Språk på Universitet og høgskular

Nesten alle meiner dei er gode i engelsk

Stadig fleire blant dei som underviser i høgare utdanning vurderer sin eigen kompetanse i engelsk som bra eller svært bra.

— Eg vil tippe at veldig mange er gode til å skrive engelsk fordi det å publisere på engelsk er ein del av det å vere forskar i dag. Det munnlege kan nok vere meir variabelt, seier språkforskar og rektor ved Universitetet i Agder, Sunniva Whittaker.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta

Språkbruk i høgare utdanning

  • Ei spørjeundersøking gjort av Respons på oppdrag frå Språkrådet har undersøkt språkbruk i høgare utdanning. Ei liknande undersøking vart gjennomført i 2013.
  • Målet var å få fram kunnskap om kjennskap til språkpolitikken, erfaringar med å undervise på engelsk og korleis dei vurderer sin eigen språkkompetanse m.m.
  • Undersøkinga viser mellom anna at kjennskapen til språklege retningslinjer har gått opp frå 2013 til 2020. Generelt er dei som underviser meir positive i 2020 enn i 2013 til at engelsk blir brukt som undervisningsspråk.
  • 834 personar frå 22 universitet og høgskular deltok i undersøkinga.

Det er Språkrådet som har undersøkt språkbruken til dei som underviser på universitet og høgskular. Den viser at språk generelt er lenger framme i pannebrasken enn før.

Andelen som vurderer sin eigen kompetanse i engelsk som bra eller svært bra har auka signifikant, frå 73 prosent i 2013 — då det vart gjort ei liknande undersøking — til 84 prosent i 2020.

I dag meiner også mange fleire at formidlinga av fagstoffet blir mykje betre med å undervise på engelsk enn på norsk.

Folk flest er best

Sjølv med å ta høgde for at det truleg er fleire engelskspråklege blant dei spurde denne gongen enn i undersøkinga frå 2013, er auken markant: Nesten ein av tre har dette synet, medan berre 8 prosent meinte det same i 2013.

Står sjølvtilliten i stil med dei faktiske engelskkunnskapane?

Språkdirektøren vil ikkje spekulere for mykje i om akademikarane faktisk er så gode i engelsk som dei trur dei er. Ho er likevel ikkje framand for tanken om eit visst sprik mellom realitet og sjølvbilde.

— Vi veit at det er vanskeleg å beherske engelsk som fagspråk. Når vi i undersøkingar har spurt om korleis folk vurderer sin eigen kompetanse i norsk, føler dei fleste at dei er betre enn folk flest. Dei fleste vil nok ha nytte av meir trening både på norsk og engelsk, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, til Khrono.

Ikkje sei hei

Stewart Clark har undervist og hjelpt forskarar med engelsk fagspråk på NTNU, Universitetet i Bergen og Noregs arktiske universitet UiT i 30 år.

— Skandinaviske og norske forskarar og studentar er jamt over mykje betre enn andre nasjonalitetar som ikkje har engelsk som morsmål, seier han.

Men han peikar på at mange møter utfordringar i overgangen frå den meir daglegdagse engelsken til det akademiske språket.

Google Translate er blitt veldig bra. Men det held ikkje når du skal publisere i eit tidsskrift. Då er det ekstremt mange detaljar som må på plass, og der er mange fallgruver.

I starten er det mange som vinglar mellom amerikansk og britisk engelsk, sjølv om dei fleste frå doktorgradsnivå av raskt lærer seg forskjellen, meiner han.

— Det er grunnleggande, skal du publisere i eit britisk eller amerikansk tidsskrift? Då gjeld det å velje rett språk. Er det eit program eller programme du vender deg til?

Rådet hans er å undersøke dei språklege retningslinjene til publikasjonen ein skriv til. Den meir ekstreme versjonen har han nettopp vore borti.

— Eg hjelper for tida doktorgradsstudentar i petroleumsteknologi på NTNU som ønskjer å publisere i tidsskrift. Dersom du klikkar deg inn på Society for Petroleum Engineers, finn du ein style guide på 70 sider. Det er enormt detaljert. Det som står der har ikkje mykje med den kvardagslege engelsken å gjere, seier Clark.

Ein klassikar er også dei første orda i e-posten som skal sendast til den engelske professoren, for eksempel i Cambridge, der Clark sjølv er ifrå. Språk handlar om kultur, og den den utprega uformelle, norske stilen kan fort frontkollidere med meir formelle tradisjonar:

— Eg er blitt fortalt om ein professor i Cambridge som rett og slett berre slettar e-posten om han opnar med «Hi». Prøv heller «Dear Professor».

— Munnleg meir variabelt

Sunniva Whittaker, språkforskar og rektor ved Universitetet i Agder, trur heller ikkje norske akademikarar tar munnen altfor full når dei meiner dei er gode i engelsk. Whittaker har sjølv både norsk og engelsk morsmålsbakgrunn etter oppvekst i Canada.

Om alle er så gode i engelsk som dei sjølv trur, veit ho ikkje. Men ho meiner det er grunn til å tru at nivået på engelsk fagspråk er høgare enn før.

— Eg vil tippe at veldig mange er gode til å skrive engelsk fordi det å publisere på engelsk er ein del av det å vere forskar i dag. Det munnlege kan nok vere meir variabelt, det er ulikt i kva grad ein blir eksponert og må snakke engelsk. Men med den auka internasjonaliseringa brukar mange engelsk i både formelle og uformelle samanhengar i jobben, seier ho.

Ifølgje Språkrådets undersøking opplever undervisarane i større grad enn før at også studentane sin generelle kompetanse i engelsk er blitt betre. Dei vurderer studentane til å vere vesentleg betre til å lytte og forstå engelsk enn til å skrive.

Meir kjennskap til språkpolitikk

— Samstundes meiner 3 av 5 at det faglege utbyttet blir best dersom undervisninga er på norsk. Kanskje er ikkje studentane sin engelskkompetanse ikkje like høg som mange trur den er, seier Åse Wetås.

Språkrådet har siste åra vore sterkt engasjert i det til tider neglisjerte språkarbeidet i akademia. Målet er at utdanningsinstitusjonane brukar og røktar det norske språket i møtet med ei massiv internasjonalisering og press for å bruke engelsk i staden for norsk.

Språkrådets direktør, Åse Wetås, meiner undersøkinga viser at det språklege medvitet er sterkare blant dei som underviser på universitet og høgskular. Foto: Språkrådet

Dei gode nyhenda i den ferske undersøkinga er at fleire enn før på universitet og høgskular truleg har tatt dette ansvaret innover seg.

— Det er absolutt eit sterkare medvit om språk i sektoren, både om norsk og engelsk og forholdet mellom dei. Kjennskapen til språkpolitikken har auka markant, seier Wetås.

I 2013 var berre 1 av 4 klar over at det fanst språkpolitiske retningslinjer på jobben. I 2020 var halvparten av dei spurte klar over dette.

— Det viser at arbeidet har gitt resultat, seier Wetås.

Powered by Labrador CMS