Gradsforskrifta

UiB-professor ønskjer fleire juss­utdanningar: — Ein alvorleg «wake up-call»

Professor Asbjørn Strandbakken meiner monopolsituasjonen har gjort jussutdanninga vondt verre. — Eg vert overraska om BI ikkje kan tilby eit betre opplegg enn det både Universitetet i Oslo, Bergen og Tromsø har.

Tidlegare dekan og utdanningsdekan ved Det juridiske fakultetetet ved Universitetet i Bergen, professor Asbjørn Strandbakken, er ikkje nådig i si vurdering av dagens jussutdanning. Den jussutdanninga studentane vert tilbydde i dag er langt under pari av kva dei kan forvente, meiner han.
Publisert Oppdatert

Professor og tidlegare dekan og utdanningsdekan ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, Asbjørn Strandbakken, er provosert over sine «konservative kollegaer».

Likevel meiner han det ikkje er noko «stor bombe» at dei tre gamle, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og UiT Norges arktiske universitet, ønskjer å tvihalde på monopolet for jussutdanninga.

Sjølv går Strandbakken motsett veg og er veldig for å oppheve gradsforskrifta, slik regjeringa foreslår i den ferske styringsmeldinga.

— Sett frå juristprofesjonen ser eg utelukkande berre positive ting ved å oppheve gradsforskrifta, seier Strandbakken til Khrono.

Meiner dei gamle lenge har lent seg tilbake

Strandbakken har tidlegare kritisert jussutdanninga, blant anna i høve Nav-skandalen.

Han meiner monopolsituasjonen ikkje har gjort utdanninga godt.

— Oppheving av forskrifta vil bidra til at dei gamle må gå ein runde til for å kunne konkurrere med meir framoverlente institusjonar som ser viktigheita i å prioritere fagområdet og det å få fram kompetanse, seier Strandbakken.

Han legg til:

— Eg trur det kan bli ein alvorleg «wake up-call» for dei tre institusjonane som lenge har kunne lent seg tilbake og tenkt at utdanninga har kunne blitt dårleg, fordi studentane uansett ikkje har hatt nokon annan plass å gå.

Nokut kan sikre kvalitet

Strandbakken meiner sjølvsagt at det er viktig at dei nye institusjonane som no ønskjer å utdanne juristar, oppfyller kvalitetskrav, at ein skor studentane med grunnleggande juridisk forståing og evner til å opptre i ein domstol.

Men det er han trygg på at vil skje, fordi Noreg har eit system for å sikre dette — nemleg Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen).

— Ein kan godt diskutere om Nokut gjer jobben sin, men når ein har vedteke dette systemet kor universiteta sjølve kan opprette eigne mastergrader og Nokut fører tilsyn, så er det rart at ein også skal ha andre modellar der ein beskyttar nokre utdanningar med forskrift. Ein må velje den eine eller andre modellen, seier Strandbakken.

— Har ein framoverlente institusjonar som kan klare å vere tilpasningsdyktige nok, så trur eg at dei kvalitativt kan overgå nokre av dei gamle universiteta, som heng igjen med ein over 200 års tradisjon, seier Strandbakken.

På bakgrunn av dette meiner Strandbakken at argumentet om at ei oppheving av forskrifta vil redusere kvaliteten i utdanningane er feilslått.

— Ein vil jo kunne stille krav gjennom Nokut, så det er ei sterk overdriving. Det eg ser på som eit rettsikkerheitsproblem er at juristar i dag jobbar på felt dei ikkje har peiling på. Det er ei mykje større utfordring, seier Strandbakken.

— Cand.litt.jur.

Dette har vore Strandbakken sin kritikk av utdanninga også tidlegare. At ein har krympa kvart emne for å få plass til alle i utdanninga, til eit nivå der studentane ikkje lærer noko særleg om noko som helst.

— Då eg vart utdanna som jurist fekk eg graden cand.jur. No er det meir som cand.litt.jur. Når ein reduserer timetal og studiepoeng, så blir det jo litt slik, seier Strandbakken spøkefullt og legg til:

— Det er som å gå til allmennlegen for å få hjelp med hjarteproblem. Allmennlegen stiller kanskje diagnosen, men så går du vidare til ein spesialist, seier Strandbakken.

Difor ønskjer han ein situasjon med fleire spesialiserte mastergrader i jussen velkommen, på lik linje med fleire andre.

Strandbakken meiner at dei store advokatfirmaa sine eigne akademi og trainee-program, kor dei lærer opp studentar til å kunne jobbe innanfor spesifikke felt, er bevis på at utdanninga ikkje oppfyller forventningane.

— Har ein framoverlente institusjonar som kan klare å vere tilpasningsdyktige nok, så trur eg at dei kvalitativt kan overgå nokre av dei gamle universiteta, som heng igjen med ein over 200 års tradisjon, seier Strandbakken.

Både BI, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder og Nord universitet har så langt uttrykt ønskjer om å tilby jussutdanning, dersom gradsforskrifta vert fjerna.

— BI har store ressursar og eg trur dei kan få til ein super master. Eg vert overraska om BI ikkje kan tilby eit betre opplegg enn det både UiO, UiB og UiT har, seier Strandbakken.

Meiner universiteta ikkje har prioritert jussen

Spørsmålet om ressursane, både fagfolk og pengar, vert trekt fram av dei tre dekanane ved dei tre noverande juridiske fakulteta i landet som årsaka til deira motstand mot opphevinga av forskrifta.

Dei skriv i eit innlegg at dei er uroa for utarminga av forskingsmiljø og fagkompetanse, og enda mindre økonomiske ressursar dersom ei jussutdanning skal byggjast opp på enda fleire stader.

Strandbakken har forståing for dette og er ikkje usamd i uroa, men meiner det er feil å motsette seg opphevinga av gradsforskrifta likevel.

— Fakulteta prøver, men her er det universiteta som lenge ikkje har valt å prioritere jussen. Det er eit nedprioritert fag og det har kunne vore ei sovepute altfor lenge. Og sjølv ei finansiering på det nest lågaste nivået — som eg sjølvsagt meiner er feil — ville gitt betre rammevilkår om det ikkje var for at dei gamle universiteta finansierer andre tiltak med dei overføringane dei får for studieplassar i juss, seier Strandbakken.

Difor meiner han det no er på høg tid at dei går i seg sjølve og vurderer korleis dei kan møte den potensielle konkurransen som vil kome dersom også andre får tilby utdanning i juss.

— Utdanninga er langt under pari

Også langt over 1000 personar har signert eit opprop mot opphevinga av gradsforskrifta, som vart starta av ein jusstudent ved UiB. Men underskriftskampanjen møter møtbør frå studentar og rektorar, skriv VG.

— Studentane er redde for at dei skal bli irrelevante og fryktar for framtidige arbeidsplassar. Det var også ramaskrik den gongen då Politihøgskulen gjekk frå å ha studieplassar nok til berre dei politifolka Noreg trengte og dermed garanterte jobb til alle, til at dei starta å stille krav om innsats, seier Strandbakken.

Hans beskjed til studentane er tydeleg:

— Eg meiner dei må heve seg over dette. Den jussutdanninga dei vert tilbydde i dag er langt under pari av kva dei kan forvente. Dei må vende fokus og søkelyset mot dei som har utdanningane i dag og ikkje mot å oppheve gradsforskrifta.

Powered by Labrador CMS