Debatt ● Hans Ole Rian, Kari Aslaug Hasle og Karen Brænne
Framsteg for rekruttering til praktiske og estetiske fag
Regjeringa vil gjere det mogleg å kvalifisere seg som lærer utan å ta master. Veldig bra, og veldig fornuftig, meiner vi.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Ein svært viktig veg til utdanning av lærarar i praktiske og estetiske fag har vore fagutdanning på bachelornivå med PPU til slutt. Ifølgje statistikk for høgare utdanning vart 2636 kandidatar utdanna på denne måten i perioden 2020—2022. I fleire år har denne utdanningsvegen har vore truga, og skulepolitikarar meiner dei praktiske og estetiske faga blir B-lag utan masterutdanning som lærarkvalifisering.
Heldigvis har regjeringa snudd i denne saka. I den nye profesjonsmeldinga ønskjer regjeringa å mellombels fjerne dagens masterkrav for å kome inn på praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). PPU er ei eittårig lærarutdanning for dei som har ei anna fullført utdanning å bygge på. Ordninga skal gjelde fram til 2030 for søkjarar som har ei bachelorgrad, og minst to år arbeidserfaring frå skulen.
Kravet om arbeidserfaring frå skulen som grunnlag for opptak er vi usamde i. Frå vårt perspektiv er vi særleg uroa over rekrutteringa til praktiske og estetiske fag i skulen.
Vi ser eit klart behov for styrking av lærarkompetansen i desse faga i grunnskulen, og meiner dei står i ei særstilling i utfordringsbiletet for rekruttering. Reformene i lærarutdanningane dei siste åra har redusert talet på formelt utdanna lærarar i praktiske og estetiske fag. Tidlegare hadde mange allmennlærarar praktiske og estetiske fag som del av si utdanning, men gjennom endringar i grunnskulelærarutdanninga har det blitt utdanna færre lærarar med brei fagkompetanse. Dette har gått særleg ut over praktiske og estetiske fag, og rekruttering av kvalifiserte lærarar i distrikta.
Tal frå SSB viser at snittalderen for lærarar med utdanning i kunst og handverk og musikk går opp, og at delen som manglar kompetanse på sikt blir enno større. Då opptakskravet til PPU allmennfag vart masterutdanning i 2018, fekk kandidatar med bakgrunn i praktiske og estetiske fag unntak i nokre år for å sikre kulturfagleg kompetanse vidare. No ser vi at kompetansebehovet for desse faga i skulen er forsterka etter 2018.
Målet om å sikre eit mangfald av skaparar og utøvarar i barne- og ungdomskulturen føreset sterke fagkulturar. Lærarar i praktiske og estetiske fag har gjerne kombinerte stillingar i skule og kulturskule. Dette er lærarar som er svært kvalifiserte i sine fagområde, og som gjerne er utøvande i eiga verksemd i tillegg. I mange lokalsamfunn er dei nøkkelpersonar i arbeid for at born og unge skal få utvikle seg innan musikk, kunst og handverk, mat og helse, drama og kroppsøving. I den frivillige delen av idrett- og kulturliv tek dei gjerne ansvar som instruktørar, trenarar, kor- og korpsdirigentar.
Praktiske og estetiske fag i skulen er mellom dei undervisningsfaga med færrast fagkompetente lærarar.
Rian, Hasle og Brænne
Både opplæringslova, læreplanen og rammeplanen for kulturskulen framhevar tydinga av samarbeid mellom grunnskule og kulturskule. Her er faglærarar i praktiske og estetiske fag med brei kompetanse avgjerande.
Fråfall frå yrket er ei viktig årsak til mangel på kvalifiserte lærarar. Årsakene er samansette, men lærarar er utsette for personlege nederlag om dei må ta ansvar for undervisningsfag utan fagkompetanse. Praktiske og estetiske fag i skulen er mellom dei undervisningsfaga med færrast fagkompetente lærarar.
Vi kan alle tenke oss korleis det kan vere å undervise i musikk eller kunst og handverk utan å erfare fagleg meistring. Difor er spørsmålet om opptakskrav for praktiske og estetiske fag i PPU også eit spørsmål som gjeld meir samansette utfordringar skulen. Eit viktig steg for styrking av skaparglede for både born og vaksne i heile landet er difor å sikre vidareføring av breitt opptak for praktiske og estetiske fag i PPU-allmennfag ut over 2030.
Vi håper difor at ordninga for praktiske og estetiske fag i PPU vert varig, men utan krav om to års yrkeserfaring.