Høgskulen i Volda

Først fekk han sluttpakke. Så oppretta direktøren ei ny stilling til han

Styret ved Høgskulen i Volda har teke frå høgskuledirektøren økonomiske fullmakter etter at ho først gav ein tilsett ein sluttavtale verd fleire hundretusen kroner — og deretter oppretta ei ny stilling til den same personen.

Biletet viser ein mann og ei kvinne, under eit styremøte. Dei sit ved møtebordet.
Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem vart kritisert i styremøtet.
Publisert Sist oppdatert

I slutten av november 2023 fekk ein administrativt tilsett ved Høgskulen i Volda (HVO) ein sluttavtale: Vedkomande skulle få 200.000 kroner og i tillegg utdanningspermisjon med full løn i halvtanna år frå 1. januar 2024. Dagen etter at utdanningspermisjonsperioden var slutt 1. juli 2025, skulle den tilsette seia opp stillinga si.

Sluttavtalen har vore ukjend for dei fleste ved høgskulen fram til no. 

Som Khrono har skrive før, har sjølv ikkje rektor og styreleiar Odd Helge Mjellem Tonheim fått innsyn i sluttavtalar som er underteikna av høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem. 

Men i eit ekstraordinært styremøte 7. oktober var den aktuelle sluttavtalen vedlagd sakspapira

Der kjem det fram at avtalen er endra — no skal den tilsette koma tilbake til ei nyoppretta stilling som seniorrådgivar etter at studiepermisjonstida er avslutta.

Endra avtale etter styremøte

Styret ved HVO kritiserte i eit ekstraordinært styremøte i september sluttavtalen som høgskuledirektøren hadde inngått med tidlegare studiedirektør ved høgskulen. 

I det møtet vart det snakka om at det skulle vera inngått fleire sluttavtalar, og det vart vist til at det hadde vorte oppdaga at høgskulen framleis betalte ut løn til ein tidlegare tilsett. 

Dette er ein tilsett som direktør tidlegare har informert rektor om at ho har inngått ein sluttavtale med, men at ho ikkje kjem til å orientera om innhaldet i avtalen grunna teieplikt, heitte det i saksframstillinga

Ei knapp veke etter styremøtet, der styret vedtok at det ikkje har tillit til at høgskuledirektøren utøver fullmaktene sine innafor dei rammene som er gitt, var den siste versjonen av sluttavtalen med den administrativt tilsette underteikna.

I avtalen får vedkomande framleis 200.000 kroner og halvtanna år studiepermisjon — og i tillegg ei ny stilling frå 1. juli neste år. 

Rektor: Får økonomiske konsekvensar

Saksframstillinga til styremøtet 7. oktober er skriven av rektor og er svært kritisk til det som er gjort:

«Vilkåra for å inngå ein sluttavtale, jf. Statens personalhåndbok kapitel 2.17, er at ein vurderer å gå til oppseiing eller avskjed. Det er uråd å sjå korleis det å inngå ein avtale om tiltreding i stilling med personar ein har inngått avtale om fråtreding er i høgskulens interesser», heiter det. 

Vidare heiter det at høgskulen er i ein pressa økonomisk situasjon, og at avtalen om å tilsetja denne personen er ein avtale som potensielt sett har økonomiske konsekvensar for høgskulen i mange år.

Eigentleg er det Kunnskapsdepartementet som skal gi klarsignal til at ein kan inngå ein sluttavtale med ein tilsett. Men i tildelingsbreva til universitet og høgskular heiter det at institusjonane sjølve kan innrømma ansvar i saker om erstatning opp til 450.000 kroner.

I september drøfta høgskulestyret i Volda om avtalen som var inngått med tidlegare studiedirektør var i grenseland eller over denne grensa. Om den andre avtalen, som altså vart lagd fram på oktobermøtet, heitte det at ein i samband med budsjettarbeid for 2025 hadde oppdaga at høgskulen betalar løn til ein tidlegare tilsett. Så langt i 2024 var summen over 700.000 kroner, heitte det.

— Eg har forståing for at ein av og til må inngå avtalar med tilsette, òg avtalar som kan kosta pengar. Men det er minst to sider ved denne saka som er problematiske, sa styremedlem Per Halse i møtet i september.

Han peika på storleiken på pengesummen og på at styreleiar ikkje har fått vita om at avtalane er inngått.

Kjenner ikkje til bakgrunnen

Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim ønskjer ikkje å kommentera saka så mykje meir enn det som kjem fram i styrepapira.

— Veit du kva som er bakgrunnen for at det er oppretta ei ny stilling til denne tilsette?

— Nei.

— Har du spurt?

— Nei. Det har ikkje vore nokon dialog om dette.

— Har styret fått oversikt over dei sluttavtalane som er inngått vd HVO no?

— Eg går utifrå at me har oversikt, og då er det berre desse to avtalane som er inngått, seier Tonheim.

Khrono har sendt skriftlege spørsmål til høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem, og mellom anna spurt om kvifor stillinga vart oppretta. Ho har ikkje svara. 

Rektor ønskjer ikkje å utover styresaka kommentera korleis styret reagerte på at det er oppretta ei ny stilling, og vil heller ikkje svara på om styret har vurdert å gjera noko med stillinga, som å trekka henne tilbake. 

Tek frå direktøren mynde

Med bakgrunn i den siste kjende sluttavtalen vedtok styret 7. oktober at det tek frå høgskuledirektøren mynde i fleire saker. 

Det gjeld mellom anna høve til å avgjera saker som forpliktar høgskulen økonomisk eller juridisk utover eitt år, høve til å representera høgskulen i forhandlingar med eksterne partar som bind høgskulen økonomisk og høve til å inngå forlik eller innrømma ansvar — med andre ord inngå mellom anna sluttavtalar.

— Tonheim, har de høve til å ta ifrå direktøren slikt mynde?

— I den nye universitets- og høgskulelova ligg det ikkje direkte inne lovpålagde oppgåver til ein direktør. Sjølv om intensjonen om kva oppgåver ein direktør har følgjer også frå den gamle universitets- og høgskulelova og forarbeida, så gjennomfører direktør oppgåvene sine på delegasjon frå styret, svarar han.

Svar på klagesak i november

Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem vart sagd opp av høgskulestyret i slutten av april. Oppseiingstida hennar går ut 31. oktober. Men ho har klaga på oppseiinga, og saka ligg no hos Kunnskapsdepartementet.

Departementet skriv i ein e-post til Khrono at det har gitt partane beskjed om at dei reknar med å avgjera saka i løpet av november. 

Ein person som er sagd opp har rett til å stå i stilling til saka er avgjort. Det betyr at ein òg har høve til jobba som før fram til saka eventuelt er avgjort i rettssystemet. Men arbeidsgivar har høve til å be retten om ei rettsavgjerd på at ein tilsett ikkje kan jobba medan ein ventar på endeleg avgjersle.

Powered by Labrador CMS