rapport
Universitet og høgskular bryr seg «forbausande» lite om norsk fagspråk
Dei fleste har laga strategiar for språk, men dei blir ikkje brukte, ifølgje ny rapport.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Oppdraget kom frå Kunnskapsdepartementet (KD): Finn ut korleis institusjonane tar vare på ansvaret for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk. Resultatet er nedslåande lesing for dei som håpar at forskings- og utdanningsinstitusjonane bryr seg om å ta vare på norsk språk.
I rapporten frå Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) heiter det mellom annan at «språk manglar i dei overordna strategiane» og at «språkstrategiane berre i liten grad er strategisk viktige for institusjonane». Rett nok har 95 prosent av dei undersøkte universiteta og høgskulane ferdige eller snart ferdige strategiar for språk.
Problemet er at dei tilsynelatande går rett i skuffen.
— Svakt fundert
Dette er, ifølgje Diku, «forbausande, blant anna fordi departementet legg stor vekt på dette i styringssignala».
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
— Strategiane verkar svakt funderte og i liten grad knytte opp mot andre strategiar ved institusjonen. Vi tilrår derfor at universiteta og høgskulane arbeider meir med forankring, seier Ragnhild Tungesvik, avdelingsdirektør i Diku.
Blant dei 25 institusjonane der Diku har fått tilgang til språkpolitiske retningslinjer har berre to institusjonar dokument som utdjupar eller konkretiserer retningslinene/strategiane. Dei to er Høgskulen på Vestlandet og Nord universitet.
Bakteppet for rapporten er den stadig meir dominerande stillinga engelsk har fått i høgare utdanning og forsking, i takt med internasjonaliseringa. Tidlegare denne månaden vedtok Stortinget ei ny språklov, som for første gong slår fast at norsk er nasjonalt hovudspråk i Noreg. Lova skal sikre norsk som samfunnsberande språk, og understrekar ansvaret alle samfunnsektorar har for bidra til dette.
Frå før understrekar universitets- og høyskoleloven at institusjonane har ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk.
I Dikus gjennomgang er det derimot få teikn til at leiarane på norske forskings- og høgare utdanningsinstitusjonar tar det lovpålagte ansvaret på alvor.
Private manglar språkpolitikk
- I 26 av 30 institusjonsstrategiar er fagspråk ikkje nemnt (unntaka er Universitetet i Oslo, NHH, Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda)
- Berre 4 av 30 institusjonar nemner eigne språkpolitiske utval som ansvarlege for implementering og rapportering.
- I undervisninga er det blitt stadig færre norskspråklege emne, både på høgare og lågare grad.
- Eit søk på institusjonane sine nettsider i august 2020 avslørte at ingen private høgskular hadde språkstrategiar eller språkpolitiske retningsliner tilgjengeleg på nett, i motsetnad til dei fleste statlege universiteta og høgskulane.
Språkrådet publiserte hausten 2020 ein rapport med liknande observasjonar:
Trass i at fleirtalet av institusjonar i den seinare tid har vedtatt språkstrategiar, er norsk nærast utradert fleire stader. Til dømes blir ni av ti doktorgradsavhandlingar i dag skrivne på engelsk. Innanfor realfaga blir 99 prosent av forskinga publisert på engelsk.
Asheim: «Mykje godt arbeid»
Språkrådet deltok saman med Universitets- og høgskolerådet og Norsk studentorganisasjon på Dikus digitale arrangement då Diku-rapporten vart presentert tidlegare denne månaden.
— Strategiar er vel og bra, men så lenge dei kviler i ein kontorskuff eller støvar ned i ein avkrok på nettet, så vil dei ikkje verke. Derfor er det avgjerande viktig at strategiane blir følgde opp, sa leiar i Språkrådet, Åse Wetås.
Kunnskapsdepartementet, som bestilte rapporten frå Diku, deltok ikkje på lanseringa av Diku-rapporten.
I ei pressemelding seier forskings- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim, at rapporten er «viktig» og «viser at institusjonane gjer mykje godt arbeid». Han peikar samstundes på at «institusjonane likevel kan sørge for større bevisstheit og betre forankring».
Foreslår insentivordning
Dette er også eitt av råda Diku kjem med på bakgrunn av funna i rapporten.
I tillegg foreslår Diku at det blir oppretta insentivordningar for å sikre arbeidet med norsk fagspråk, med premiering for utvikling av lærmiddel, tidsskrift- og leksikonartiklar på norsk. Eit anna forslag er å lage meritteringsordningar for god (norsk) undervisning.
Khrono tok førre veke kontakt med KD for blant anna få vite korleis rapporten frå Diku skal følgjast opp, men har så langt ikkje fått svar.