språk

Vil ha bot for brot på språklova. Under fem prosent nynorsk ved fleire universitet

Mange ser ut til å ikkje bry seg om språkleg mangfald, meiner Språkrådet.

— Det er påfallande at det alltid er mindretalsspråket det går utover, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås. Ho ber Kunnskapsdepartementet om å bidra til å få gjort noko med dei «systematiske lovbrota» i sektoren.
Publisert Oppdatert

Språkrådet har i mange samanhengar peikt på det særskilde ansvaret universitet og høgskular har for å ta vare det språklege mangfaldet. Men heller ikkje i år ser dette ut til å ha hatt særleg effekt.

Ikkje ei einaste av dei 31 verksemdene i kunnskapssektoren, som Språkrådet fører tilsyn med, tilfredsstilte i 2022 det lovpålagde kravet om veksling mellom nynorsk og bokmål.

Blant desse er alle universitet og statlege høgskular, og ei rad forvaltningsorgan, som til dømes Forskingsrådet, Sikt (kunnskapssektorens tenesteleverandør) og Dei nasjonale forskingsetiske komiteane.

— Dette er pinleg for sektoren, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

I dei fleste tilfelle er det mindretalsspråket nynorsk som blir marginalisert. Fleire av dei største forskings- og utdanningsinstitusjonane i landet er framleis langt unna å nå det lovpålagde kravet om å bruke minst 25 prosent nynorsk.

— Forstår ikkje alvoret

— Det verkar ikkje som om institusjonane og leiarane forstår kor alvorleg dette er, og kor skadeleg det er for moglegheita til å oppretthalde språkmangfaldet i Noreg. Vi hadde tru på ei positiv utvikling etter innføringa av språklova frå 1. januar 2022, men det har altså ikkje skjedd, seier Wetås.

Fakta

Språkrådets tilsyn

  • Språkrådet fører tilsyn med bruken av bokmål og nynorsk i dokument frå statsorgan i samsvar med lov om språk (språkloven), som tok til å gjelde frå 1.1.2022.
  • Tilsynet kartlegg om statsorgana oppfyller lovkravet om veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument, og om dei har alle skjema og digitale sjølvbeteningsløysingar på både bokmål og nynorsk, slik kravet i lova er.
  • Språkrådet gir også råd til statsorgana om korleis dei kan etterleve språklova.
  • Språkrådet bruker det digitale verktøyet Målfrid til å analysere tekstane som statsorgana har laga og publisert på nett for eksterne brukarar. Informasjon om bruk av bokmål og nynorsk i sosiale medium og skjema er basert på eigenrapportering.

Ho legg til at praksisen er med på å undergrave dei språklege rettane til tusenvis av studentar.

Språkrådet ber no om eit møte med leiinga i Kunnskapsdepartementet for å «drøfte korleis det kan bli slutt på dei systematiske brota på språklova i denne sektoren».

I tillegg vil Språkrådet ha innføring av straffetiltak opp til vurdering. Brot på språklova har i dag ingen juridiske konsekvensar.

— Vi synest det er sørgeleg at ein stat må sanksjonere mot seg sjølv. Lova i seg sjølv burde vere eit kraftig nok verkemiddel. Men vi ser ikkje at den nye språklova har ført til positiv endring. Dette handlar om meir enn at institusjonane lar vere å bruke nynorsk. Dei gjer det vanskelegare å halde på hovudmålsetjinga i den norske språkpolitikken om at norsk skal vere samfunnsberande språk, i og med at nynorsk er ein del av det norske språket.

Wetås viser til at brot på lovkravet om universell utforming kan føre til dagbøter. Ho ønsker å diskutere ein liknande modell for brot på språklova.

Ifølgje språklova er bokmål og nynorsk «likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet», og «i offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk».

Manglande vilje

NTNU, Noregs største universitet, hadde berre 4 prosent nynorsk på hovudnettsida, ntnu.no, i fjor. Universitetet har campusar i Trøndelag, Møre og Romsdal og Innlandet.

«NTNU sentralt ser ikkje ut til å få retning på språkarbeidet», skriv Språkrådet, og vidare: «Universitetet bryt lova og let tilsynelatande medvite vere å oppfylle dei språklege rettane som studentar og tilsette har».

