Sommerselfie med nye rektorer

Gunnar Yttri blei overraska over to ting då han starta som rektor

Etter å ha vore rektor sidan 1. januar er Gunnar Yttri klar for å fortsetje det høge tempoet.

— Eg nytta høvet til å visa fram vår flotte campus på Rommetveit på Stord, fortel rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet.
Publisert Oppdatert

11 statlige universitet og høgskular har fått ny rektor i løpet av 2021. Gunnar Yttri er ein av dei. Han hadde sin første dag som rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) 1. januar, og er no klar for eit nytt semester.

— Kva gjer du i sommar?

— Eg er saman med familie og vener, og nyt sommaren i fulle drag. Eg er i Sogndal og i Bergen, og reiser elles til Hardanger med Lofthus og Rosendal, og legg turen innom Rommetveit og Stord, på veg til Austevoll og Bekkjarvik.

Fakta

Nye rektorer eller i nye åremål i løpet av 2021

Fakta

Gunnar Yttri, rektor ved HVL

  • Alder: 54
  • Kor er du frå?: Sogndal
  • Kva for utdanning har du, og frå kor?: Dr. philos. i historie frå Universitetet i Oslo.
  • Leiarerfaring frå tidligare: Eg har vore tilsett dekan i to periodar ved tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane.

— Det beste barndomsminnet ditt?

— Eg hadde ein bortimot fullkommen barndom, rik på gode minne, ikkje minst på sommarstid. Det typiske var solrike dagar med bading i fjorden avløyst av fotball med kameratar. Men det var ogso slik at eg veldig tidleg hadde arbeid om sommaren, anten det var bærplukking, gardsarbeid eller å arbeida på bensinstasjon. Frå eg var 14 år arbeidde eg kvar sommar i musikkbutikk. Arbeidet er ein del av dei gode sommarminna.

— Om du skal anbefale ei bok, kva for ei blir det?

— Camara Lundestad Joofs «Eg snakkar om det heile tida». Ei lita, men viktig bok som er god å bera med seg både medan du les ho og i dagane som kjem etterpå.

— Kva er den viktigaste utfordringa for universitet og høgskular i dag?

— Den viktigaste utfordringa er dobbel: Korleis auka kvaliteten i forsking og utdanning samstundes som ein tilbyr stadig større del av ungdomskulla eit meiningsfullt spekter av høgare utdanning

— Kva er det viktigaste universitetet ditt eller høgskulen din kjem til å oppnå under leiarskapet ditt dei neste fire åra?

Yttri ved Baroniet i Rosendal

— Me kjem til å spela ei stadig viktigare rolle regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Høgskulen på Vestlandet byggjer og realiserer eit nytt universitet, eit universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Ambisjonen om å verta universitet heng nøye saman med ambisjonen om stadig å verta betre på utdanning, forsking og nyskaping. Me vil utfalda dette på alle våre fem campusar: i Bergen, på Stord, i Haugesund, i Førde og i Sogndal. Det er arbeidet til dei tilsetje i høgskulen som avgjer kvaliteten anten me er høgskule eller universitet. Det å vedlikehalda og utvikla gode arbeidsmiljø vert difor særskilt viktig.

— Du har jo vore rektor ei stund. Korleis har den første perioden vore som rektor?

— Eg hadde den første arbeidsdagen min som rektor 1.1.2021. Det har vore rike dagar; rike på arbeid og rike på samarbeid. Eg søkte rektorstillinga midt under ein pandemi, so eg kan ikkje seia at eg har vorte særleg overraska av ansvarsfulle gjeremål og arbeidsdagar prega av smittevern og digitale verktøy. Men høgt tempo og raske skifte mellom vidt ulike oppgåver, har somtid utfordra eigne krav til kvaliteten på mitt eige arbeid.

— Kva har ikkje vore slik du trudde det skulle bli?

— Eg var godt kjent med HVL på førehand. Det har likevel vore særleg to overraskingar, begge med bakgrunn i at me er ein stor institusjon. Det eine er at eg ikkje var fullt klar over og heilt budd på dei store menneskelege ressursane høgskulen rår over i eigne tilsette og våre studentar. HVL er ei formidabel kraft. Det andre er at eg ikkje hadde fullt oversyn for kor mange og ulike eksterne aktørar, mest i Vestland og Nord-Rogaland, men ogso ellast, som ønskjer nært og tett samspel med Høgskulen på Vestlandet. HVL er særs ettertrakta og våre fem campusar gjer oss både tilgjengelege og relevante.

Powered by Labrador CMS