Professor Jørn Øyrehagen Sunde har undervist mykje, forska mykje og formidla mykje. Foto: Hilde Kristin Strand

Professor Jørn Øyrehagen Sunde byrjar i ny jobb i Oslo. Men timane hans vert att i Bergen

Undervisning. Jørn Øyrehagen Sunde misser halvtanna år han kunne brukt til forsking når han byrjar i ny jobb ved Universitetet i Oslo. — Ordninga med undervisningsrekneskap hindrar mobilitet, seier han.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

1500 plusstimar. Det misser jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde når han byter arbeidsstad frå Universitetet i Bergen til Universitetet i Oslo.

Ifølgje reglementet skal ein vitskapeleg tilsett i fast stilling undervisa 770 timar i året. Sunde har no 1500 timar i pluss. Dei vart nulla ut når han byrja i ny jobb.

Jobba tidleg eller seint

Fakta

Reglane ved UiO

Faste tilsette kan søka om å ta uttak av plusstimar i rekneskapen. Plusstimar gir ikkje løn eller overtidsbetaling.

Faste tilsette kan sjølv velja å ta ut inntil 50 timer pr. semester utan søknad.

Dersom ein vil ta ut inntil eit halvt semesters undervisningsplikt må ein søka til studieårsansvarleg/programleiar og instituttleiar.

Ein skal undervisa 402,5 timar i semesteret dersom ein har full, fast stilling.

— Ordninga med undervisningsrekneskap er ei god ordning, som skaper fleksibilitet. Ein kan gå litt i minus eitt år, og jobba meir eit anna år, seier Sunde.

Men når han no byter arbeidsstad, misser han alle timane. Dette hindrar mobilitet, meiner han. Det er lett å verta verande der ein er, når ein veit at det ein har jobba opp berre vil forsvinna. På den andre sida er mobilitet ein av tinga dei som tildeler eksterne forskingsmidlar ser på, mellom anna det europeiske forskingsrådet. Dei vil helst ikkje gi forskingsmidlar til nokon som ikkje har vore tilsett ved meir enn ein institusjon.

Dersom eg hadde vore kona mi, hadde eg reist.

Jørn Øyrehagen Sunde

— Planen min var å forska meir dei neste åra, eg hadde gitt frå meg fagansvaret, seier Sunde.

— Ein skal driva med utmerkt forsking og utmerkt undervisning – og jobba 37,5 timar i veka, seier han – noko tørt.

Sunde var professor i god tid før han vart 40, og har alltid jobba mykje, både med forsking, undervisning og formidling.

— Korleis får ein det til?

— Sjølv har eg jobba anten seint på kvelden eller tidleg om morgonen, alt etter korleis ungane sin soverytme var. Dersom eg hadde vore kona mi, hadde eg reist, konstaterer han.

Dårleg økonomi

Dei siste åra har Det juridiske fakultetet ved UiB mista fleire professorar. Fakultetet har hatt dårleg økonomi lenge. Det har vore eit årleg tema når universitetsstyret har handsama budsjett for komande år.

Førre veke presenterte universitetsdirektør Kjell Bernstrøm utkastet til budsjett for Universitetet i Bergen i 2020. I sakspapira heiter det at universitetsleiinga skal gå i dialog med Det juridiske fakultetet for å sikra tilfredsstillande utdanningsomfang og kvalitet. Fakultetet har 29,2 studentar per vitskapeleg tilsett, og dei siste fire åra har det vorte nesten fire fleire studentar for kvar fagleg tilsett.

Då universitetsstyret skulle handsama budsjettet i fjor, skreiv mange av fakultetet sine professorar under på eit debattinnlegg i På Høyden.

«Mange av fakultetets ansatte har undervist over plikten i flere år for å undervisningsopplegget til å gå rundt, og fakultet har en betydelig gjeldsforpliktelse i form av forskutterte undervisningstimer. Som ledelsen og styret er godt kjent med har fakultetet også opplevd et fall i BOA-inntekter. Det er ikke urimelig å anta at stort arbeidspress på fakultetets ansatte over tid, både på undervisningssiden og i lang tid på å skaffe ekstern finansiering for å styrke fakultetets budsjetter, etter hvert medfører at fakultet går fra å ha en uvanlig stor BOA-aktivitet til å ha en uvanlig liten», skreiv dei då.

Jørn Øyrehagen Sunde var blant dei som underteikna.

Jobbar på fritida

— Ein kan koma inn som professor og undervisa eit par timar. Det kostar ikkje så mykje, seier Sunde tørt.

Men sidan studiereforma i 2005 har jusstudentane fått fleire timar undervisning enn før. Det har gjort at delen av studentar som stryk, har vorte mykje mindre. Samstundes har det gjort at mange tilsette har undervist for mykje.

— Dette er ingen anklage mot fakultetsleiinga. Men ein er rett og slett for få tilsette ved fakultetet, seier Sunde.

— Eg har ønska at faget mitt skal vera så bra som mogleg, eg er glad i faget. Men slik det er no, må ein då basera seg på å arbeida på fritida.

Flest studentar per tilsett

Karl Harald Søvig er dekan ved Det juridiske fakultetet ved UiB. Han seier til På Høyden at fakultetet er i ein vanskeleg situasjon når det gjeld lærarkrefter.

— Me har det høgaste forholdstalet mellom student og tilsett, både dersom ein ser på dei andre jussutdanningane, og òg dersom ein ser til andre fakultet ved UiB, seier Søvig.

Det er ei dugnadsånd her, ein ser at dette må til for å få skuta til å segla.

Karl Harald Søvig

Han seier han er glad for at UiB-leiinga no legg opp til at fakultetet skal ha den same bemanninga som ein hadde i 2016. Dei siste åra har det vore færre tilsette enn det var det året.

— Me har venta med til å tilsetja nye vitskapeleg tilsette når nokon har slutta, seier Søvig.

Dugnad

Med fleire tilsette vil det òg verta fleire som underviser. Søvig seier at det ikkje er alle miljø ved UiB som har innført undervisningsrekneskap. Det juridiske fakultetet har hatt det lenge. Søvig meiner dette er ein god metode for å kunne fordela undervisningsoppgåver på ein rettferdig måte.

— Nokre har undervist meir enn dei eigentleg skal. Det er ikkje noko dei kan verta pålagt, og det er gjort frivillig. Det er ei dugnadsånd her, ein ser at dette må til for å få skuta til å segla, seier dekanen.

— Korleis kan ein ta ut overskotet?

— Ein kan ta ut seksti timar per semester, og ein kan ta ut etter avtale, men ein vil aldri kunne ta ut alt. Tidlegare kunne ein ta ut overskot i pengar, men det sette riksrevisjonen ein stoppar for.

Ti timar rettleiing

I Forskerforum var mellom andre jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen intervjua. Han peika på at jusstudentane får lite rettleiing på masteroppgåvene sine, og er uroa over avbyråkratiserings- og effektiviseringskuttet. Søvig er samd.

— Jusstudentane får ikkje veldig mykje undervisning, men dei før meir enn før. Ser ein til 1990-talet var det mindre undervisning, men òg skyhøg strykprosent, seier Søvig.

— I dag får studentane ti timar rettleiing på masteroppgåvene. Det er lite.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS