NTNU-styret vedtok å dele opp Institutt for historiske studier
Konflikt. Eit einstemmig styre støtta forslag frå NTNU-leiinga om å splitte Institutt for historiske studier og dele inn i to ulike institutt. Rektor vil framleis ha direkte ansvar for instituttet fram til 16.desember.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Saka er oppdatert 14.59: Med den endelege vedtaksteksta for oppsplittinga av IHS).
Trondheim (Khrono): Styret ved NTNU gjorde vedtak kring framtida til det konfliktfylte Institutt for historiske studier (IHS) i sitt møte torsdag formiddag.
Eitt institutt blir til to. Og fram til 16.desember skal dei to institutta ligge direkte under rektor, før dei førast attende til Det humanistiske fakultet. Delinga av instituttet blir permanent. Tidlegare har det lege i korta at dette skulle kunne vare til 2025, men styret vedtok inga tidsavgrensing på splittinga.
Kritikk av leiinga
Styret sat bak lukka dør og diskuterte IHS i meir enn to timar. I siste del av det lukka møtet blei også rektor og resten av administrasjonen sendt på gangen.
I den opne delen av møtet kom det tidleg fram at styrerepresentant Aksel Tjora hadde forslag om å ikkje splitte instituttet, men behalde det samla og sette i gang eit forsoningsprosjekt.
Forslaget hans blei aldri realitetsbehandla, men intensjonen om forsoning ligg også til grunn i vedtaket om å opprette to ulike institutt frå 16.desember.
Her har det vore krangla mykje for statens pengar, og det er absolutt ingen vinnarar i denne saka.
Nils Kristian Nakstad
Grunnen til at rektor skal ha ansvaret fram til desember er at det er ein del formelle ting som må på plass først, ifølgje organisasjonsdirektør Ida Munkeby.
Styreleiar Svein Richard Brandtzæg stilte seg bak deling av instituttet, men meinte også at det var på sin plass med kritikk av leiinga ved NTNU.
— Det har tatt for lang tid før ein gjekk inn for å handtere saka. At det har esklarert heilt opp til styrenivå er ikkje bra. Ting har vore iverksett for seint, slik at partane har hamna i endå verre polarisering, og løysinga av saka såleis utsett fram i tid, sa han, og heldt fram:
— Det er viktig for NTNU å avklare habilitetsreglar og presisere dette klart, så ein kan ta lærdom for framtida. Dette må vi ta med oss vidare, for dette er nok ikkje den siste store konfliktssaka som kjem opp, sa han.
Fleire tilsette på tilhøyrarbenken
Fleire tilsette frå forskingsgruppa «Fate of Nations» og andre ved instituttet sat på tilhøyrarbenken. Motstanden mot å splitte opp er stor hos dei fleste der, og dei meiner at ei splitting indirekte betyr at det er dei som i hovudsak er skuld i konfliktane.
Rektor Anne Borg understreka i styret at omorganiseringa ikkje hadde noko med skulddeling å gjere.
Under starten på det opne møtet foreslo styremedlem Aksel Tjora eit tredje alternativ til NTNU-leiinga sit forslag om å splitte instituttet i to og eventuelt opprette eit institutt og eit senter, eller to ulike institutt.
— Eg meiner instituttet bør halde fram, og det må startast eit program for forsoning, sa Tjora, som meinte at enkeltpersonar kan bli haldne frå kvarandre i periodar, men at det er viktig å oppretthalde instituttet som heilskap. Tjora meinte at leiingas forslag til omorganisering ikkje heng saman med funn i faktakartleggingsundersøkinga.
Han var også sterkt kritisk til metodane i faktaundersøkinga, og kritisk til bruken av slike undersøkingar.
Munkeby tok til seg kritikken
Organisasjonsdirektør Ida Munkeby starta si innleiing til styret med å understreke at NTNU-leiinga tar til seg kritikken som også er komen mot dei.
— Det er gjort feil i prosessen. Det tar vi til oss, sa Ida Munkeby.
— Dagens styrevedtak set ikkje punktum for saka. Det er ein viktig milepåle i dag, men det er no det viktige arbeidet startar, sa Munkeby, som understreka at hovudmålet for leiinga heile tida har vore å opprette eit forsvarleg arbeidsmiljø ved instituttet.
Debatten
Tjoras forslag og intensjon om forsoning fekk ros frå fleire, men både Nina Refseth, Kristin Melum Eide, Tim Torvatn og Thomas Ferstad meinte alle at det var NTNU-leiingas forslag om å splitte opp instituttet som var det beste. Og til slutt fekk dette forslaget fleirtal.
Det vil bli viktig å styrke fakultetsleiinga. Vi har ikkje diskutert dette inngåande, men det må vere noko vi skal sjå på.
Anne Borg
Rektor Anne Brog sa også under debatten at det vil bli viktig å styrke fakultetsleiinga for å handtere oppdelinga.
— Det vil bli viktig å styrke fakultetsleiinga. Vi har ikkje diskutert dette inngåande, men det må vere noko vi skal sjå på, sa Borg. I dag er det dekan Anne Kristine Børresen og to prodekanar som styrer Det humanistiske fakultetet.
Ekstern styremedlem, Nils Kristian Nakstad, meinte heile situasjonen er veldig beklageleg.
