Debatt ● marte c.w solheim
Den einsame forskaren
Tida er overmoden for eit falkeblikk på mental helse i akademia, med eit særleg fokus på yngre forskarar som framtida til forskings-Noreg og konsekvensar av koronakrisa.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Den stereotypiske framstillinga av ein forskar er gjerne ein nerd; ein person som hentar energien sin frå å sitje bøygd over ei bok åleine, gjerne omringa av eit hav av permar og bøker. Fleire har gjerne høyrt historier slik som om professoren som skulle gå av med pensjon og då kontoret vart rydda, så fann dei ein sykkel gøymt under alle bøkene.
Kan hende stemmer det at mange forskarar opplev meistring og glede ved å sitje åleine og fokusere, men det er ein vesentleg skilnad mellom det å vere åleine og det å vere einsam.
I løpet av dei siste to åra, har det generelt sett vorte via auka merksemd knytt til mental helse. Mental helse vert sett på som ein større del av folkehelsa enn tidlegare, og forsterka gjennom kriser, slik som koronakrisa. Generelt sett, (og spesifikt: til dømes ei studie som har undersøkt 8 millionar oppringingar til hjelpetelefonar i 19 ulike land), så er det ei merkbar auke i menneske som tek kontakt med hjelpetelefonar (opp 35 prosent frå før pandemi-nivå) då særleg knytt til utryggleik som følgje av koronakrisa.
Fleire av desse som tok kontakt uttrykte redsle for å få korona, einsemd, og også andre utfordringar knytt til livssituasjonen indirekte eller direkte kopla til korona. Mykje var knytt til at ein rett og slett ønskte å ha nokon å snakke med under pandemien.
I akademia ser ein at både for yngre og for dei med lengre fartstid, så har det vore utfordringar knytt til å gjennomføre undervisning, forsking og rettleiing under koronakrisa. Yngre forskarar (og studentar) har fått markante forstyrringar i deira utdanning, og det på eit kritisk punkt i deira karrierar og forskarar har lagt ned meir tid (enn før), men utan sjølvopplevd ønskeleg resultat.
Fleire opplev nemleg mindre meistring og meir stress knytt til at dei ikkje gjer nok, noko som det vert hevda er forverra knytt til dei meir flytande grensene mellom arbeid og heime.
Tida er overmoden for å gjennomgå og kartlegge kva oppfølginga av til dømes stipendiatane har vore gjennom korona-krisa
Marte C.W Solheim, førsteamanuensis og senterleder ved Senter for innovasjonsforsking (UiS)
I ei amerikansk undersøking som vart gjennomført hausten 2020, sa to tredjedelar at dei var «ekstremt» eller «veldig» stressa, versus mindre enn ein tredjedel i 2019. I tillegg, sa meir enn halvparten at dei hadde tvilt på seg sjølve og at dei kjende på frustrasjon knytt til at dei opplevde at dei ikkje klarte å undervise så effektivt som dei hadde tidlegare fått til.
Denne undersøkinga vektlegg også at dette kan få konsekvensar for synet på forskarrolla, der til dømes fleire enn 43 prosent av dei i rekrutteringsstillingar sa at dei seriøst vurderte å endre karriereveg (mot om lag 1/3 av dei i faste stillingar).
Tala frå internasjonale undersøkingar knytt til stipendiatar er heller ikkje oppløftande lesnad, med press for publisering, ved fleire institusjonar også knytt til mobilitet (internasjonal), og dessutan auka førekomst av teikn på depresjon, ulike formar for stress-reaksjonar og symptom knytt til utbrentheit.
Det er betimeleg å spørje seg korleis ser dette ut i akademia i Noreg? Og kva for konsekvensar har det for mental helse blant forskarar som allereie er i det norske systemet, og i høve rekruttering på sikt? Det har i det siste kome fram fleire dømer frå Noreg knytt til det å ta ein doktorgrad i ein pandemi, og korleis det har ført til auka sjukefråvær, og dessutan fokus på stipendiatane som er framtida til forskings-Noreg, må sikrast rett på forlenging og betre oppfølging.
No er eg ingen ekspert på mental helse, men eg har ei. Og eg har kjend på det å skulle motivere seg for struktur og progresjon har vore vanskelegare særleg i år enn det har vore i kvardagen pre-korona. Det å snakke inn i ein svart skjerm (is there anybody out there?), samstundes som ein skal ha progresjon på forskingsfronten, søke etter eksterne forskingsmidlar og rettleie studentar, frå heimekontoret, er ikkje alltid like roseraudt, og ekstra vanskeleg å få til når «alle» er raude på teams.
Eg trekk ikkje dette fram for å syte, forskarar er heldige som får ta djupdykk i tema som (ofte) interesserer dei, men det er også viktig å understreke at der det før det var eit press i akademia, så kan det nok for mange opplevast som at dette presset har vorte forsterka under koronakrisa.
Når vi har forska på innovasjon i krisetider (utanfor akademia), så ser vi at kan opplevast for nokre at produktiviteten har auka, men det fryktar ein at er på kortare sikt. For det som ein har lide under, under koronakrisa, er mangelen på den relasjonelle kapitalen, det at ein møtast rundt kaffimaskina eller på kopi-rommet og slår av ein prat.
Det er ikkje alltid like lett å bygge opp den sosiale kapitalen gjennom teams eller zoom, men ein nyttegjer seg gjerne av den sosiale kapitalen som ein allereie har bygd opp over tid. Ein refleksjon ein kan gjere seg knytt til dette, og med eit blikk inn mot akademia, er om dette kan ha fått sterkare konsekvensar for yngre forskarar som i mange tilfelle kan ha eit meir avgrensa nettverk enn meir etablerte forskarar, og om konsekvensane dette kan ha for utføring av oppgåvene som ein er forventa å levere på.
Dette også knytt til at ein, i krisesituasjonar kan lettare kome i kontakt med menneske ein allereie hadde ein relasjon til før krisa, enn det å skulle etablere heilt nye. Personleg kontakt er viktig for oppleving av meistring og framgang, og for å få attendemelding på sin eigen eksistens. Dermed så er det viktig å anerkjenne at trass i at mange kan like å vere åleine, så er det annleis å kjenne på einsemd.
Det er som Svein Stølen er inne på viktig å forstå effektane av pandemien på forskarane og forskinga, og dette vil krevje systematisk arbeid, slik som vi i teksten «ta forskarens mentale helse på alvor» publisert for snart to år sidan, tok til ordet for; at vi treng ei landsdekkande kartlegging av yngre forskarar si mentale helse, som eventuelt kan samanliknast med studentane si helse - og trivselsundersøking (ShoT), og dessutan at vi treng å få på plass gode system for å vareta mental helse i akademia på universitets og høgskulenivå. Medrekna bør tilbod og tenester vere av ein låg terskel-karakter og dessutan vere godt kjend.
Tida er overmoden for å gjennomgå og kartlegge kva oppfølginga av til dømes stipendiatane har vore gjennom koronakrisa, noko som vil krevje systematisk arbeid og oppfølging og dersom implementert/teke på alvor, utløyse behov for ressursar.
Marte C.W Solheim er medlem i Akademiet for yngre forskarar
Les også:
Følg fleire debattar i akademia på Khronos meiningsside
Nyeste artikler
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Nøttesteik — på godt og vondt
Distriktsløft krever mer enn flere studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut