Min doktorgrad

I kriminalomsorga er det mykje ein kan hjelpa med når ein skal tilbakeføra menneske til samfunnet; hus, arbeid og pengar. Men det er eit holrom når det gjeld fritid, seier Mariann Iren Vigdal. Her frå disputasen i Sogndal, saman med førsteopponent, professor emerita Marit Holm.

Gjekk frå leiarposisjon til å skulle læra seg det akademiske handverket

Det er ikkje gjort på 1-2-3 å læra seg det akademiske handverket, seier Mariann Iren Vigdal. Ho har forska på korleis ein kjem seg tilbake til samfunnet etter å ha hatt alvorlege rusproblem.

— Først: Kva har du forska på?

— Eg har forska på korleis menneske som er i ein langvarig recovery-prosess etter eit alvorleg rusproblem har erfart den sosiale endringsprosessen med å bygga vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle.

FAKTA

Mariann Iren Vigdal

  • Har levert avhandlinga «Forteljingar om å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle. Ein kvalitativ studie av langvarige recoveryprosessar etter problematisk rusmiddelbruk»
  • Disputerte ved Høgskulen på Vestlandet 22. august 2024

— Kvifor vart det doktorgrad om dette emnet?

— Eg har jobba mange år i kriminalomsorga og er utdanna klinisk sosionom. I kriminalomsorga er det mykje ein kan hjelpa med når ein skal tilbakeføra menneske til samfunnet; hus, arbeid og pengar. Men det er eit holrom når det gjeld fritid. Det kjende eg på som profesjonell hjelpar. Eg begynte i ei stilling ved høgskulen, eg tok master, og så opna det seg ei moglegheit til å ta doktorgrad innan akkurat det eg lurte på. Då oppdaga eg òg at det er eit kunnskapsgap når det gjeld akkurat dette emnet.

— Korleis har du jobba med denne avhandlinga?

— Eg har intervjua 17 personar der det i snitt var åtte år sidan dei kom tilbake til samfunnet og har lagt bak seg eit anna liv. I tillegg har eg laga ei kunnskapsoppsummering.

— Dersom ein er vaksen og flytter til ein ny stad, kan det vera vanskeleg å finna eit nytt nettverk. Korleis er det for dei som har vore på utsida av samfunnet?

— Relasjonar er viktig for alle. Og det dei seier, er at det er viktig å ha tilgjengelege arenaer der dei ikkje kjenner seg fordømt. Mange av dei seier at dei treng arenaer der dei kan veksa, og der dei òg kan bearbeida det livet dei har hatt, som har vore gjerne med både rus og kriminalitet. Men mange av dei kjenner på ein sosial distanse: «Eg er annleis».

Kva om me i Noreg, inspirert av rusreforma i 2004, hadde ei ny sosial reform, der me sette av øyremerkte millionar til å styrke den sosiale inkluderinga og ivaretaking av menneskerettar?

Mariann Iren Vigdal

— Kjenner dei på at andre snakkar om dei?

— Ja, mange fortel at dei kjenner seg merka. Nokre fortel at dei farga håret, bytta klesstil og var redde for å ikkje verta aksepterte. Det som vert skildra som godt, er å ha ein stad med struktur, til dømes ein jobb. Dei skildrar òg at det er godt å vera som «alle andre»; ha bil, hus og gå på foreldremøte. Nokre av dei eg intervjua fortel at dei har prøvd det meste av fritidsaktivitetar, andre synest det er tryggast å vera saman med andre som har dei same erfaringane som dei sjølve.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva har vore mest krevjande med doktorgradsperioden?

— Det har vore ein bratt læringskurve! Eg vart teken opp like før pandemien, så både kurs og intervju vart sett på vent. Samstundes vil eg seia at eg gjekk frå ei leiarstilling til å berre ha ansvar for mitt eige på heimekontor — det var ei gåve. Men etter å ha vore leiar, og eg er òg ei vaksen dame, kom eg frå ein posisjon der eg er van med å meistra faget til å vera i ein posisjon der eg skulle læra meg det akademiske handverket. Det er ikkje gjort på 1-2-3 å tileigna seg ein slik kunnskap!

— Var det ein fordel å vera vaksen og ha vore i arbeidslivet når du skulle ta doktorgrad?

— Ja, absolutt. Eg var både trygg i å snakka med folk og eg var van til å ha ein struktur i arbeidet mitt. Eg organiserte kvar dag og kom i mål innanfor normert tid.

— Angra du på at du gjekk i gang med doktorgrad?

— Nei, aldri. Det kjem ikkje gratis, men eg er så glad for at eg gjorde det.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg har fått opprykk til førsteamanuensis og meir forskingstid. I tillegg skal eg framleis undervisa både sosionomstudentar og på vidareutdanningsprogram. Eg ønskjer å forska meir innan same emne som eg no har skrive avhandling om: Relasjonar og tilhøyrsle er som medisin, og eg meiner at me treng ei ny reform. Kva om me i Noreg, inspirert av rusreforma i 2004, hadde ei ny sosial reform, der me sette av øyremerkte millionar til å styrke den sosiale inkluderinga og ivaretaking av menneskerettar? Det er eit politisk val! 

Powered by Labrador CMS