gradsforskrift

Kan verta over hundre nye masterplassar i rettsvitskap

Allereie frå hausten 2022 ønskjer fleire av utdanningsinstitusjonane å tilby masterprogram i rettsvitskap. Spesialisering er vegen å gå, meiner jussprofessor.

Professor Jørn Øyrehagen Sunde ved Universitetet i Oslo, meiner spesialisering av masterprogram i rettsvitskap er eit gode.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag er det berre Universitetet i Oslo, Bergen og Tromsø som kan tilby femårig master i rettsvitskap. Men dersom gradsforskrifta vert endra av Stortinget i mai, kan i prinsippet ti utdanningsinstitusjonar planlegga masterprogram. Av dei er fire universitet - som er sjølvakkrediterande.

Både Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder og BI ønskjer å tilby master allereie seinast frå hausten 2022. Høgskolen i Innlandet vurderer òg masterprogram frå same tidspunkt, medan Universitetet i Søraust-Noreg og Nord universitet ikkje har like konkrete planar.

— Det skal mykje forskingsaktivitet og høg kompetanse til på fagområdet før det er aktuelt å etablera eit studium. Me vurderer at det på noverande tidspunkt er slik at Nord universitet er langt frå å ha nok forskingsaktivitet og høg nok kompetanse til å kunne etablera eit mastertilbod, skriv rektor Hanne Solheim Hansen i ein e-post til Khrono.

I dag har Nord universitet juridiske emne knytt til fleire av utdanningsprogramma sine. Ei intern utgreiing skal fortelja om det er grunnlag for å oppretta ei eiga bachelorgrad eller ei masterutdanning.

Nord universitet vurderer bachelorprogram i rettsvitskap, men master er ein ikkje klar for enno, seier rektor Hanne Solheim Hansen.

Oppretta etter behov

Debatten om gradsforskrifta går: Jusstudentar i Bergen har starta opprop mot fleire studieplassar i juss. Tidlegare jussdekan Asbjørn Strandbakken meiner gradsforskrifta er eit gode, og jussprofessor Erling Hjelmeng meiner bachelorgrad i ein god del tilfelle vil vera nok.

— Dersom argumentet er at ein treng fleire juristar, treng ein masterutdanning i Trøndelag, i Innlandet og på Sørlandet. Stavanger treng det ikkje.

Det seier Jørn Øyrehagen Sunde. Jussprofessoren med rettshistorie som spesialfelt fortel at då det vart oppretta jussutdanning først i Bergen og deretter i Tromsø, hang dette saman med mangel på juristar i landsdelen.

— No har Nord-Noreg fleire juristar enn landsdelen treng. Oslo har ikkje overskot, seier Sunde.

Khrono har spurt dei sju institusjonane som i dag har bachelortilbod, om kva planar dei har dersom gradsforskrifta vert endra:

Universitetet i Agder planlegg mellom 40 og 50 masterplassar, med oppstart hausten 2022. Universitetet i Stavanger planlegg 30. UiS håpar å ha alt på plass frå hausten 2022, men skal allereie ha opptak til master i forretningsjuss denne hausten.

Universitetet i Søraust-Noreg skriv at det kan verta aktuelt med masterprogram, men at dei ikkje har sagt noko konkret om når dette kan skje. Høgskolen i Innlandet har for tida ei utgreiing knytt til master i offentleg rett, og vil vurdera master i rettsvitskap. BI planlegg master med forretningsjuridisk profil, med omlag 30 studieplassar frå hausten 2022.

Høgskolen i Molde har òg bachelorprogram i rettsvitskap, men har ikkje svara på Khrono sine spørsmål.

Spesialisering

Sunde meiner institusjonane som no ønskjer seg masterplassar, tenkjer rett.

— Det er tungt å bygga opp eit masterprogram i rettsvitskap. I både Bergen og Tromsø har ein streva med å få nok vitskapeleg tilsette til å kunne driva med full breidde, seier Sunde.

Han er i dag professor ved Universitetet i Oslo, men har tidlegare jobba mange år ved Universitetet i Bergen og Tromsø. Han har òg undervisning både i Stavanger, Agder og Innlandet.

Ulike institusjonar vil ha ulike profilar, trur viserektor for utdanning ved UiA, Morten Brekke.

— Det er svært interessant det både UiS, UiA og BI no seier: At dei ønskjer ei spesialisering dei to siste åra. Slik kan dei setja sitt særpreg på utdanningane, seier Sunde.

Kunnskapsminister Henrik Asheim har sagt til Khrono at han ikkje fryktar at ein får utdanningar med A- og B-stempel dersom gradsforskrifta vert oppheva. Sunde er ikkje utan vidare samd:

— Ein vil ikkje få det dersom institusjonane har kvar sine spesialiseringar. Men ein vil kunne få det dersom alle skal satsa på breidde slik dei tre juridiske fakulteta som allereie finst i dag, gjer.

Morten Brekke er viserektor for utdanning ved Universitetet i Agder. Også han trur spesialisering er vegen å gå.

— Me trur dei ulike institusjonane kjem til å utvikla ulike profilar på sine studium, og at ein slik tek vare på behovet for ei viss grad av spesialisering, skriv han i ein e-post.

Brekke peikar på at det ikkje er talet på bachelorstudium som bestemmer kor mange masterplassar det vert: Dette vert avgjort av etterspurnad, finansiering og Nokut.

