ntnu

Instituttet vart delt. No er trivselen kartlagd

Forskarane som fekk skulda for ein del av konfliktane i historiemiljøet ved NTNU, rapporterer no om betre arbeidsmiljø enn kollegaene som vart igjen.

Institutt for historiske studier finst ikkje meir, men er delt i to. Dei tilsette på eitt av dei to nye institutta rapporterer om betre trivsel enn tilsette på det andre.
Publisert Sist oppdatert

Etter år med konfliktar toppa det seg sommaren 2018: Professor Kristian Steinnes vart flytta vekk frå Institutt for historiske studier ved NTNU - mot sin vilje. På seinhausten 2019 vart instituttet delt i to: Institutt for historiske og klassiske studier (IHK) og Institutt for moderne samfunnshistorie (IMS). Heller ikkje namnevalet på dei to nye institutta skjedde utan konflikt.

FAKTA

Konfliktene ved Institutt for historiske studier

Ifølge en faktarapport om arbeidsmiljøet ved Institutt for historiske studier ved NTNU har det vært konflikter ved instituttet siden 2013, da man gikk fra valgt til ansatt ledelse ved instituttet.

Konflikten toppet seg i juni 2018 da 12 faglige ansatte reagerte på at deres kollega, og tidligere leder av Forskerforbundet på NTNU, Kristian Steinnes, som hadde varslet ledelsen om arbeidsmiljøproblemene, blir foreslått omplassert til et annet institutt - mot sin vilje.

Begrunnelsen for omplasseringen var blant annet personkonflikt med instituttleder.

5.september 2018 måtte Kristian Steinnes si ja til omplassering mot sin vilje.

I slutten av januar 2019 meldte Universitetsavisa at NTNU-ledelsen hadde satt igang en faktaundersøkelse om arbeidsmiljøproblemene ved instituttet.

Rapporten fra faktaundersøkelsen ved NTNUs Institutt for historiske studier ble overrakt NTNUs ledelse 12.juni 2019.

13.juni 2019 offentliggjorde NTNU en oppsummering av faktarapporten der det blant annet kom fram at konflikten syntes fastlåst, at NTNU-ledelsen hadde gjort for lite og handlet for sent for å løse konflikten og at medienes dekning av saken, spesielt Khrono og Universitetsavisa, hadde tilspisset konflikten.

NTNUs styre vedtok enstemmig den 19. september 2019 at instituttet blir direkte underlagt rektor, blant annet for å kunne omorganisere/legge ned instiuttet og komme med disiplinære reaksjoner overfor enkelte ansatte på instituttet. Dette skal etter planen vedtas i styremøte 31.oktober.

Forslagene til omorganisering ble behandlet i styremøte 31. oktober 2019. Et enstemmig styre gikk for å dele instituttet inn i to nye fra 16.desember 2019.

15.november fikk ansatte brev fra rektor Anne Borg om hvilket av de nye instituttene de var tenkt innplassert i.

Kjernen i det nye Institutt for moderne samfunnshistorie var forskargruppa Fate of Nations. Denne gruppa var mykje omtala i konflikten, og NTNU-leiinga sa på eit tidspunkt at denne gruppa hadde det objektivt sett største ansvaret for konflikten.

Når arbeidsmiljøet ved NTNU no er kartlagt, gjennom ei såkalla ARK-undersøking, er det IMS som skårar best av dei to historiske institutta.

Det er Universitetsavisa som skriv om saka først.

Skilnad i opplevd konfliktnivå

I snitt skårar IHK 0,44 poeng lågare enn naboinstituttet. Skilnadane viser seg særleg når dei tilsette er spurde om «kultur for utvikling», «fravær av personkonflikt», «fellesskap mellom kolleger» og «respektfull omgangstone».

Ser ein på «fravær av mistroiskhet og mistenksomhet» er skilnaden på 1,3 – 5 for IMS og 3,7 for IHK, skriv Universitetsavisa.

Instituttleiar Karl Erik Haug kom til IMS frå Luftkrigskolen. Han seier til Universitetsavisa at tala var som han hadde håpa og forventa. Dette er første gongen dei to institutta er med på ARK-undersøkinga, i 2019 meinte NTNU-leiinga at det måtte gå seg til på dei nye institutta før dei skulle svara på undersøkinga.

— Det har vore lagt ned mykje arbeid med arbeidsmiljøet ved instituttet. Me har jobba systematisk med å gjera den kollektive kulturen sterkare, ikkje berre reint arbeidsmiljømessig, men òg med tanke på undervisning og forsking, seier Haug til Universitetsavisa.

Han seier at han merkar seg at nye medarbeidarar som har kome til er like nøgde som dei som vart med over då det nye instituttet vart oppretta.

Gler seg over svarprosent

Jan Frode Hatlen er leiar ved naboinstituttet. Han seier til UA at han gler seg over god svarprosent. Den var 73 prosent for IHK og 80 prosent for IMS.

— Det er mykje positivt å lesa i spørjeundersøkinga for IHK, men det er dei tilsette som skal få definera kva dei meiner er gode resultat, og korleis dei skal tolkast. No skal me diskutera dette på eit personalseminar med alle tilsette, og i fellesskap finna bevarande og utviklande tiltak for arbeidsmiljøet.

Powered by Labrador CMS