nyttårsforsett 2022 ● gunnar yttri

Framifrå i kvardagen

— Mitt ønskje for 2022 er at me styrkar grunnlaget for det nye universitetet: kvardagskvalitet og akademisk fridom, skriv rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri.

Gunnar Yttri (biletet) lovar at både han og Høgskulen på Vestlandet er spenstige, jorda og klare for eit nytt år.
Gunnar Yttri (biletet) lovar at både han og Høgskulen på Vestlandet er spenstige, jorda og klare for eit nytt år.
Publisert Oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Mål om gjennombrotsforsking, «excellence» og verdsleiande fagmiljø motiverer politiske reformer. Saman med fagre ord om akademisk fridom gjer høge mål seg godt i festtalar. Men det er arbeidet vårt i kvardagen som bestemmer kvaliteten på høgare utdanning og forsking. Det er også i kvardagen akademisk fridom må få utfalda seg om me skal oppnå den beste kvaliteten og nå våre mål.

Som rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det lett å vera optimist ved inngangen til eit nytt år. Me har runda 17 500 studentar og har 1800 tilsette. Å byggja det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet gir rik meining. Det gir løft til utdanning, forsking og nyskaping, og til vårt samspel med omgjevnadane.

Fakta

Nyttårsforsett fra Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet

Nyttårsforsett fra Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet

Ledere i akademia presenterer sine nyttårsforsetter i Khrono. Les flere forsetter her:

Dei siste åra har tilsette lagt ned eit omfattande arbeid for å byggja høgskulen vidare til universitet. Slik når me våre mål. Mitt ønskje for 2022 er at me styrkar grunnlaget for det nye universitetet: kvardagskvalitet og akademisk fridom.

Den «sikre» framtida. Rike vasskraftressursar og nærleiken til havet har spelt ei nøkkelrolle i industriell, maritim og økonomisk utvikling av det eksportorienterte Vestlandet. Frå 1970-tallet har olje- og gassindustrien vakse fram og har spela ei stadig viktigare verdiskapande rolle. På 2020-talet står Vestlandet og Noreg framfor eit formidabelt grønt skifte.

HVL sitt store fortrinn i det næringsrike og varierte Vestlandet er ikkje berre at me har utdanning og forsking med høg relevans for samfunnet, men at me har fleire campus med fin geografisk spreiing. Me byggjer dei sterke, i Bergen, i Sogndal, på Stord, i Førde og i Haugesund.

Gode samarbeidsformer og klok digitalisering trumfar geografisk avstand og gir samla styrke. Me utviklar stadig det fleksible og digitaliserte utdanningstilbodet. Våre høge ambisjonar for livslang læring fordrar dette.

Framtida kan likevel verka uviss. Og me får stadig høyra at endringane går snøggare enn nokon sinne. Men for Høgskulen på Vestlandet ligg uansett noko fast, noko me kan halda for rimeleg sikkert. Det er grunnlaget me treng for ei god utvikling av utdanning, forsking og nyskaping.

Me veit at me årleg skal halda fram med å danna og utdanna nær 4 500 kandidatar. Mellom desse finn me over 450 ingeniørar, 250 kandidatar i økonomi og administrasjon, 450 sjukepleiarar, 360 grunnskulelærarar, over 300 barnehagelærarar og over 100 kandidatar frå sosialt arbeid.

Småe og store private verksemder, kommunar, fylke og stat – våre kandidatar går ut i, formar og skapar arbeidslivet. Dette skjer innafor økonomi, næring og teknologi, innanfor helse, velferd og omsorg, innanfor oppvekst, idrett og opplæring, og innanfor natur, kultur og samfunn.

Utgreiingane til Norman-utvalet (demografi) og Brandtzæg-utvalet (næringsliv og samfunnsutvikling) har kvar på sin måte dokumentert og stadfesta den avgjerande rolla desse kandidatane spelar i regional og nasjonal utvikling.

So er det ikkje velskrivne offentlege rapportar som gir den største framtidsvona. Den spring ut av våre studentar. Mange av dei har med seg dette i kvardagen, ein vilje til å læra, ein vilje til å vera på veg, ein vilje å skapa noko nytt og betre, ein vilje til å dela, og ein ungdommeleg hang til å møta dagen, arbeidet og medmenneske med eit ope sinn, og å til å ringa inn det heile med leik og glede.

Me veit at vår verksemd kan spela ei viktig rolle i løysinga av sentrale problemstillingar i vår samtid. Det gjeld berekraft i vid tyding og det gjeld demografiske endringar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Våre utdanningar og vår forsking kan leggja grunnlag for den sunne utviklinga og dei gode omstillingane. Nett difor kan me aldri sleppa målet om å utvikla stadig betre kvalitet i det me driv med.

Spenstig og jorda. Det er arbeidet me legg i utdanning, forsking, nyskaping og samarbeid i kvardagen som gjer den viktige skilnaden for det store talet studentar, for kunnskapsbygginga og for våre samarbeidspartar. Difor er den einskilde tilsette sin flid og arbeidsinnsats i det daglege so viktig og meiningsfull for byggearbeidet. Kvardagskvaliteten definerer det nye universitetet.