Det er ingen samfunnsmessige trekk som tyder på at det har vore ein braksuksess å verna tre institusjonar frå konkurranse

Morten Kinander, BI

BI ønskjer å utdanna advokatar, har fleire aviser tidlegare skrive. Men instituttleiar ved Institutt for rettsvitskap og styring, Morten Kinander, skriv i ein e-post til Khrono at det er meir snakk om ein master med forretningsjussprofil enn ei mastergrad i forretningsjuss.

— Det er ingen samfunnsmessige trekk som tyder på at det har vore ein braksuksess å verna tre institusjonar frå konkurranse, seier Kinander.

— Konkurranse verkar overalt, òg innan utdanning av juristar. Det er litt rart at den sannkjenninga skal sitja så langt inne hos såpass mange. Dei aller, aller fleste utdanningar har ikkje slike monopoliserande trekk, og eg synest heller ikkje rettsvitsskap burde ha det.

Lite eksterne midlar

I Bergen er dekan Karl Harald Søvig ikkje heilt samd med tidlegare dekan Asbjørn Strandbakken.

— Eg er ingen motstandar av konkurranse. Men dette er ingen fri marknad - her er det skattebetalarane som finansierer, seier han.

Søvig seier at ein ikkje må overetablera studieplassar i rettsvitskap.

— Ein må ikkje bruka pengar på noko som ikkje er levedyktig. Ser ein til USA, er det fleire av deira law schools som har meldt oppbod.

Som Sunde peikar Søvig på at det kan vera krevjande å skaffa vitskapeleg tilsette nok dersom det vert mange institusjonar som skal ha ei femårig breiddeutdanning innan rettsvitskap.

Ein av grunnane er manglande ekstern finansiering, seier Søvig. Rettsvitskap har ikkje eigne, eksterne program å søkja på, mellom anna i Forskingsrådet sitt system.

— Me kjempar med samfunnsvitarar, vert ofte vurderte av samfunnsvitarar og taper mot samfunnsvitarar, seier Søvig tørt.

— Når me ser kor andre fakultet har vekst, er dette knytt til eksternfinansiering. For oss betyr dette mellom anna at det er vanskelegare å få mellombelse stillingar, som stipendiatstillingar.

Rettsvitskap konkurrerer med samfunnsvitarar når ein søkjer om eksterne midlar. Dette er vanskeleg, seier jussdekan Karl Harald Søvig.

Studentane vil ikkje ha «berre» bachelor

Spørsmålet er om alle juristar treng mastergrad. Erling Hjelmeng meiner at det ikkje er naudsynt, til dømes til ein del av stillingane i kommunane. Sunde er delvis samd:

Studentane ønskjer meir enn bachelor, seier prorektor for utdanning, Astrid Birgitte Eggen, ved UiS.

— Ein treng ikkje master for å vera sakshandsamar. Men med bachelorgrad vil ein kunne vera nettopp berre det, og ikkje gjera andre juristoppgåver. Det er òg eit spørsmål om kva kommunane er tente med, meiner han.

Stine Grønvold er samd. Ho er viserektor for utdanning ved Høgskolen i Innlandet, og skriv i ein e-post til Khrono at mange arbeidsplassar vil ha god nytte av ein kandidat med bachelorgrad i rettsvitskap.

— Men med mastergrad i til dømes offentleg rett vil ein ha kandidatar som er spesialiserte innan offentlegrettslege emne som til dømes plan og bygg, barnevern og naturforvaltningsrett. Dette kan vera ettertrakta blant arbeidsgivarar i kommunar og fylkeskommunar. Det vil vera gunstig med ei fagleg djupne, og me trur forvaltninga vil tena på at det finst studium der ein kan gå inn i djupna på dette, seier Grønvold.

— Me har ønska å få bachelorgrada til å stå på eigne bein, men studentane ønskjer seg vidare.

Det skriv Astrid Birgitte Eggen, viserektor for utdanning ved Universitetet i Stavanger. Ho seier at kompetansen som kjem gjennom å gjennomføra eit masterstudium er viktig for offentleg sektor.

Vil flytta studieplassar

Jussutdanning er billig, er noko som vert sagt av fleire. Og integrert masterutdanning ligg i Kunnskapsdepartementet sin nest nederste finansieringskategori.

Khrono har tidlegare skrive at juss har fleire studentar per vitskapeleg tilsett enn mange andre fag. Dersom det no vert opna for at fleire kan tilby masterutdanning, har professor Jørn Øyrehagen Sunde eit ønske:

— Eg skulle ønskja at ein skar ned studenttalet i Bergen og i Oslo, og fordelte desse plassane til dei nye institusjonane - samstundes som ein ikkje gjorde noko med talet på tilsette og løyvingane.

Professoren trur ein toler noko auke i talet på studieplassar.

— I Noreg får ein jobb. Når eg underviser i Tyskland, seier kollegaene mine der at det er omlag tjue prosent av studentane som ikkje får jobb.

Ikkje pengar med no

Det ser ikkje ut til at Sunde får det som han håpar. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim skriv i ein e-post til Khrono at regjeringa ikkje har føreslege å endra måten dei tildeler studieplassar på.

— Dersom eit fleirtal på Stortinget røystar for endringane i gradsforskrifta må eventuelle nye studietilbod først verta akkrediterte av Nokut. Så vert det opp til regjeringa i statsbudsjetta å føreslå pengar til nye studieplassar og korleis dei skal fordelast. Men institusjonane vil som vanleg stå fritt til å omprioritera sine eigne midlar, seier Asheim.

Powered by Labrador CMS