språkpolitikk

Varslar handlingsplan for norsk fagspråk

Det står så dårleg til med norsk fagspråk at statssekretær Oddmund L. Hoel har samla gode krefter for å laga ein eigen handlingsplan.

— Tal langt unna det me håpar og tal unna det me meiner politisk, sa statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel om at forskarar rapporterer at dei meiner det er karrierefremjande å skriva engelsk. Her saman med sjefen, forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.
Publisert Oppdatert

Saka er endra. Sjå endringslogg i botn av saka.

— Eit av dei mest alvorlege domenetapa for norsk fagspråk er innan vår sektor.

Det sa statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund L. Hoel (Sp), på frukostmøte om norsk fagspråk tysdag. Hoel er i sitt sivile liv professor ved Høgskulen på Vestlandet.

Det som vart debattert under frukostmøtet, var ein fersk rapport som viser at eit klårt fleirtal av dei vitskapeleg tilsette meiner at det ikkje er karrierefremjande å skriva norsk.

Rapporten viser òg at mykje undervisning ved universitet og høgskular skjer på engelsk.

Statssekretæren meiner noko må gjerast. Difor har regjeringa no bestemt at det skal lagast ein eigen handlingsplan for norsk fagspråk.

Varslar konkret plan

— Det gjer me fordi det står så dårleg til. No vil me ha ein konkret, handlingsretta plan, og vil ha med alle gode krefter, sa Hoel.

Både Språkrådet, Forskingsrådet, HK dir, Nasjonalbiblioteket og Språksamlingane ved Universitetet i Bergen (UiB) har vorte kontakta, og arbeidet skal setjast i gang denne våren.

— Me skal samordna og synleggjera dei verkemidla som finst.

Hoel: Ikkje like viktig å læra norsk

— Denne rapporten seier meir i detalj om det me allereie har fått eit inntrykk av: Bruk av engelsk skjer først og fremst i publisering av vitskaplege tekstar, men òg i urovekkande grad i undervisning, sa Hoel.

Som Khrono skreiv tysdag morgon, oppgir respondentane mellom anna at dei vert oppmoda til å skriva engelsk.

— Rapporten viser at det er mange faktorar som dreg i feil retning. Me kan ikkje lenger bruka tid på å diskutera tilstanden for norsk fagspråk i sektoren. I staden må universiteta og høgskulane venda blikket framover og handla, sa Åse Wetås, direktør i Språkrådet, til Khrono.

Khrono har òg skrive om debatt om språkkrav for internasjonale tilsette. Wetås var tydeleg på at ein ikkje kan skulda på denne gruppa for aukande bruk av engelsk.

Hoel kommenterte internasjonale tilsette i møtet:

— Elles i arbeidslivet vert det oppfatta som viktig at arbeidstakarar lærer seg norsk. Men i universitets- og høgskulesektoren vert det ikkje oppfatta som like viktig. Det vert oppfatta som ikkje viktig i litt for stor grad.

Føreslår poeng for omsetjing

Anine Kierulf leiar utvalet som i fjor leverte ein rapport om akademisk ytringsfridom.

— I noka grad må ein ha engelsk som eit sentralt språk i akademia, sa ho, og peika mellom anna på talet på norske tidsskrift på det høgste nivået.

— Men me må ha eit norsk fagspråk. Kanskje bør det vera slik at ein kan få arbeidstid, og kanskje òg utteljing, for å setja om forskingsartiklar til norsk? Slik kan ein få ei formidling på norsk, sa Kierulf, og peika på at det er viktig at samfunnet får tilgang til forsking.

— I dag skjer det stort sett ved at ein søkjerer på Internett. Dersom ein i alle fall finn samandrag på norsk, vil det vera nyttig for mange.

Endringslogg:
Khrono beklagar at eit 'ikkje' hadde falle ut i fylgjande sitat: «Wetås var tydeleg på at ein kan skulda på denne gruppa for aukande bruk av engelsk.», medan det skulle ha stått: «Wetås var tydeleg på at ein ikkje kan skulda på denne gruppa for aukande bruk av engelsk.» Tysdag 17. januar 2023 kl. 1319.


Powered by Labrador CMS