— Eg les det som ein massiv ukultur som har bygd seg opp over tid. Uansett struktur er det eit kulturelt problem som ikkje let seg løyse med organisatoriske grep. Strukturen er ikkje svaret. Viktige grep må gjerast for å gi det kulturelle ein god start, sa Nakstad. Han forventar også ei forsterking av fakultetsleiinga framover, og la til:
— Det er viktig at det er ei djup erkjenning frå begge partar om at ein ønskjer å ordne opp.
Fleire understreka at det var gode faglege resultat ved instituttet, men Nakstad meinte at det kunne vore betre.
— Sett utanfrå er det ikkje eit fantastisk godt fagleg miljø. Her har det vore krangla mykje for statens pengar, og det er absolutt ingen vinnarar i denne saka, sa Nakstad, som stør forslaget om deling i to institutt.
Personaltiltak
Styret diskuterte personaltiltak ved instituttet tidlegare i dag, medan også ein del tilsette stod på gangen og venta på den opne delen, som etter planen skulle ta til klokka 10.00.
Våre rasjonelle argument prellar av som mot teflon
Hans Otto Frøland
Professor og verneombod, Øyvind Thomassen, som fekk varsel om ordensstraff tidlegare denne månaden, er der. Hans Otto Frøland som leiar forskingsgruppa «Fate of Nations» som leiinga har foreslått å flytte ut av instituttet, ventar også på å få kome inn og sitte på tiløyrarbenken under diskusjonen om omorganisering av instituttet.
Han er oppgitt over at han og «Fate of Nations» ikkje blir høyrde i saka.
— Våre rasjonelle argument prellar av som mot teflon, seier han til Khrono.
Sjå også: Styrepapira til NTNU her
Skisserte to alternativ
Rektor Anne Borg har foreslått to alternativ til organisatorisk løysing for det konfliktherja instituttet. Begge alternativa inneber å skille ut forskergruppa «Fate of Nations».
I det eine forslaget (Alternativ 1) skal forskargruppa bli eit eige senter underlagt dekanen. I det andre forslaget (Alternativ 2) skal det bli eit eige institutt, som framleis skal vere del av Det humanistiske fakultetet.
Rektor Borg meier at ei oppsplitting er naudsynt for å rette opp igjen eit forsvarleg arbeidsmiljø for dei tilsette ved instituttet.
I styrenotatet skriv Borg at: «Etter år med konfliktar er det etter rektor si oppfatning naudsynt å gjere organisatoriske endringar for å løyse opp ein fastlåst situasjon og skape ro. NTNU kan ikkje leve med ein situasjon som inneber helsefare for dei involverte og moglege brot på arbeidsmiljølova.»
Vedtaksttekst endra
Mot slutten av styremøtet, då protokollen skulle skrivast klar, vart det igjen diskusjonar om korleis teksta kring vedtaket om oppsplitting av IHS skulle sjå ut.
Ekstern representant, Nina Refseth meinte at styret ikkje burde seie noko om kven som skulle utgjere kjerna i det nye instituttet, som i det opprinnelege alternativet til rektor skulle vere forskingsgruppa «Fate of Nations».
Då tok organisasjonsdirektør Ida Munkeby ordet og sa at ho håpte styret kunne gjere eit vedtak som gjorde det tydleg for leiinga kva dei kunne forhalde seg til:
— Vi bør ha tilstrekkelege føringar på rammene for det vidare arbeidet, sa Munkeby.
Like etter reiste ho seg frå stolen sin og gjekk bort til rektor for å diskutere om dei kanskje burde lukke møtet. Etter litt meiningsutveksling vart Khrono sin journalist sendt på gangen.
Det endelege vedtaket som styret til slutt vart samde, skil seg frå det rektor Borg skisserte i sitt Alternativ 2, og lyder som følgjer:
- Styret tek saka til etterretning og sluttar følgande:
- Institutt for historiske studier leggjast ned.
- Styret vedtek at:
- Det blir oppretta to nye institutt, der forskningsgruppa «Fate of Nations» som utgangspunkt utgjer kjerna i det eine instituttet. Det visast for øvrig til beskrivingane i saksframlegget.
- Stillingane som instituttleiarar blir utlyste snarast og fortrinnsvis til 31.7.2025
Styret sitt vedtak blir sett i verk i utgangspunktet 1.11.2019, og elles så raskt som praktisk mogleg. Styret viser til S-sak 34/19 og forlenger perioda kor all verksemd og alle tilsette som tidlegare var ein del av Institutt for historiske studier er direkte underlagt rektor til 16.12.2019. Frå og med 17.12.2019 vert begge dei opprettea institutta ført tilbake til Det humanistiske fakultet.
- Styret ber rektor i samråd med Det humanistiske fakultet ta i vare prosessane med å fastsette:
- Ordning for bidrag til undervisning og rettleiing på studieprogram som går på tvers av dei to institutta.
- Ordning for fordeling av bevillingar mellom institutta.
- Bemanning av dei to institutta etter drøfting med dei tillitsvalte
- Styret ber om å bli jamnleg orientert om gjenopprettingsarbeidet. Styret ber om at ordninga med to institutt vert evaulert. Evalueringa skal særleg legge vekt på arbeidet med forbetring av arbeidsmiljø, medverknad og studiekvalitet.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!