Min doktorgrad

Kirsti Kverndokk Bjerkan jobbar på eit sjukehus, og det held ho fram med etter å ha levert doktorgrad. Men no får ho høve til å forska meir.

Forska på pasientgruppa ho allereie jobba med

I ein klinisk kvardag har ikkje Kirsti Kverndokk Bjerkan høve til å gå langt inn i store datasett. Men så tok ho doktorgrad.

Publisert Sist oppdatert

— Først: Kva er det du har forska på?

— Eg har brukt deler av data frå ein stor oppfølgingsstudie som vart gjennomført blant personar som hadde teke gastrisk bypassoperasjon i åra 2004—2009 i Helse Midt-Norge. I Bariatric Surgery Observation Study (BAROBS) vart pasientane kalla inn til ein omfattande klinisk kontroll og svara på eit spørjeskjema. Dette var om lag ti til femten år etter operasjonane deira.

FAKTA

Kirsti Kverndokk Bjerkan

  • Har levert avhandlinga «The role of pre- and postoperative patient education a decade after bariatric surgery»
  • Har teke doktorgrad knytt til det felles doktorgradsprogrammet ved Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda, og disputerte ved Høgskulen i Volda 23. september 2024

— Du jobbar allereie med pasientar som har teke ein slik operasjon. Kvifor ville du ta doktorgrad no?

— Dels handlar det om familiesituasjon, barna mine måtte verta store først. Eg har nok kanskje alltid hatt lyst til å ta doktorgrad, men eg måtte ha både eit prosjekt og finansiering. Datainnsamlinga i BAROBS skjedde mellom 2018 og 2020. Det er vanskeleg å få finansiering til stipendiatstilling via helseføretaket. Eg var heldig og vart tipsa om ei stipendiatstilling ved Høgskulen i Volda, så eg søkte der.

— Kva fann du då du såg på data frå alle desse pasientane?

— Oppgåva mi er svært klinisk retta. Me ønska å sjå på skilnader mellom dei som deltok i oppfølgingsgrupper eller ikkje i åra etter operasjonen. I tillegg ønska me å sjekka om dei følgjer råda om livslang bruk av vitamin- og mineraltilskot, og me såg på blodstatus for denne pasientgruppa. Etter ein gastrisk bypassoperasjon vert magesekken gjort mindre og tynntarmen kopla om. Dette saman med hormonelle endringar fører til at pasientane et mindre, og då går vekta ned. På grunn av endringane i magesekk og tarm er pasientane utsette for å utvikla vitamin- og mineralmanglar. Pasientane som gjennomførte ein gastrisk bypassoperasjon fekk tilbod om oppfølging i gruppe i tillegg til individuell poliklinisk oppfølging fem år etter operasjonen. Deretter vart dei overført til fastlege. Eg fann at dei som seier at dei ofte var med i slike oppfølgingsgrupper, har eit betre vektmål enn dei som seier at dei ikkje har delteke så ofte. Når eg såg på vitaminstatusen fann eg at sjølv om 70 prosent seier at dei tek kalsium med vitamin D, har mange av desse pasientane for lite D-vitamin, noko som er viktig for god skjeletthelse. Det var berre 25 prosent som sa at dei ikkje tok noko vitamin- eller mineraltilskot. Men likevel fann me at mange av dei har manglar på fleire B-vitamin.

For meg, som har vore i arbeidslivet i over tjue år, var det eit privilegium å få gå djupt inn i dette.

Kristi Kverndokk Bjerkan

— Kva synest du var mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Det var når eg trudde eg hadde skrive noko bra, men så viste det seg å ikkje vera bra nok, og eg måtte gjera om på det. Å ta doktorgrad er ingen strak veg oppover, men heller ei bølgete sak med få toppar. I tillegg var eg nok ikkje så flink til å ta mentalt fri frå skrivinga — ein kan alltid jobba meir med ei avhandling, sjølv om det er lørdag kveld.

— Angra du på at du gjekk i gang?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Nei. For meg, som har vore i arbeidslivet i over tjue år, var det eit privilegium å få gå djupt inn i dette. Det rekk ein ikkje i klinikk-kvardagen. Ein kan sjølvsagt ha nokre meiningar om korleis ting heng saman, men ein har ikkje tid til å gå inn i stå store mengder data som eg gjorde no.

— Var det ein fordel å ha nettopp ha vore nokre år i arbeidslivet når du gjekk i gang med doktorgrad?

— Ja. Eg hadde eit sterkt ønske om å skriva ei klinisk relevant avhandling, og ser at det var ein fordel å ha jobba med pasientgruppa før. Etter at eg leverte avhandlinga mi er allereie tilrådinga for vitamin- og mineraltilskot for denne pasientgruppa endra på bakgrunn av funna mine.

— Og no er du tilbake i jobb på sjukehuset?

— Det er eg. Eg er tilbake i stillinga eg hadde ved sjukehuset i Ålesund som klinisk ernæringsfysiolog, men eg har òg fått ein forskingsprosent inn i stillinga mi. Pasientar som gjennomførte fedmeoperasjon i åra mellom 2010 og 2015 vert no kalla inn til å delta i BAROBS2-studien, så eg er involvert i det prosjektet.

Powered by Labrador CMS