Debatt ● Peder Haug

Professor emeritus: «I dag ville eg ikkje valt å verte lærar»

Etter å ha følgt yrket på avstand som utdannar og forskar gjennom 50 år, ville eg i dag ikkje ha valt å verte lærar, skriv pedagogikknestor Peder Haug.

Sidan alle har gått på skule, er det mange som meiner mykje om kva årsakene er, og kva som skal vere løysinga, skriv Peder Haug. — Mitt bidrag er å peike på to hovudutfordringar: yrket og grunnskulelærarutdanninga.
Publisert Sist oppdatert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Nokre kalla læraryrket det viktigaste i verda. Likevel er rekrutteringa til yrket svak, med store konsekvensar for korleis ein skal skape kompetanse for å møte ei komplisert framtid. 

Sidan alle har gått på skule, er det mange som meiner mykje om kva årsakene er, og kva som skal vere løysinga. Mitt bidrag er å peike på to hovudutfordringar: yrket og grunnskulelærarutdanninga.

Det handlar om korleis læraryrket i praksis er konstruert. Er det å vere lærar å leve med i eit yrkesliv som varer 40 — 50 år? Svaret varierer sjølvsagt, men tendensen er at fleire og fleire svarar negativt. Etter å ha følgt yrket på avstand som utdannar og forskar gjennom 50 år, ville eg i dag ikkje ha valt å verte lærar. 

Innhaldet i utfordringane i yrket er endra mykje, frå å vere folkeoppdragar og kunnskapsformidlar med status og tillit, til å måtte ta ansvaret for manglande foreldrekompetanse, følgjer av sosiale media, behov for psykiatrisk hjelp, redusert kunnskapsnivå, manglande politisk klokskap og mykje meir. 

Elevane reagerer med auka mistrivnad, meir skulk, meir mobbing og mindre motivasjon. Talet på elevar som får diagnosen ADHD har vorte større, det gjeld særleg elevar fødde seint på året. Det skjedde då alderen for skulestart vart seks år. Folkehelseinstituttet forklarer det med at elevane møter ein skule dei ikkje har føresetnader for å fungere i, det skaper symptom som blir kalla ADHD. Det løyser vi med amfetamin. 

I dette mylderet er dei politiske styringssignala nokså eintydig og einsidig krav om betre faglege skuleprestasjonar. Lærarane må løyse desse følgjene av samfunnsutviklinga, noko dei ikkje har kompetanse for, samstundes som dei skal auke dei faglege elevprestasjonar. 

Det er ikkje mogleg å få dette til. 

Likevel er kritikken saftig, og størst frå dei som har ansvaret for utviklinga. Dei har lenge snakka ned både arbeidet i skulen, i yrket og i lærarutdanninga. Å vere aktør i eit slikt system, er ikkje bra for dei som står i det.

Grunnskulelærarutdanninga påverkar rekrutteringa til yrket. Søkinga går kraftig ned, og mange sluttar under vegs. Slik har det vore før også, det går i bølgjer. Utdanninga vart femårig. Når studentane der er mellom dei minst nøgde i heile det norske universitets — og høgskulesystemet, blir fem år lenge. Studentvurderingane av utdanninga er eit signal om at noko ikkje fungerer.

Det har skapt problem som ikkje var utgreidde på førehand, men som må løysast i ettertid. 

Peder Haug

Det er trekk ved utdanninga som skaper uro, og som må løysast. Mykje handlar om overordna spørsmål. I ein artikkel eg skreiv om dette i ei svensk bok frå 2019 var konklusjonen at utdanninga i for liten grad var oppteken av å redusere gapet mellom teori og praksis, ei utfordring som John Dewey peika på for over 100 år sidan. Forklaringa kan vere at reformene er innretta på konsensus og politiske ideal, meir enn på konkret kunnskap om lærarutdanning.

Den 5-årige lærarutdanninga vi fekk i 2017 er den minst offentleg utgreidde lærarutdanninga vi har hatt i moderne tid. Dei førre reformene byggjer på kommisjonsutgreiingar eller klare evalueringar. Denne er lang meir eit produkt av partipolitisk tenking og prioritering, og ikkje av grundige analysar og prioriteringar der fagfolka og brukarane er med. Det har skapt problem som ikkje var utgreidde på førehand, men som må løysast i ettertid. 

Samtidig inneheld planane retoriske høgdepunkt. Eit er at masterutdanning skaper betre lærarar. Forskinga på feltet er ikkje så klar. Utdanninga og praksisen i yrket skal vere forskingsbasert. Ingen har vore mot det. Derimot jublar mange i lærarorganisasjonane og utdanninga. Forskings- og masterorda aukar statusen til både faga, yrket og utdanninga. 

Dilemmaet er, at dersom ein berre skal arbeide forskingsbasert får ein ikkje gjort så mykje. Det meste som skjer i skulen er ikkje forska på. Og den forskinga vi har, gir slett ikkje klare svar på alt. 

Det vil vere klart for ein kvar som har vore i eit klasserom meir enn ein time, at dersom ikkje læraren handlar ut frå eige skjønn basert på erfaringar, (men også forsking) blir det kaos. Difor er praksisopplæringa avgjerande. Ho har ikkje hatt høg prioritet.

Forskingsrettinga påverkar rekrutteringa av personale til lærarutdanninga. Forteljingane frå studentar om mangelen på teori-lærarar med erfaring frå grunnskulen, aukar. Kriteriet for tilsetting er meir og meir vitskapleg kompetanse. Og etter som det vil bli fleire og fleire universitet i landet, aukar forventinga om at tilsette skal ha doktorgrad. 

At det gir eit potensial for akademisering av utdanninga er utvilsamt. Det i kombinasjon med lite praksis gjer framandgjering for læraryrket mogleg, i lærarutdanninga.

Omfanget av skulefaglege tema i utdanninga har auka mest. Mengda praksis og pedagogikk er om lag som det har vore. Det får negative følgjer for den kompetansen som gjeld alle dei «ikkje-faglege» utfordringane lærarane står over for. Studentane som utdannar seg for stega 1—7 får vanlegvis undervisningskompetanse i tre skulefag. Dei med innretting på stega 5—10 får to fag. 

Med det, er den lenge karikerte allmennlæraren gravlagd. 

Peder Haug

Det var ei prioritering som leiinga i Kunnskapsdepartementet gjorde. Dei hadde ikkje særleg tillit til eller sans for det praktiske og pedagogiske. Med det, er den lenge karikerte allmennlæraren gravlagd. 

Allereie for småskulestega innfører ein no faglærarar, eller ein nyttar smale to- og trefaglærarar i dei elleve faga som kan inngå i stega 1—4. Behova for personleg vaksentilknyting og vaksenrelasjonar for dei yngste elevane er sett bort frå. Dei kunne allmennlæraren oppfylle. Det behovet er framleis der, og vart endå større då alderen for skulestart vart seks år.

Samla sett er resultatet ei utdanning som ikkje møter dei enorme utfordringane samfunnsutviklinga har gitt skulen, og med det er den heller ikkje i stand til å oppfylle forventingane om høge faglege prestasjonar. 

Yrket krev pedagogisk, fagleg og praktisk klokskap. Den utfordringa møter ikkje dagens lærarutdanning på ein god nok måte.

Powered by Labrador CMS