Min doktorgrad
Ingen andre har skrive avhandling om dette emnet
Anne Sigrid Refsum har skrive den første avhandlinga som finst om skillingsviser. — Eg er med på å fylla eit gap, seier ho.
— Kva er det du har forska på?
— Eg har levert den første avhandlinga i Noreg om skillingsviser. Stipendiatprosjektet mitt var ein del av eit større prosjekt finansiert av Forskingsrådet: «Skillingsvisene i Norge 1550-1950: Den forsømte kulturarven», med Siv Gøril Brandtzæg som prosjektleiar. Før me byrja visste me lite om kva som faktisk finst i norske arkiv av materiale, og skillingsviser var òg lite forska på. Det er gjort noko i Sverige og noko i Danmark, og sidan slike viser vart skrivne fleire stader i Europa, kan ein òg bruka forsking til dømes frå Storbritannia.
— Korleis jobba du med dette temaet?
— Det me var interesserte i å finna ut noko om, var kva ei skillingsvise faktisk er. For å avgrensa, konsentrerte eg meg om åra 1780—1860. Eg laga eit tekstkorpus med alle skillingsvisene eg fann frå denne perioden. Det var over tusen.
— Så det finst altså ein del skillingsviser som er tekne vare på?
— Ja! Nasjonalbiblioteket har ein god del, og noko av materialet der er digitalisert. Gunnerusbiblioteket her i Trondheim har noko, heile prosjektet byrja eigentleg med at Brandtzæg ville digitalisera og forska på det som finst her. Etter kvart har det dukka opp fleire skillingsviser i ymse arkiv, mellom anna ved Universitetet i Bergen. Totalt sett er det 20.000 skillingsviser som me veit om i norske arkiv — men ein har i lita grad visst at dei låg der.
— Men kva er faktisk ei skillingsvise?
— Felles for alle er jo at dei er trykt i eit skillingstrykk — det gjer dei til ei skillingsvise. Desse trykka var lett tilgjengelege for ålmenta; ein kunne kjøpa dei hos bokhandlarar, men òg hos visekjerringar som selde frå korger, frå kramkarar og frå boder. Når eg ser på innhaldet i skillingsvisene finn eg at eitt fellestrekk er at dei appellerer til det emosjonelle. Det skal vera ei god historie, som ein skal kunne synga sjølv, og teksten skal stå fram som autentisk: Anten skal han skildra noko som har skjedd, eller noko som kunne skjedd. Det er òg slik at nokre tekstar som er henta frå munnleg tradisjon har vorte vidareført til skillingstrykk.
Av og til kjenner eg meg som ein sporhund — eg berre må finna ut meir.
Anne Sigrid Refsum
— Kven var det som skreiv skillingsvisene?
— I hovudsak studentar, som hadde dette som ekstrainntekt. Det var elles trykkarar som skreiv, men dei leigde inn studentar til å jobba for seg. I dei første tiåra med skillingsviser var det kyrkjefolk som skreiv, og det eldste trykket i Noreg, frå 1558, var salmar av Martin Luther — altså reformasjonspropaganda. Det vart trykt skillingsviser fram til 1950, men frå siste halvdel av 1880-talet vart det meir og meir både populærmusikk, rallarviser og politiske viser. Når ein kallar skillingsviser for «triste oldemorsviser», er det gjerne denne perioden ein viser til.
— Eg hugsar ei gamal grandtante som midt på 1980-talet song triste songar med mange vers.
— Ja, ikkje ukjent. Både eg og Siv Gøril Brandtzæg held mykje føredrag, og då kjem det alltid nokon og formidlar minne om slikt.
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Kva synest du var mest krevjande med å ta doktorgrad?
— Eg fekk pandemien midt i fanget. Det førte til at alt eg skulle gjort i utlandet vart avlyst. Eg synest ikkje sjølve skriveprosessen var så vanskeleg, men det skjedde mykje i privatlivet mitt som gjorde at det å vera stipendiat vart ein vanskeleg jobb å ha. Når det skjer andre ting kan det verta vanskeleg å tenka klårt, og når ein forskar må ein heile tida vera på ballen mentalt. Eg tok kanskje ikkje desse utfordringane heilt på alvor, og difor vart eg litt forseinka.
— Men angra du på at du gjekk i gang, då livet skjedde som mest?
— Nei, eg har aldri angra på at eg ville ta doktorgrad, og eg har aldri vurdert å slutta med forsking. Av og til kjenner eg meg som ein sporhund — eg berre må finna ut meir. Rettleiaren min sa at me har til felles at me har indignasjon som forskingsmotor: Eg er drive av at det er eit hol i historia, og no er eg med på å fylla eit gap.
— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?
— No er eg i ulike søknadsprosessar og jobbar med å legga grunnlag for vidare forsking. Eg jobbar òg med annan eldre folkeleg litteratur.