klima
Innførte reisereglar i 2019. Sidan har ingen sett dei
Pandemien har skulda, seier leiinga ved Universitetet i Bergen. På tide å «få fyr på tøflan!», seier professor.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Fjorårets løsninger duger ikke i en tid hvor kloden koker, Amazonas brenner og isbreene smelter», var introduksjonen til ein debatt 1. november 2019. Universitetet i Bergen (UiB) skulle for alvor gire opp klimatiltak i organisasjonen: «Det grønne skiftet starter med oss selv».
Sentralt i diskusjonen stod ein reisepolicy, ei sjekkliste tilsette skal kunne bruke for å vurdere om forureinande reiser er nødvendige. I slutten av november same år vedtok UiB-styret å innføre retningslinjene.
No, parallelt med at landet gradvis opnar etter pandemien er reisereglar som klimatiltak igjen blitt aktualisert. På OsloMet lanserte dei for kort tid sidan sine eigne reisereglar, noko som har ført til heftig debatt.
I Bergen, derimot, er dette klimatiltaket sporlaust borte, eitt og eit halvt år etter at det blei vedtatt innført. Då var det enno tre og ein halv månad til pandemien sette alt på pause.
— Det må vere ein glipp, seier Gard Skulstad Johanson, klimaengasjert studentrepresentant i UiB-styret.
— Du seier noko, eg har ikkje sett dei, seier Håvard Haarstad, professor ved UiB og leiar av CET, Senter for klima og energiomstilling.
Men, legg han til, no har senteret han leier praktisert reisereglar i lang tid. Det var CET som leverte malen til UiBs reispolicy, så den slags rutinar er for lengst på plass der.
Implementeringstid: 1,5, år
Flyreiser stod før pandemien for rundt 20 prosent av klimagassutsleppa ved dei største forskings og utdanningsinstitusjonane i Noreg. Medan ungdommen demonstrerte i gatene i 2019, inspirert av Greta Thunberg, signerte eit tusentals universitetstilsette opprop med krav om klimatiltak og reduksjon i flyreiser.
UiBs dåverande rektor var i ferd med å opparbeide seg ein tvilsam status som klimaversting i sektoren, med intens globetrotting og rekordstort klimafotavtrykk i 2018. På dei tre første månadene i 2019 følgde han opp med sju land på fire kontinent.
Før Olsen takka for som rektor i Bergen, for å ta over ved UiT Noregs arktiske universitet, programfesta UiB at CO2-utsleppa skulle krympast med 89 prosent innan 2030. For å redusere utsleppa frå den største enkeltkjelda til desse utsleppa, flyreisene, stod reisepolicyen sentralt.
Ved inngangen til juni 2021 er det ingen reisepolicy å finne på interne eller eksterne nettsider, personalhandbøker eller andre rettleiingar for tilsette ved UiB.
— Er ikkje 1,5 år litt vel lang tid for å implementere ein reisepolicy?
«Så kom pandemien»
Viserektor for internasjonal relasjonar, Annelin Eriksen, vil helst svare på e-post:
Ho stadfestar at retningslinjene var klare i november 2019, og viser også til debatten same månad og grundig forarbeid.
«Så kom pandemien», skriv Eriksen.
«Vi prioriterte ikke å legge ut en reisepolicy i en tid da vi stengte fullstendig ned. Nå ser nå vi at pandemien har hatt en såpass stor effekt på reisevaner (både på antallet flyreiser, men også jobb-hjem reise, bruk av parkeringsplasser, kollektivtransport etc).
Biologiprofessor Vigdis Vandvik, som både arbeider med klimarelatert forsking og er svært engasjert på vegner av arbeidsplassen, har ei viss forståing for at ting har tatt lang tid under pandemien.
— Men no. No må vi få fyr på tøflan! seier professoren.
— Det er viktig å fortsetje arbeidet med kutt i flyreiser, og det må ha prioritet i UiB-styret. Vi må ta med oss læringspunkta frå koronatida. No når vi opnar opp igjen, burde dette strengt tatt ha vore på plass i går.
Håvard Haarstad er på same linje. Han meiner universitetsleiarane bør trykke på «start» snarast råd. Flyreiser i alle fall innanlands, er raskt på veg tilbake til den gamle normalen.
