tilsetjing

Vil ha øyremerkt pott for å få ned mellombels-talet

Magnus Marsdal frå Manifest Tankesmie meiner statsråden må ta tak for å få ned talet på mellombels tilsette forskarar. Han vil ha ein eigen pengepott som kan brukast når tilsette er mellom eksternfinansierte prosjekt.

Det må skje noko frå toppen, seier Magnus Marsdal om talet på mellombelse stillingar i akademia. Han viser til det forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har sagt i saka.
Publisert Oppdatert

— Prosentdelen som har mellombels stilling skal ikkje vera høgare enn i arbeidslivet elles.

Det har forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe tidlegare slege fast i Khrono.

Men førebels er det ikkje slik. Fagforeiningane og institusjonane er ikkje heilt samde, men det offisielle talet for tilsette i mellombels stilling ved norske universitet og høgskular er i alle fall per november 2021 vel 12 prosent. I tillegg tilset fleire av institusjonane fast på eksterne midlar, det som vert kalla fast mellombels stilling.

Triksing med tal, sa dåverande representant for vitskapeleg tilsette i mellombels stilling, Eirik Hovden, då universitetsstyret ved Universitetet i Bergen handsama ei sak om mellombelse stillingar i 2019.

— Saka er på statsråden sitt bord. Det må skje noko ovanfrå.

Vil ha øyremerkt pott

Det seier Magnus Marsdal. Han leiar Manifest Tankesmie, og meiner risikoen må flyttast frå einskildindividet og over på systemet.

— I dag er det kjøpars marknad. Forskarane aksepterer elendige vilkår og institusjonane misbrukar mellombelse stillingar. Eg meiner det er på tide med ein øyremerkt pengepott som gir universiteta insentiv til å sikra dei vitskapeleg tilsette normal tryggheit, seier Marsdal.

Han seier at det må vera ein pott som kjem som øyremerkte midlar frå departementet, og som berre kan brukast til periodar der tilsette som er tilsett på ekstern finansiering står utan eigne prosjektmidlar.

— Potten kan ligga på dei ulike fakulteta, og institutta kan søkja pengar herifrå. Føresetnaden er at den tilsette har fast og trygg stilling, seier Marsdal.

Vil unngå å mista dei beste

Ideen liknar det som vert kalla brufinansiering, altså finansiering mellom budsjett. Dette er ei ordning mellom andre Forskerforbundet har teke til orde for og som òg har vorte nemnd i UiB sin karriereplan for unge forskarar. NTNU diskuterte saka i 2018.

— Marsdal, kor lenge skal ein kunne få pengar frå ein slik pott?

— Dette må sektoren diskutera. Men eg tenkjer at for dei som har i kontraktane sine at dei skal skaffa eigne midlar, kan det til dømes stå at ein kan ha såkalla brufinansiering i maksimalt tolv månader i strekk og at det må gå ein viss periode før forskaren kan få slik finansiering igjen.

Marsdal er oppteken av at pengane som han meiner må koma frå staten, elles vil ordninga gå på kostnad av andre prioriteringar. Er dei ikkje øyremerkte, vil dei lett kunne gå til andre ting, seier han.

— Dette er pengar som skal løysa eit heilt spesifikt, alvorleg problem. Ein skulle tru at det er interessant å halda på den kompetansen ein har brukt mykje ressursar på å bygga opp. Vi risikerer i dag at nokre av dei beste forsvinn. Reint samfunnsøkonomisk er det lite rasjonelt, seier Marsdal.

Ytringsfridom og metoo

Mellomfinansiering var tematisert i rapporten frå 2019, som skulle sjå på korleis ein kan få ned talet på mellombelse forskarar. Der heiter det mellom anna at:

«Dersom brofinansiering mellom to prosjektperioder skal kunne bli en realitet, bør virksomhetene stå friere i tildeling av arbeidsoppgaver enn i prosjektperioden uten at det gir den ansatte utvidede rettigheter til andre stillinger. Det samme må være situasjonen med hensyn til hvem som finansierer perioden mellom oppdragene. Hvis ikke kan risikoen med en slik ordning bli for høy for virksomhetene ved at det blir vanskeligere å dokumentere at det er saklig grunn for oppsigelse».

Marsdal meiner ein bufferpott vil kunne gi institutta insentiv til å gje forskarane reelt faste stillingar, og til å faktisk prøva å finna relevant arbeid nå den eksterne finansieringa er i ferd med å gå ut.

— Dette blir jo pengar instituttet berre kan få tak i på den måten. Dei økonomisk insentiva må spela på lag med ambisjonen om fleire trygge stillingar. I dag er det omvendt.

Han peikar på at misbruk av utrygge tilsetjingar er problematisk både i eit ytringsfridomsperspektiv og eit kjønnsperspektiv:

— Det seier seg sjølv at å vera i mellombels stilling kan leggja ein dempar på å ytra seg kritisk, som er nett det ein forskar skal og må. Dette har òg eit metoo-aspekt: Å kjenne seg utlevert til den overordna si velvilje gir eit dårleg grunnlag for å stå imot maktmisbruk, seier Marsdal.

Hoel: Vil vurdera lova

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel spelar ballen over til institusjonane. Han er sjølv professor, og tilsett ved Høgskulen på Vestlandet.

— I tildelingsbreva for 2022 har Kunnskapsdepartementet gitt tydelege signal om at institusjonane må arbeide målretta for å redusere talet på mellombelse stillingar. Styra bør ha auka merksemd på utviklinga i dei ulike stillingskategoriane, skriv han i ein e-post til Khrono.

Han slår fast:

— Det skal ikkje vera ein høgare del mellombels tilsette i UH-sektoren enn i arbeidslivet elles.

Statssekretæren seier at med utgangspunkt i den årlege rapporteringa til institusjonane vil departementet følgja dette opp i styringsdialogen framover. Han seier òg at i arbeidet med å få ned dei mellombelse tilsettingane vil departementet sjå på alle stillingskategoriar. Då skal ein òg sjå på dei forskarstillingane som ombegrepet «fast mellombels tilsett» i hovudsak omfattar.

— I tillegg vil regjeringa vurdera reglane i UH-lova om mellombelse tilsetjingar.

– Eg trur ikkje forventningane frå departementet er til å ta feil av. Regjeringas klare ambisjon er å redusere dei mellombelse tilsettingane i UH-sektoren, slik at dei kjem ned på eit nivå som kan samanliknast med arbeidslivet elles, seier statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel.

Vil ha systematisk jobbing

— Kva tenkjer departementet om Marsdal sitt forslag?

— Neste veke får me rapporten frå finansieringsutvalet. Dei har gjort ein heilskapleg gjennomgang av finansieringa av universitet og høgskular. Samanhengen mellom rammeløyvinga og prosjektbasert finansiering er eit av spørsmåla som det er naturleg å vurdera når me skal følgja opp forslaga til utvalet, svarar Hoel, og seier at løyvingane institusjonane får i lita grad er øyremerkte.

— Korleis kan ein få dei beste hovuda til å verta verande i akademia?

— Mellombelse stillingar vert gjerne nytta ved tilsetting i eksternfinansierte prosjekt. For å sikra meir stabile arbeidsvilkår for kvar einskild blir det særleg viktig at institusjonane jobbar systematisk med å planlegga bemanninga, mellom anna ved å sjå på andre moglegheiter ved institusjonen når eit prosjekt blir avslutta.

Powered by Labrador CMS