Debatt roar ulvestad

English with a bee taste

— Kanskje ufrivillig språkhumor av det knusktørre slaget er vår sterkaste akademiske eksportvare?

— Det å skrive og tenke på førstespråket sitt vil vere styrkande for det endelege produktet, det kan det vel ikkje vere tvil om? skriv Roar Ulvestad, som er universitetslektor i norsk ved Universitetet i Bergen.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg har fått med meg at det er ein diskusjon i akademia om bruken av engelsk. Dei som framsnakkar bruken av engelsk, peikar gjerne på internasjonalisering og det å nå ut til både eit større publikum og eit større fagmiljø.

Førsteamanuensis Aksel Mjøs og professor Arnt Ove Hopland ved NHH, skriv i Aftenposten fylgjande:

«Å utsetje forskinga si for internasjonal kritikk og å freiste å publisere den i internasjonale anerkjende tidsskrift burde vere eit sjølvsagt minstekrav for å verte tildelt doktorgrad innan dei aller fleste fagfelt. Vi vågar derfor å påstå at i den grad det er eit problem at 90 prosent av doktoravhandlingar er på engelsk, er problemet at talet ikkje er nærare 100 prosent.»

Ein kan snu det på hovudet, og seie at det er eit problem at meir ikkje er på norsk, og difor ikkje er like lett tilgjengeleg for den norskspråklege lesar. Perspektivet mitt er ikkje forskarperspektivet, men forskingslesaren sitt, det må seiast. Mykje av den forskinga eg les har ikkje dårleg engelsk, men engelsk som andrespråk er og blir epistemologisk B-vare.

Det å skrive og tenke på førstespråket sitt vil vere styrkande for det endelege produktet, det kan det vel ikkje vere tvil om? Eg innbiller meg at forskarar med engelsk som førstespråk humrar godt i skjegget når dei i internasjonale publikasjonar mellom anna les skandinaviske kollokasjonar i engelsk språkdrakt og haltande bruk av idiomar. Kanskje ufrivillig språkhumor av det knusktørre slaget er vår sterkaste akademiske eksportvare?

Mykje av den forskinga eg les har ikkje dårleg engelsk, men engelsk som andrespråk er og blir epistemologisk B-vare.

Roar Ulvestad, universitetslektor i norsk

Mjøs og Hopland skriv at publisering i internasjonale tidsskrift bør vere eit minstekrav for doktorgrad innanfor «dei aller fleste fagfelt». Meinar dei då dei fleste fagfelt på NHH? Det verkar ikkje logisk for fagfelt elles i akademia, der langt frå all forsking er relevant i ein internasjonal kontekst.

Professor Lars Henrik Schmidt åtvarar i «Om universitetets idé» mot det han kallar «broken english», noko som kjenneteiknar det han ser på som eit skandinavisk engelskspråkleg nivå i det akademiske. Han set denne engelskpraksisen i samband med omgrepsparet provinsialisme – omvend provinsialisme.

I det legg eg på den eine sia ei sterk tru på eigen tilstrekkelegheit lokalt, på den andre sida ein overdriven tru på at ein liten aktør kan gjere seg gjeldande i ein internasjonal kontekst.

Om ein legg eit auka press på engelskspråkleg publisering stiller eg meg mange spørsmål, og eg hevdar ikkje at eg har svar på dei. Dei er dermed ikkje retoriske. Det første spørsmålet eg stiller er det om tellekantar versus formidling.

Akademia sitt samfunnsansvar handlar jo ikkje berre om å bli anerkjent av likemenn i eksklusive kretsar av akademikarar som les tekstane til kvarandre. Det handlar òg om å nå ut i det offentlege rommet og styrke ålmenta sitt kunnskapstilfang. Har presset i retning av anglofisering negative konsekvensar for akademia sin folkeopplysingspraksis?

Det andre eg lurer på, når akademia sin kunnskapsøkonomi får eit styrka internasjonalt tilsnitt, er: vil dette styre kva det blir forska på? Eg er engsteleg for at det blir forska mindre på det som har verdi for oss nasjonalt og lokalt, om pengekranen først og fremst vert opna når det vert forska på tema som har internasjonal interesse.

Vil ufri forsking bli endå meir ufri, og vil anglofiseringa vende forskinga endå meir vekk frå dei problem ein slit med innanfor landegrensene? Eg berre spør.

Les flere debattinnlegg på Khronos debattside

Les også:

Powered by Labrador CMS