På Universitetet i Oslo sine hovudnettsider var nynorskprosenten oppe i 13,9 prosent. Men ingen fakultet nådde over 10 prosent, og dei fleste var under 5. Lågast låg Det medisinske fakultetet, der berre 1,8 prosent av tekstane var på nynorsk i fjor. Det samfunnsvitskapelege fakultetet kunne skilte med 3,2.

OsloMet hadde 95 prosent bokmål på nettsidene og litt mindre på Facebook og Twitter.

Ved Noregs miljø- og biovitskapelege høgskole (NMBU) er det blitt meir nynorsk på nettsidene sidan i fjor, med ein oppgang frå 3,8 til 8,8 prosent. Men samla brukar universitet berre 5 prosent nynorsk. NMBU får kritikk for retningslaust språkarbeid, og manglande vilje og initiativ. «Vi ser alvorleg på at de år etter år vel å ikkje ta innspela våre til følgje», skriv Språkrådet i brev til universitetet.

Språkrådet peikar også på Nord universitet, Universitetet i Søraust-Noreg og Høgskulen i Innlandet som døme på verksemder der språkarbeidet står i stampe.

1,7 prosent nynorsk

Botnplasseringa i Språkrådets statistikk høyrer i år til Arkitektur og designhøgskolen. Der var nynorskdelen i 2022 nede i 1,7 prosent.

Det talet skal opp til neste år, lovar Irene Alma Lønne, som tok over som rektor i august i fjor.

— Eg innrømmer at dette er skikkeleg dårleg, seier ho.

Lønne seier at ho ikkje var klar over at nynorsk nesten ikkje blir brukt ved høgskulen, og at dette i tillegg til å vere i strid med språklova, ikkje samsvarer med deira eigen politikk.

Rektor Irene Lønne seier Arkitekt- og designhøgskolen har vore «skikkeleg dårleg» til å følgje opp lovkrava om veksling mellom bokmål og nynorsk.

Rektoren seier ho ønsker at vekslinga mellom nynorsk og bokmål skal vere del av mangfaldsarbeidet.

— I dag har vi særleg mange studentar frå Oslo-området, men vi ønsker å trekke til oss studentar frå heile Noreg. Vi er opptatt av at alle skal vere inkluderte, også språkleg. Vår politikk er at språket her er norsk, både bokmål og nynorsk, seier ho.

— Det kan nok kjennast ekskluderande for ein del internasjonalt tilsette og studentar, men dette er noko vi held fast ved, legg rektoren til.

Khrono kjem attende med ei ny sak der fleire av dei andre utdanningsstadene svarer på kritikken frå Språkrådet.

KHiO: «Stabil nynorskprosent»

Ein annan kreativ høgskule plassert i Oslo klatrar i den andre enden av skalaen:

Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) «er blant dei høgskolane i landet som viser størst vilje til å etterleve språklova», er beskjeden frå Språkrådet.

Rett nok når heller ikkje KHiO opp til kravet om 25 prosent bruk av mindretalsspråket, men høgskulen får likevel ros for å ha hatt ein stabil nynorskprosent på mellom 15 og 20 prosent i fleire år på rad. På KHiOs Facebook-side var 27 prosent av innhaldet på nynorsk i fjor.

I område der nynorsk står sterkare enn bokmål har utdanningsinstitusjonane lykkast med å representere mindretalsspråket. Både Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda «lykkast med god balanse mellom dei to skriftspråka», ifølgje Språkrådet. Men fordi dei ikkje har gjort alle skjema tilgjengelege på begge skriftspråk, tilfredsstiller heller ikkje dei alle krav i lova.

Ingen andre utdanningsinstitusjonar i hovudstaden brukar meir nynorsk enn Kunsthøgskolen i Oslo.

Skryt for godt språkarbeid får også Lånekassen.

— Dette dreier seg om å ha og skaffe seg den kompetansen ein treng for å få det til. Det er faktisk ikkje vanskelegare enn det. Eg tviler på at institusjonane ville ha droppa å innhente kompetanse i for eksempel rekneskapsføring, dersom det var det dei mangla, seier Åse Wetås.

— Har du forståing for at det kan vere vanskeleg å prioritere nynorsk i ein travel universitetskvardag — NTNU har tidlegare forklart den låge innsatsen med mangel på tid?

— Nei, det har eg ikkje forståing for. Dersom dei synest det er vanskeleg å prioritere norsk, som dei har eit lovpålagt ansvar for å bruke, er det påfallande at det alltid er mindretalsspråket det går utover.

Powered by Labrador CMS