regi av Det Norske Videnskaps-Akademi i november i fjor peikte PST-sjef Hans Sverre Sjøvold på Kina som eit land som siktar seg inn mot akademia som arena for rekruttering av kjelder og informantar.
— Det er vanskeleg å skilje mellom det som er reindyrka akademiske samarbeid og det som er fordekt etterretning, sa Sjøvold.
Kina er eit av Noregs prioriterte samarebeidsland innan forsking og utdanning. Det er mellom anna nedfelt i Panorama-strategien, som definerer kva land Noreg finn det særleg interessant å samarbeide med utanfor Europa.
«Brohodet»
Også i regjeringas omtale av Panorama-strategien er fokuset på sikkerheit blitt skarpare. I Kunnskapsdepartementets ferskaste omtale frå oktober i fjor er det sett inn fleire nye avsnitt som tar opp etterretningstruslar og truslar mot akademisk fridom. Det skal «vere klare retningsliner for samarbeidet, som tek opp etterretningstrugslar, akademisk fridom og etiske problemstillingar», heiter det mellom anna.
Fire år etter den berømte kinaturen og Dag Rune Olsens reiser med usikra telefon og PC blir leiarane i kunnskapssektoren regelmessig kalla inn til samtalar for «erfaringsutveksling og formidling av trugsel- og risikoinformasjon i sektoren». Det er NSM som koordinerer denne dialogen.
NSM har vore ein pådrivar for å få sikkerheitsspørsmål inn på agendaen i kunnskapssektoren. I eit brev til Kunnskapsdepartementet, i samband med utarbeiding av ny universitets og høgskolelov i 2020, sakna NSM «en adressering av sikkerhetsmessige utfordringer i NOUen og i lovforslaget. At dette ikke er adressert er etter vår oppfatning en svakhet ved utredningen».
Kina er blitt via eit eige forum med Diku og Forskingsrådet som tilretteleggarar: «Møteplass Kina», som skal ha sitt neste møte 16. februar.
Bakteppet er Kinas autoritære utvikling og geopolitiske ambisjonar — og norske forskingsinstitusjonars mål om endå tettare kontakt og samarbeid. Då Universitetet i Oslo inviterte Fudan-universitetets europeiske senter inn til seg, vart det av kinaforskaren Harald Bøckman kalla «et brohode for kinesisk propaganda». UiO-leiinga har avvist at dei er naive.
Ambisjonane
Etterretningstenesta si trussvelvurdering blir truleg minst like skarp i kantane i år som i fjor. Der vart det mellom anna slått fast at
- kinesiske selskap vil trappe opp innsatsen for å skaffe avansert teknologi dei ikkje kan produsere sjølv. Dette skjer mellom anna gjennom forskingssamarbeid.
- norske universitet og forskingsinstitutt «benyttes systematisk av land som vil skaffe seg kunnskap om masseødeleggelsesvåpen».
- forskarar og studentar knytt til utanlandske universitet med band til militær verksemd er involvert i dette.
Det er ikkje tilfeldig at «norsk-kinesisk kunnskapssamarbeid i Arktis» er tema for neste treff i «Møteplass Kina».«Vi vil også denne gangen ta opp sikkerhetspolitiske aspekter og tilgjengelige ressurser til støtte for relevante trussel- og risikovurderinger på institusjonsnivå», heiter det i innkallinga. Kina har trappa opp ambisjonane, også i Arktis, og har etter 2020 skaffa seg to polarisbrytarar som begge har kapasitet til å gjennomføre forskingsekspedisjonar i Arktis.
Tematikken er ikkje minst relevant for dagens rektor ved UiT - Noregs arktiske universitet, Dag Rune Olsen.