Debatt ● Oddmund Løkensgard Hoel
Jønnes og andre må gjerne spinne ei historie om «stil» og «retorikk»
— Kritikk frå Høgre for å drive ein aktiv distrikts- og Nord-Noreg-politikk er noko denne regjeringa lever svært godt med, skriv statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Kari-Anne Jønnes kjem i Khrono 11. april med ei klargjerande framstilling av sentrale skiljeliner mellom regjeringa og Høgre i politikken for høgare utdanning og forsking.
Høgre er misnøgd med at styret i Noregs forskingsråd vart skifta ut som eitt av fleire tiltak for å få kontroll med det økonomiske uføret i rådet, men har ingen alternativ til korleis problema som vart skapte under Solberg-regjeringa, skulle løysast. Jønnes nemner ikkje at regjeringa i tillegg tilførte 1,64 milliardar kroner til forskingsrådet for å løyse krisa.
Høgre er også kritisk til to av regjeringa sine satsingar for å bøte på kompetansemangelen i Nord-Noreg: gjenoppretting av lærarutdanningane på Nesna og utvidinga av medisinutdanninga i Tromsø. Kritikk frå Høgre for å drive ein aktiv distrikts- og Nord-Noreg-politikk er noko denne regjeringa lever svært godt med. Det er mindre forståeleg at det gamle kulturpartiet Høgre er så kritisk til regjeringa si satsing for å styrkje norsk fagspråk i ein situasjon der engelsk lenge har vore på kraftig frammarsj i høgare utdanning og forsking.
Å bruke offentlege pengar mest mogleg effektivt har visst også gått av moten i Høgre. Ola Borten Moe har i ein trong budsjettsituasjon teke tak i byggjeprosjekta i UH-sektoren som har hatt ein lei tendens til å sprekke, og dei vesentlege elementa i NTNU sitt campussamlingsprosjekt viste seg då å vere mogleg å gjennomføre for 6 i staden for 12 milliardar kroner. Men på eitt punkt ville Høgre spare i sitt alternative 2023-budsjett: Partiet ville vidareføre ABE-reforma med ein reduksjon på drygt 400 millionar i løyvinga til universitet og høgskular jamført med regjeringa sitt budsjett.
Regjeringa og Ola Borten Moe si styring av norsk forskings- og høgare utdanningspolitikk er føreseieleg og klar, både i handling og ord – det viser både langtidsplanen, den ferske utsynsmeldinga om kompetansebehov og budsjetta. Det er realvekst i rammeoverføringa til universitet og høgskular på 2023-budsjettet, og budsjettforliket sikra historiske 7 prosent auke i studiestøtta. Det har aldri vore så mange studieplassar som i 2023, og aldri har så mange hatt høve til å utdanne seg til det dei vil. Politikarar blir ofte kritiserte for unnvikande og utydeleg tale, så det er forfriskande å få kritikk for det motsette. Jønnes og andre må gjerne spinne ei historie om ‘stil’ og ‘retorikk’, men me vil også framover stå for tydeleg tale og ein føreseieleg politikk som satsar tungt på utdanning og forsking av høg kvalitet i heile landet.