— Det er viktig at vi som institusjon jobbar for å unngå komme tilbake til det reisenivået vi hadde tidlegare. Vi bør utnytte den situasjonen, eller modusen, vi har akkurat no. Folk er blitt vande med å reise lite eller ingenting seier. Dette er ein situasjon vi har akkurat no, Haarstad.
Professor Kjersti Fløttum, ein av dei som har vore mest engasjert i klimaspørsmål i UiB-styret, er samd med Haarstad.
— Dette er eit veldig godt poeng. Eg er einig i at dette er ein situasjon vi må sørge for utnytte.
UiO: 200 000 møte på Zoom
Alternativet til flyreisene er dei fleste blitt svært godt kjente med i løpet av koronatida. Berre ved Universitetet i Oslo har det sidan stenginga 12. mars 2020 vore gjennomført over 200 000 møte på Zoom, og 1000 webinar med til saman minst 30 000 deltakarar.
Dette i seg sjølv er truleg nok til å stimulere rikeleg med reiselyst for mange. Verken Haarstad, Vandvik eller Fløttum meiner det skal bli slutt på reising. Særleg framhevar dei at dei yngre forskarane sine behov for å bygge nettverk og møte kollegaer nasjonalt internasjonalt.
Samstundes kan reisevanane aldri bli slik dei var før pandemien, ifølgje professorane.
Vi bør utnytte den situasjonen, eller modusen, vi har akkurat no. Folk er blitt vande med å reise lite eller ingenting
Håvard Haarstad, Senter for miljø og klimaomstilling
— Liv og lære må gå i hop. Vi reddar ikkje verda med å legge ned vår aktivitet, men ved å drive ein ansvarleg aktivitet og stille seg oss i front som eit godt eksempel, seier Vandvik.
Ho er tilhengar av ein tillitsbasert reisepolicy, der forskarane sjølve får vurdere kva som er nødvendig i tråd med den akademiske fridomen.
Samstundes åtvarar ho mot å «privatisere» klima- og miljøpolitikken ved å skyve alt ansvar over på kvart enkelt individ, som var ein strategi store oljeselskap brukte på 1970-talet.
— Vi bør han ein streng og ansvarleg reisepolitikk, men dette må bli mainstream, bli like sjølvsagt som å ha vere økonomisk ansvarleg og ha ein forsvarleg HR-politikk.
Og når det skal kuttast i flyreiser, må det kuttast aller mest på leiarnivå og administrativt nivå, meiner Vandvik.
— Vi har jo sett at dei øvste leiarane på universiteta er dei som reiser mest.
Mange av dei same leiarane var blant dei som kategorisk avviste regjeringas forslag til rapportering av klimagassutslepp ved universitet og høgskular. Khrono kunne i april fortelje at 4 av 10 universitet fortsatt står utan oversikt over sine eigne utslepp, fem år etter signeringa av Parisavtalen.
4,5 millionar på miljøkonsulentar
Viserektor Annelin Eriksen skriv, utan å gå inn på tidspunkt, at universitetsleiinga no ønskjer å «gå gjennom reispolicyen i lys av pandemien og de erfaringene vi har fått».
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
UiB har hyra konsulentselskapet Asplan Viak til å ta hand om klima- og miljøarbeid framover. Prislappen på årleg miljørapport/klimarekneskap, rådgiving og «operasjonell bistand i miljø- og klimaarbeidet» er på 4,5 millionar kroner.
Eriksen meiner det er «uklokt å gå tilbake til gamle vaner uten å reflektere over hvordan vi kan ta med oss noen erfaringer fra pandemien», og peikar på at målet må vere å finne ein fornuftig balanse. «Vi må også huske at det er mange, spesielt unge forskere (stipendiater og post docs er vi spesielt bekymret for) som har blitt forsinket i sine prosjekt og som nå vil trenge å gjennomføre feltreiser eller lignende. Vi må respektere at det er behov for å gjennomføre reiser», skriv Eriksen.
Styremedlem Kjersti Fløttum meiner det er liten grunn til å vente.
— Det må stå øvst på sakslista til hausten, seier ho.