Me held fast ved høge mål for forskinga vår våre. Ved inngangen til 2022 har HVL fem doktorgradsprogram. Forskinga vår siktar mot ny innsikt og kunnskapsutvikling for dei profesjonar og det arbeidslivet me utdannar til. Internasjonale nettverk og forskarfellesskap er her viktige både for høg kvalitet i forsking og for å kunna henta inn eksterne forskingsmidlar.

Me veit at vår verksemd kan spela ei viktig rolle i løysinga av sentrale problemstillingar i vår samtid.

Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet

Samstundes vert problemstillingar og prosjekt gjerne utvikla i samarbeid med eksterne regionale samarbeidspartar. Dette gjeld til dei grader for det forskings- og utviklingsarbeidet som skjer i utdanningsprogramma våre. Til hausten tilbyr HVL 36 masterutdanningar og 44 bachelorutdanningar.

Kvart år vert det skrive eit tusentals studentoppgåver under rettleiing av høgskulens vitskaplege tilsette der problemstillingane er henta frå ulike regionale verksemder. Me set høge mål, men me når dei ved å vera tett på samfunnet ikring oss. Me vil vera spenstige og jorda.

På 2000- og 2010-talet har førestillingar om «the entrepreneurial university» og «the engaged university» vorte halde fram som gylne rettesnorer for kva tidsrette universitet bør gjera og vera. Til dette er å seia at entreprenørskap og tilknyting til samfunn, verksemder og folk, er ein del av det kvardagslege og vel integrert i HVL si verksemd.

HVL samarbeider med ein vestlandsregion som husar nærmare 800 000 menneske gjennom to fylke, 51 kommunar og eit hopehav av små og mellomstore verksemder.

— Forskingsbasert kunnskap, vitskaplege metodar og akademisk fridom er vår viktigaste kapital. Det er også grunnlaget for vår høge samfunnsverdi, skriv Gunnar Yttri.
— Forskingsbasert kunnskap, vitskaplege metodar og akademisk fridom er vår viktigaste kapital. Det er også grunnlaget for vår høge samfunnsverdi, skriv Gunnar Yttri.

Samspelet som går føre seg er omfattande og kjem stadig til uttrykk gjennom aktiv deltaking i nær tjue kunnskaps- og næringsklynger på Vestlandet. Fleire døme bør nemnast. Innanfor helse- og sosialfaga har me nær 280 avtalar som sikrar at om lag 4 500 studentar kvart einaste år får praksis i sjukehus, i primærhelsetenesta, i NAV og ved ulike institusjonar.

Lærarutdanningane våre samarbeider med kommunane, me har nær 400 avtalar som årleg sikrar praksisopplæring for nær 3 500 studentar som siktar mot læraryrket. HVL utviklar også praksissamarbeid innafor fagdisiplinar der dette ikkje er vanleg, slik som historie og sosiologi.

Kampen om sanninga og for akademisk fridom. Våren 2022 vil ekspertgruppa for akademisk ytringsfridom leia av Anine Kierulf legga fram sin rapport. Det ser eg fram til. Akademisk fridom og det å vera uavhengig er ein grunnmur for forskingsbasert kunnskap. Det byggjer tillit mellom vitskap og samfunn. Ein slik rapport kan aldri gi oss ein endeleg fasit, men han kan gi fagleg grunnlag og motivasjon og styrke.

Det er sjølve ordskiftet rundt rapporten og det praktiske arbeidet han utløyser rundt omkring i Noreg som er den store meirverdien. Vitskapen må stå opp i kampen om sanninga i ei verd der alternative sanningar, logaritmar og skjulte agendaer lett kan breia om seg.

For det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet som aktar å samarbeida nært og godt med fleire eksterne aktørar, krevst det eit særskilt medvit. Me må ta ansvaret vårt for å styrka det vitskaplege grunnlaget for utdanningane våre, for forskinga vår for og vår formidling. Vårt ønskje om å bidra og å samspela er ramma inn av grunnleggjande akademiske normer.

Me verdset klar og open argumentasjon og undersøkingsmetodikk. Vårt vitskaplege arbeid skal kunna etterprøvast. Utvikling og vedlikehald av prosedyrar for kritikk frå fagfellar og omverda er ein del av vårt ansvar.

Vekslinga mellom teori og praksis er det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet sin store styrke. Men for at det faktisk skal vera slik, krevst eit særleg merksamt arbeid. Tyngda av utdanningane våre vil gi både teoretiske innføringar og søka integrera erfaringar og ferdigheiter frå praksis i det aktuelle arbeidslivet. Tilsvarande vil forskinga vår, basert på vitskaplege metodar og informert av internasjonal forskingsfront, henta problemstillingar frå arbeidsliv og profesjonar.

I vekslinga mellom teori og praksis, må me heile vegen ta ansvaret for det vitskaplege grunnlaget og hegna om vår uavhengige posisjon. Korkje våre forskingsspørsmål, våre vitskapelege metodar eller dei forskingsresultata me finn fram til, kan pregast av ønskje om å vera ein god eller hyggeleg samarbeidspart. På kort sikt kan det vera behageleg. Men det er i strid med vårt samfunnmandat. Og det svekkjer verksemda vår.

Forskingsbasert kunnskap, vitskaplege metodar og akademisk fridom er vår viktigaste kapital. Det er også grunnlaget for vår høge samfunnsverdi.

Les også:

Følg flere debatter i akademia på Khronos meningsside

Powered by Labrador CMS